Då kommunedirektør Anne Berit Berge Ims under overskrifta ansvar og handlekraft la fram sitt forslag til budsjett for neste år og handlings- og økonomiplan for dei kommande fire åra, hadde ho dårlege nyheiter: Det økonomiske handlingsrommet er redusert med 45 millionar kroner.
– I år er det mange ytre faktorar som treff oss hardt økonomisk. Det meste av dette har me ikkje påverknad på, uttalte kommunedirektøren i ei pressemelding sendt ut i samband med framlegginga.
Mindre inntekter
Dei ytre faktorane kan grovt sett delast i tre:
- Går regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett gjennom, mister kommunen vertskommunetilskotet han har hatt sidan 1990-talet. Det er pengar kommunen har fått årleg for å busetta tidlegare bebuarar frå den nedlagde Nærlandsheimen, som fram til tidleg 1990-tal var ein sentral institusjon for psykisk utviklingshemma. Forsvinn tilskotet, forsvinn òg 15 millionar kroner frå kommunekassa i Hå.
- Hå får òg reduserte tilskot fordi færre flyktningar blir busette her. I tillegg blir det ordinære asylmottaket på Nærland lagt ned frå nyttår. Dermed forsvinn rundt 15 millionar kroner av inntektene kommunen har fått frå staten, blant anna i form av integreringstilskot.
- Den siste tredelen handlar om fleire ting. Den eine er at høgare rente aukar kommunen sine renteutgifter med 6 millionar kroner. Den andre er at befolkningsveksten er lågare enn venta. Det gjer at kommunen sine inntekter frå staten blir redusert med 7 millionar kroner.
Stikk til regjeringa
Under presentasjonen tysdag fortalde kommunedirektøren at særleg kuttet i vertskommunetilskotet kom brått på, utan forvarsel. Kommunen, sa ho, hadde planlagt for nedtrapping, men ikkje at tilskotet kom til å bli fjerna heilt.
Utan forvarsel om at tilskotet kom til å forsvinna, telde kommunen ikkje desse gjenbuarane frå Nærlandsheimen med i oversikten sin over psykisk utviklingshemma innbyggarar. Dermed fekk dei heller ikkje ordinært tilskot for desse innbyggarane, som gjerne fordrar litt ekstra ressursbruk.
Ims fortalde at fjerninga av tilskotet kom brått på fleire av dei 28 kommunane som får det. Ordføraren i Hamar, til dømes, visste ingenting før ein journalist frå Kommunal Rapport ringde han for å spørja om det.
Ved å fjerna tilskotsordninga sparar regjeringa 219 millionar kroner. Kommuedirektør Ims sa til dei frammøtte at kommunane er avhengige av føreseielegheit.
– Det er ganske spesielt å fjerna 219 millionar kroner frå kommunane med verknad om to månadar, sa Ims.
Kommunen har òg fått monaleg høgare utgifter til lønn og pensjon, blant anna som følge av sentrale forhandlingar.
Det store tapet i inntekter betyr kutt i drifta.
Kraftige kutt i oppvekst og kultur
I oppvekst og kultur må dei spara kraftig. I løpet av planperioden skal dei, ifølge kommunedirektøren sin plan, kutta 26 årsverk. Enkelte tilbod vil bli avvikla, andre endra med medfølgande endringar i ressursbruken.
Kommunedirektøren varslar reduksjonar i mellom anna administrasjon og spesialpedagogiske ressursar i barnehage, reduksjon i bruk av flyktningmidlar, færre stillingar i PPT, reduksjon i Alle med i Hå og redusert bemanning knytt til mottaksarbeid.
ATO-avdelinga ved Bø skule skal tilpassast lågare elevtal, og innan kultur blir aktivitet og drift tilpassa eit strammare økonomisk handlingsrom.
På same tid er det enkelte andre utgifter innan same tenesteområde som aukar.
Blant anna aukar tilskotet til private barnehagar med om lag 4,5 millionar kroner, kommunal kontantstøtte med om lag 1,5 millionar kroner, og det er behov for 3,7 millionar kroner til individuelt tilrettelagd opplæring for elevar i private skular og elevar frå Hå som går på skule i andre kommunar.
– Må ta grep nå
Innafor helse og velferd varslar kommunedirektøren «fornying, forenkling og effektivisering» i alle avdelingar.
I tenesteområdet stab og støtte vil kommunedirektøren kutta budsjettet med 1,2 millionar kroner årleg.
Kyrkja, som kommunen òg har ansvar for, får ikkje auka tilskot.
– Dersom me ikkje gjer grepa nå, får det større konsekvensar for åra framover, seier Ims i pressemeldinga.
