Malle klipper i ein rasande fart. Ho har ein motordriven også, men den gjekk nettopp til pieces, så nå gjer ho det like godt for eigen maskin. Ho fer opp og ned i ein fei, og så er ho klar for nye oppgåver.
Eigedommen er på to mål, og han gjer som han vil. Her helsar greinene på epletreet på besøkande nede ved porten, dei største liljene er oppe og nikkar med verdas høgaste mann.
Staudane står tett i tett, somme stader så tett at dei dekker alle keramikkfigurane Malle har spreidd rundt i hagen. Dei kjem til syne som overraskingar om hausten.
Overflod, heiter det fargesprakande trikset – det bognar over med vilje.
– Det er så bra, eg skal ha det tett! For då kjem det ikkje ugras! Så då er det berre for meg å klippa graset og buskane.
Dottera fann huset
Det er snart fire år sidan Malle kjøpte eigedommen i Bogsdalen, ein kilometer inn i landet frå Ognasanden.
Huset ligg i ei trekledd skråning, med tilkomstveg gjennom eit stort grus- og sandtak som forvirrar førstegongsbesøkande.
Langs same grussti ligg ei handfull bustader, som mest blir brukte som hytter. I enden ligg Bogsdalen gard, der to gode naboar – Aleksander Brimsø Systad og Johanna Johansson Systad – flytta inn våren 2022, eit par årstider før Malle.
Det var dottera hennar som gjorde henne merksam på eigedommen. Ho ringde frå Bergen, og sa at ho hadde funne det perfekte huset for mora, som då budde i leilegheit ved gamle Roxmann i Sirevåg.
Balkongen på femti kvadratmeter var proppfull av potter. Eksperimentet hennar – å leva utan hage – var gått skeis.
Kjøpte av jordprofessor
– Nei, eg ville ha hage, og så ville eg ikkje bu så tett. Det fekk eg her. Eg hamna visst i øydemarka. Hei kor det går!
Ho slo til og kjøpte småbruket til jordprofessor Dag Jørund Lønning, som saman med kona har bygt opp fleire småbruk.
Rektoren ved Høgskulen for grøn utvikling på Bryne skulle overta eit nytt, på Stord, ikkje langt unna heimegarden hans.
Lønning innrømte til Jærbladet at det var vemodig å gje slepp på plassen dei hadde brukt tolv år på.
– Der har me bygd alt opp frå starten av, utelukkande med naturlege metodar. No er det ein veldig flor. Det er synd å selja, men sånn er det.
Stor oppussingsjobb
Malle har heller ikkje lege på latsida, korkje inne eller ute, og meiner klart at både hus og hage er i betre stand enn då ho overtok.
– Eg har brukt masse pengar. Både inne og ute, men mest inne!
Der har ho tatt alle overflater, vegger og golv. Badet og heile ytterveggen mot hagen, måtte skiftast. I staden for å erstatta verandaen, som då måtte ned, valde ho å utvida stova.
I hagen har ho lagt ned trestokkar og telefonstolpar til å avgrensa beda med. Ho har laga blomstrande bogar, laga trapp og grove fleire nye stiar. Utanfor inngangspartiet har ho lagt skiferdekke der det tidlegare var plen.
Ho blir stadig overraska over å finna nye artar i hagen. Med Jærbladet på slep, finn ho ei uvanleg lilla rosa under liljene ved mandeltreet.
Det meste av planter fanst der frå før, men Malle har òg tilført nokre tre og buskar, i tillegg til å spreia frø og ta avleggarar.
Utan stoppknapp
Malle fortel at ho er litt irritert på dei vaksne ungane, fordi dei veit korleis ho er: Når ho først begynner på noko, og ser korleis det kan bli, har ho ingen stoppknapp.
– Eg får ikkje fred i sjela før eg har fått det sånn eg skal ha det. Eg kan stå på i tolv timar, og så skjønner eg ikkje kor dagen er blitt av.
Derfor hadde ho bestemt seg for ikkje å gå laus på nok eit stort hus- og hageprosjekt. Det hadde ho nemleg gjort fleire gonger tidlegare – éin gong med eit småbruk på Sørlandet, med eit hus frå 1760, som ho eigde i 22 år.
Ho har sagt til ungane at dei må spenna beina under henne, neste gong skal i gang med eit nytt oppussingsprosjekt.
Det fortel ho som er meir eller mindre i mål på Ogna, etter snart fire år, og som har begynt jakta etter eit nytt.
– Og det er eigentleg denne sommaren at det er blitt slik du har sett føre deg?
– Ja, du kan vel seia det sånn.
Nærmare familien
Dottera hennar har flytta ned frå Bergen, og er nesten blitt nabo med sonen i Tananger. Til saman har dei tre gutar og to jenter mellom fem og tretten år, som er ein time unna i bil.
Barnebarna stortrivest med å besøka bestemor, og ser godt korleis ho trivest i hagen, men det er som regel ho som må dra nordover.
Mens ho snakkar om kva som skal til for å få henne til å flytta frå Ogna, fortel ho om planar å kjøpa tre høner denne sommaren. Ho vurderer å flytta nærmare familien, men ikkje for ein kvar pris.
– Eg har veldig lyst på eit gammalt hus, kanskje eit i jærhusstil. Og det må vera hage, viss ikkje døyr eg, ler Malle.