For 23-åringen frå Nærbø går eit skilje i livet – mellom det som var før Oslo Pride og det som kom etter.
Grunn?
– Eg har aldri følt meg så akseptert, som då eg gjekk der.
Det regner. Sommaren er i ferd med å bli eit strålande minne. Maren Lindal tar imot i verkstaden på Vigrestad Betong, der ho jobbar.
Frå før er bondedottera tømrar, men nyleg tok ho sitt andre fagbrev – i betongarbeid.
På fabrikken i Stokkalandsmarka står ho denne dagen og skrur saman forskalingskasser.
Ho verkar glad.
Kristen og skeiv
Jærbladet møtte Lindal på forsommaren òg, rett før Jæren Pride, for å snakka om korleis det har vore for ei kristen jente frå Jæren å stå fram som skeiv.
Like før hadde ho skrive om Pride på Facebook og Instagram. På TikTok hadde ho stått fram tre år tidlegare.
Mest, sa ho, for å hjelpa andre som var endå reddare enn ho sjølv for å gjera det.
– Eg tenker at viss ein er redd for noko, så skal ein gjera det, seier ho.
– Eg er heldig, eg har hatt det greitt etter å ha kome ut av skapet. Men eg hadde ingen forbilde då eg vaks opp. Derfor er det fint viss eg kan vera det for dei som kjem etter.
Det blei ikkje noko sak i avisa før sommaren. Men Maren fekk mange reaksjonar då ho skreiv om Pride på Facebook. Etter TikTok-meldinga tidlegare tok ei handfull yngre jenter kontakt for å snakka med henne.
– Det går ikkje an å velja
Fleire av dei hadde det vanskeleg i familien og hadde ikkje sagt noko fordi dei var redde for å bli utestengde.
Sjølv mista ho kontakten med enkelte av venene då ho sto fram, fortalde ho.
– Dei er ikkje einige med meg i at ein kan vera kristen og skeiv. Men det går ikkje an å velja. Ein bestemmer ikkje sjølv kven ein forelskar seg i.
Bibelen har fleire sekvensar som blir brukt til å fordømma homofili.
Maren Lindal lener seg til andre sekvensar.
– Det viktigaste som står i Bibelen, er dette: « ... tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken».
Heller Jesus enn Paulus
– Paulus seier ein skal leva i sølibat, men at det nest beste er at folk giftar seg. Viss eg er kjempestreng med meg sjølv, skal eg leva i sølibat. Men ein skal jo òg elska sin neste som seg sjølv. Ein må altså elska seg sjølv.
Jesus snakka ikkje så mykje om alt som var gale, påpeiker ho.
– Den gode bodskapen er den viktigaste i Bibelen. Eg har mitt forhold til Gud, og det har ingen andre noko med. Det er heldigvis ikkje andre menneske som skal dømma oss til slutt.
Ho hadde vore open om legninga si i fleire år, men var framleis livredd, sa ho til Jærbladet i juni.
Maren fortalde at ho hadde éin gjenstand med regnbogeflagg, ein nøkkelring. Men den gøymte ho vekk.
Redd for Pride
Éin ting var nemleg å presentera seg som skeiv.
Ein heilt annan ting for Maren Lindal, var å bli assosiert med Pride.
Som ho skreiv på Facebook-sida si tidleg i juni:
«Eg hatet Pride. For hvorfor skal vi feire noe som burde vært normalt? Hvorfor feire at eg ikkje bare kan være hetero og like menn som «alle andre»? Det hadde jo vært enklere. Eg prøvde jo. Eg hatet meg selv for det. Eg skadet meg selv for det. Eg var livredd. For Pride. For meg.»
– Vil ikkje vera med i sex-tog
Tanken om å delta, låg der likevel. Det måtte i så fall bli i Oslo, der ingen kjende ho. Men i bakhovudet låg tanken på terroren i 2022.
Og dette, sa ho på forsommaren:
– Eg vil ikkje vera med i noko sex-tog. Eg forstår at folk trekk seg unna eit arrangement som er svært seksualisert. Pride skal vera eit protesttog, men det kan vera med klede på. Pride skal handla om kjærleik, fridom og retten til å vera seg sjølv.
Jæren Pride var like rundt hjørnet. Dét arrangementet hadde ho ikkje høyrt om, men ho visste om Stavanger på skeivå seinare på sommaren.
Maren Lindal er uansett ein uroleg type som ikkje sit mykje stille.
Ho er leiar i Rogaland Bygdeungdomslag og fér rundt, på kveldar og i helger, på alskens kurs, tevlingar, stands, stemne og festivalar.
Ho underviser i swingdans, det er «det gildaste eg veit», ho har til og med deltatt i NM.
Og ho går i bibelgruppe.
