I andre etasje hjå Aarsland møbelfabrikk på Vigrestad har det dukka opp eit heilt nytt firma. Her har 400 tomme kvadratmeter blitt til showroom for lokalproduserte kjøkken i regi av Aarsland kjøkken og garderobe AS.
– Eg måtte finna på noko
– Sjå her, er det ikkje flott.
Gründer og initiativtakar for kjøkkensatsinga, Martin S. Aarsland, opnar skapdører og trekkjer ut skuffer for å visa ulike løysingar. Firmaet har ti standardmodellar og tilpassar kjøkkenet til kunden. Førebels sel dei kjøkken direkte frå fabrikkutsalet, men håpar å få til avtaler med ulike byggfirma.
Til nå har det ferske kjøkkenfirmaet selt 14–15 kjøkken, og Aarsland er godt fornøgd med starten.
–Eg har trekt meg litt tilbake frå møbelfabrikken. Nå kjende at eg måtte finna på noko og desse lokala stod jo tomme, seier han.
Vil veksa
Med seg på laget har Aarsland fått salsleiar Andreas Aursland. Han er utdanna kokk, men kom til Vigrestad-firmaet frå jobb som salskonsulent for teknisk kjøkkenutstyr hjå Culina Stavanger. Målet er at kjøkkenfirmaet skal bli arbeidsplassen til fleire, men for Aarsland gjeld det å leggja stein på stein. Og det har han halde på med i fleire tiår.
På veggen heng ei hylle han sjølv har designa på 1970-talet, ei hylle som raskt kan få ein renessanse i lag med Aarsland-kjøkken.
– Alle damene liker denne, ler Aarsland.
– Har alt av maskinar
Møbelfabrikken vegg i vegg har ei lang historie på Vigrestad. Det same har tredje generasjons fabrikkeigar Aarsland. Han tok over firmaet i 1979. Nå er det hans son som har tatt over sjefskontoret.
– Aarsland møblar leverer møblar til kontor. Nå kan me også levera tekjøkken, smiler Aarsland og nikkar mot ein del av showrommet der mindre kjøkkenløysingar har fått plass. Gründeren er likevel tydeleg på at firmaet også siktar seg inn mot privatmarknaden og vil levera kjøkken og kjøkkenløysingar til både privatpersonar og firma.
– Og det beste er jo at me har alt av maskinar og utstyr i fabrikken, så me treng ikkje investera ei krone på slikt, smiler gründeren.
Smila gjer også salssjefen, som er godt fornøgd med nye utfordringar på Vigrestad.
– Dette er vanvittig spanande. Ballen har berre så vidt begynt å rulla, slår Aursland fast.