Ims trekker fram at Hå er kjend for god økonomistyring og har blitt kåra til den sjuande best styrte kommunen i Norge. Det, meiner ho, gjev eit godt utgangspunkt for å gjennomføra dei endringane som er nødvendige.
Vil skjerma skulen
Sjølv om det blir innsparingar i drifta, føreslår kommunedirektøren å skjerma skulane. Trass i at dei ventar ein nedgang i talet på elevar, ønsker ho ikkje å kutta i talet på tilsette. Eit planlagt nedtrekk i individuelt tilrettelagt opplæring (ITO) kjem heller ikkje til å bli gjennomført i denne omgang.
Om behovet for ITO blir vidare redusert, er tanken å nytta ressursane som blir frigjort på å styrka miljøet rundt elevane.
– Målet er at fleire elevar skal få behova sine møtte innafor det ordinære skuletilbodet, heiter det i pressemeldinga.
Sjukefråværet i kommunen har begynt å auka igjen. Kommunedirektøren vil tilsetta ein eigen person som i eit to års pilotprosjekt skal jobba målretta med å redusera sjukefråværet, til dømes gjennom fokus på kosthald eller livsstil.
– Nå handlar det om å finna rett person, om de då vel å gå for dette, sa Ims.
700 nye bustadar
For å prøva å få fart på kommuneøkonomien, vil kommunedirektøren satsa hardt på å lokka fleire bedrifter og innbyggarar til Hå.
– Kommunen planlegg og utviklar for om lag 700 boenheter i Hå kommune i tida framover, og fleire prosjekt er under planlegging både nord og sør i kommunen. Dette kan utgjera om lag 1500 nye innbyggarar, seier Ims i pressemeldinga.
Dette er tiltak som skal motverka nedbremsinga i befolkningsveksten.
Fleire av desse utbyggingsprosjekta, som Storægrå og Sylvlia på Nærbø, seniorbufellesskap på Nærbø og Varhaug, Stokkalandsmarka utanfor Vigrestad, Statoiltomta på Varhaug og fleire andre, er tidlegare omtalt i Jærbladet.
Til saman blir det lagt til rette for rundt 700 nye bueiningar, som kan gi rom til 1.500 nye innbyggarar.
– Me treng dette og me gjer noko med det, sa kommunedirektør Ims då ho la fram forslaget sitt til budsjett og handlings- og økonomiplan for ein stappfull kommunestyresal.
Ims la òg vekt på satsinga på Torvundparken på Nærbø og sentrumsutviklinga på Varhaug.
– Me satsar mykje på bustad og sentrumsutvikling, slo kommunedirektøren fast.
Store investeringar
I framlegget til handlings- og økonomiplan legg kommunedirektøren opp til fleire store investeringar i åra som kjem:
- Bygging av ny skule på Vigrestad skule. Skulen er nå venta å kosta 460 millionar kroner. Planen er at han skal stå ferdig i 2031
- Riving av fire mindre barnehagar og bygging av ein ny stor barnehage på Nærbø
- Riving av to mindre barnehagar og bygging av ein ny stor barnehage på Varhaug
- Renovering av det gamle rådhuset i Jadarvegen på Nærbø
Når det gjeld riving av gamle barnehagar og bygging av nye, er dette i tråd med tilrådingane i barnehagebruksplanen. Det er likevel langt fram til det eventuelt skjer.
Førebels er det berre sett av pengar til planleggingsmiddel: 2 millionar kroner til Nærbø neste år og 1,5 millionar kroner til Varhaug i 2029.
I forslaget sitt til budsjett og handlings- og økonomiplan legg kommunedirektøren opp til mindre låneopptak og litt mindre investeringar enn opphavleg tenkt.
Likevel er det venta at netto driftsresultat i 2030, siste år i planen, vil vera nede på 0,5 prosent. Disposisjonsfondet vil vera på 13,8 prosent, medan kommunen sin gjeldsgrad vil ha auka til 78 prosent.
Ba politikarane vurdera Vigrestad-vent
Under framlegginga tysdag sette kommunedirektøren investeringa i nye barnehagar på Nærbø og Varhaug opp mot den planlagte skulen på Vigrestad.
– Som kommunedirektør er det jobben min å legga fram så gode råd som mogleg, og så er det de folkevalde som bestemmer. Mitt råd til dykk er at de ser nærare på om de har råd til å bygga skulen i denne perioden. Han ligg inne i planen, men gjennom barnehagebruksplanen viser me at det er driftsmessig lønnsamt å riva dei gamle barnehagane og bygga to nye. Førebels ligg det berre planleggingsmiddel inne til dette, sa Ims.
Det er politikarane som til slutt vedtar det endelege budsjettet. Det skal dei etter planen gjera i kommunestyremøtet 17. desember.