Mange hundre barn var samla i aktivitetsparken: – Ein folkefest
Søndag ettermiddag gav ordentleg sommarstemning då Voll Idrettslag, saman med Klepp kommune og Jæren Sparebank, for andre år på rad inviterte til barneløp på Kleppe.
Grete og Benjamin Storm Ueland etter målgang.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
– Me er veldig fornøgde, og me fekk akkurat det me håpa på. Det er ein folkefest, nesten festivalstemning, med sol og mykje ungar, seier Ingvar Kjøllesdal, dagleg leiar i Voll Idrettslag.
Kjøllesdal hastar mellom kiosken og målområdet – som både seljar av snacks og som motiverande tilskodar på sidelinja i målområdet.
Dei yngste ungane, mellom 0 og 3 år, ventar spent på startskotet.
Musikken ljomar over høgtalaranlegget, saman med ein dedikert speaker, Tore Kåstad.
«Det går veldig, veldig, veldig, veldig fort! Alle må vere med på bølgja når dei kjem inn i målområdet», oppfordrar han publikum.
Frå klokka 15 sprang over 400 påmelde ungar mellom null år og sjuande klasse løp rundt parken, etter alderstrinn. Ifølgje Kjøllesdal har også fleire som ikkje var påmelde, dukka opp på dagen.
– Det er veldig kjekt å sjå at det kjem mykje folk!
Alfred og Bastian Kverneland er med på arrangementet for første gong.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Det var eit yrande folkeliv, og heile parken var i bruk – alt ifrå leikeapparat og fontene, til skatepark og padelbane.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Jesper Schea Vølstad, Krister Vølstad, Julia Schea og Isak Schea Vølstad har tatt turen frå Bryne. – Eit kjekt initiativ, samanfattar dei.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Lisa Skogsmark Eriksen har med seg sonen Gjermund Skogsmark. Han har no sprunge sitt første løp i livet. – Han såg litt forskrekka ut på grunn av dei mange folka, men eg trur han syntest det var gøy.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Alfred og Alfie Scriven.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Alfie viser stolt fram medaljen sin.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Johannes, Emma, Vidar, Malin og Henriette Soma Fjogstad har tatt seg ein pust i bakken på plenen, i likskap med fleire andre barnefamiliar.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Gry Eileen Grude og Hanna Voll Kjøllesdal har fått æra av å dele ut medaljane. – Det er ein herleg gjeng som kjem i mål, det er veldig koseleg, seier dei.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Styreleiar i Voll IL, Espen Horpestad, står travelt opptatt i kiosken.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Sukkerspinn var populært og genererte lang kø.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Heldige barnehender får heilt ferskt sukkerspinn av Andrea Bjørkavoll-Bergseth.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Speaker Tore Kåstad engasjerte publikum.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Even Bore Nygård og Mathilde Bore Borsheim.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Ingvar Kjøllesdal, dagleg leiar i Voll IL, er storfornøgd med dagen.
Hermine Hagen og Pranee Hagen.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Mykje publikum stod klare for å heie fram dei unge løparane.
Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim