Bygget og tilhøyrande tomt blir nemleg gitt i gåve til Vigrestad misjonshus.

– Ringen er slutta

Eigedommen det er snakk om ligg midt i Vigrestad sentrum og var opphavleg internat for tilsette ved meieriet på Vigrestad. I 1973 vart sjølve meieriet selt og gjort om til misjonshus, men internatbygget var den gong ikkje til sals.

Fyrst i 2021 bestemte Hå kommune seg for å selja dette bygget og nå vil det gamle meieriet og tilhøyrande internat igjen få same eigarar.

– Ringen er slutta, slår kjøpar Martin S. Aarsland fast.

Bygget er i fire etasjar og har eit totalareal på 895 kvadratmeter. Tomta er på 1,6 dekar.

Bygget vart oppført på 1950-talet og har husa blant anna tannlege og kulturskule. Den siste tida har det stått tomt.

UNGDOMSKLUBB? Martin S. Aarsland håpar både misjonshuset og resten av Vigrestad vil få glede av bygget. Det er allereie snakka om at bygget kan nyttast til ungdomsklubb.
UNGDOMSKLUBB? Martin S. Aarsland håpar både misjonshuset og resten av Vigrestad vil få glede av bygget. Det er allereie snakka om at bygget kan nyttast til ungdomsklubb. Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland

– Dette var sjansen me hadde

Martin S. Aarsland liker aller best å halda seg i bakgrunnen, men nyheitene om både sal og kjøpar kom fort ut på bygda. Derfor kunne han like gjerne fortelja heile historia i Jærbladet.

– Eg såg at bygget var for sal og tenkte at dette var sjansen me hadde til å få kjøpt denne eigedommen, seier Aarsland og fortel at han kjenner til at eigarane av misjonshuset var interesserte i internatbygget då misjonshuset vart etablert på 70-talet.

Sjølv har Aarsland i alle år vore ein del av miljøet på misjonshuset og har også vore leiar i fire år på 1980-talet.

–Eg var leiar under oppussing og oppbygging. Då kunne dei bruka meg, ler han.

MISJONSHUS: Vigrestad misjonshus er næraste nabo til det nyleg selde bygget. Huset var bygd som meieri.
MISJONSHUS: Vigrestad misjonshus er næraste nabo til det nyleg selde bygget. Huset var bygd som meieri. Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland

Ungdomsklubb?

Aarsland bladde opp rundt 3,4 millionar kroner for sentrumsbygget og tanken hans var at bygget kunne nyttast til ungdomsklubb, men han er likevel klar på at han ikkje skal blanda seg inn i dei vidare diskusjonane om kva huset skal brukast til.

– Dette var noko eg ønskte å gjera. Nå er det opp til styret kva som vil skje vidare, men eg håpar at eigedommen kan bli koma bygda til gode og at bygget blir ei velsigning for misjonshuset, seier han.

Hadde vore i kontakt på førehand

Aarsland er eigar av Aarsland møbelfabrikk, men er tydeleg på at det er han som privatperson som står bak kjøpet.

Gåva kom ikkje som ei overrasking på misjonshusstyret. Aarsland hadde nemleg vore i kontakt med styret på førehand og forsikra seg om at dei ønskte å ta i mot, då det også vil følgja med ein del arbeid med ei slik gåve.

STYRELEIAR: Mikal Siqveland er styreleiar i Vigrestad misjonshus.
STYRELEIAR: Mikal Siqveland er styreleiar i Vigrestad misjonshus. Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland

– Veldig flott

Mikal Siqveland er styreleiar i Vigrestad misjonshus og representant for Det Norske Misjonsselskap. Han set pris på gåva frå sambygding Martin.

– Det er sjølvsagt veldig flott. Nå må me setja oss ned i styret og sjå korleis me kan få nytta dette huset best mogleg, seier Siqveland.

Han har sjølv ikkje fått vore inne i bygget og sett ennå, men fortel at særleg ein av eigarorganisasjonane til misjonshuset allereie har tankar om bruk.

– Norforsamlinga har vore interesserte i starta ein ungdomsklubb på Vigrestad, men nå må me fyrst få ta huset nærare i augesyn, seier Siqveland.

Vigrestad misjonshus er eigd av dei fire organisasjonane Normisjon, Indremisjonsforbundet, Det Norske Misjonsselskap og Norsk Luthersk Misjonssamband.