Så då Jæren Pride gjekk av stabelen midt i juni, var ho over alle haugar. Stavanger på skeivå skulle vera i slutten av august, mens ho som vanleg skulle tråla Sirdalsheiane og sanka sau for mor si, og dessutan stå på stand på Sirdalsdagane for Rogaland bygdeungdomslag.
Så då blei det Oslo Pride.
Fordommane bleikna
Ho tok mot til seg då ho såg at Bygdeungdomslaget hadde lagt ut eit Pride-arrangement.
Det viste seg at det fanst folk i sentralstyret som skulle gå i toget.
Dermed var det gjort.
Den helga endra henne, fortel Maren, der ho står og skrur forskalingskasser på Vigrestad.
– Fordommane slo ikkje til. Absolutt ikkje! Media intervjua drag queens frå Sverige. Kult nok det. Men eg såg ingen av dei. Eg såg berre enormt mange vanlege folk som gjekk i parade.
Sto fram i eige miljø
Nokre veker etter sto ho på talarstolen på landsstemnet til Norges Bygdeungdomslag, framfor fleire hundre ungdommar frå heile Norge.
Hendene dirra, og røysta var ikkje heilt hennar. Orda ho kjende at ho ville og måtte formulera, var dei vanskelegaste ho hadde sagt høgt.
Dei handla om kven ho er.
– Oslo Pride endra meg. Eg har aldri følt meg så akseptert, sa Maren Lindal.
«Hadde det ikkje vært for at BU tok initiativ, så hadde eg aldri reist. Eg blir heilt rørt når eg tenker på det. Eg var livredd – men samtidig så trygg. Så akseptert. Takk for at NBU viste seg i paraden. Takk til dokk som deltar på Bygdepride. Takk for at eg for første gong, etter den helga, har klart å ta på med eit Pride-armbånd», sa ho.
Det var skummelt, og det var nødvendig, seier ho etterpå.
– For eg visste at om eg tør å stå her og vera med sjølv, så tør kanskje fleire etter meg.
Skeiv på bygda
Maren Lindal seier ho elskar Bygdeungdomslaget.
Der har ho funne vener og fått moglegheiter ho ikkje hadde trudd ho kunne få: Tillitsverv, leiartrening, taletid. Ho har fått kjenna seg nyttig.
Organisasjonen kallar seg «Norges største vennegjeng», og dei er verkeleg mange: Rundt i landet har dei cirka 7.600 medlemmer og omtrent 100 aktive lokallag. NBU jobbar for at bygda skal vera eit reelt alternativ når unge vel kor dei skal bu. Som dei skriv på nettstaden sin:
For at unge skeive skal velja bygda, må dei oppleva miljøet som trygt og aksepterande.
Det er viktig at skeive som veks opp på bygda ikkje føler at dei må «flykta» frå bygda så for dei kan.
Men det er vanskelegare å vera skeiv på bygda enn i byar, slår NBU fast.
Derfor gjennomførte dei prosjektet «Bygda er for alle» i 2023 og 2024.
Målet var å gjera bygde-Norge meir ope og inkluderande og gjera Pride til ein naturleg aktivitet for lokallaga: Bygda – og Bygdeungdomslaget – skal ha rom for alle, uavhengig av kjønn eller seksualitet.
Maren Lindal takka for dette i årsmøtetalen sin.
Dei små tinga som betyr mykje
«Takk til «Bygda er for alle». Takk for at dokk tok meg med, og takk for at dokk tør stå for noko. Eg vil at Bygdeungdomslaget skal være ein plass der eg kan være meg. Heldigvis kan eg nesten det – men det er ikkje alltid lett», sa ho.
For heilt sjølvsagt var det visst ikkje: På ein fylkesleir i ein annan region for eit par år sidan hadde Pride vore tema.
«Nokre ødela pynten. Ikkje for løye, men fordi dei ville være stygge. Fordi dei ville vise avsky. Det gløymer eg ikkje», sa Maren Lindal.
Det er desse små tinga som avgjer om bygda faktisk blir for alle, meiner ho. På vondt, men ikkje minst på godt, at folk ser kvarandre og gir uttrykk for det.
– Vil du gå med jentene eller gutane på banketten?
– Treng du å dela rom med nokon du føler deg trygg med?
– Vil du sitja med oss?
Responsen frå salen den dagen i juli, overvelda henne. Mange kom bort og takka.
Nokre delte at dei heller aldri heilt hadde våga å vera seg sjølve der. Andre sa at innlegget hadde opna augo deira.
Dette er krafta i eit fellesskap som lyttar, og som tør å utvikla seg, meiner Maren Lindal.
I sommar fann ho endå eit å høyra til i.
– Eg skal aldri utebli frå Oslo Pride igjen, slår ho fast.