Ved 18-tida måndag kveld stoppa politiet ein mannleg bilførar i 40-åra på Øksnavadvegen i Klepp.
– Han er meld for køyring utan gyldig førarkort. I samband med kontrollen, viste han fram falsk ID, så då er han er meld for dette, også, seier politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.
Alt peikar dermed i retning av at mannen vil få ei større bot enn om han berre hadde blitt teken for å køyra utan gyldig førarkort, som vanlegvis blir straffa med ei bot på 8000 kroner dersom det er første gongen det skjer, og deretter gradvis høgare straffer dersom det gjentek seg.
Politiet var måndag også ute på eit mindre trafikkuhell på Klepp Stasjon. Det var snakk om at den eine parten hadde stukke av frå kollisjonen mellom to køyretøy ved 15:30-tida, men det viste seg at kontaktinformasjon var delt, slik det skal gjerast. Dermed blei det ikkje noko politisak.