– Det er veldig kjekt at me kan koma rundt og sjå. Det hadde vore eit veldig vanskeleg val viss ikkje, seier Helene Monsen, mor til Henriette Viktoria.
– Det er veldig kjekt at me kan koma rundt og sjå. Det hadde vore eit veldig vanskeleg val viss ikkje, seier Helene Monsen, mor til Henriette Viktoria. Foto: Snorre Standish Norheim

Familien Haukland bur på toppen av Lyefjell og passerer Monsanut barnehage på veg til og frå jobb.

– Førebels er dette førstevalet, seier Kristian Haukland torsdag ettermiddag.

To veker før søknadsfristen går ut, nytta foreldra til Kornelius moglegheita til å koma på besøk. Dei har ikkje vore på innsida før.

Martine Haukland, som sjølv jobbar i barnehage i Stavanger, veit kva ho skal sjå etter:

– Inntrykket av dei som jobbar her, korleis det ser ut her, kva dei gjer i barnehagen og korleis dagane er.

Dei har fram til 1. mars å bestemma seg. Det står mellom Monsanut og Vestly idrettsbarnehage, fortel dei.

– Det er vel eigentleg dei to som er mest aktuelle.

Den førebelse tilbakemeldinga frå Kornelius er positiv. – Ja, han ser fornøgd ut, seier mor.
Den førebelse tilbakemeldinga frå Kornelius er positiv. – Ja, han ser fornøgd ut, seier mor. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Følger magekjensla

Helene Monsen og Magnus Johnsen har med seg Henriette Viktoria, som startar i barnehagen til hausten. Men heller ikkje dei veit kor.

– Nei, og derfor er det greitt å koma rundt og sjå. Me har òg vore på Vestly og sett, fortel Monsen.

Også dei bur øvst på Lyefjell, som har Monsanut som sin nærmaste barnehage. Dei trekk fram uteområdet som eit stort pluss.

Henriette ser ut til å trivast med leikene på besøksdagen. Slike inntrykk er viktige når foreldra skal bestemma seg.

– Det går litt på magekjensla. Korleis du blir møtt, og korleis ho blir av møtt av dei tilsette, seier Helene Monsen.
– Det går litt på magekjensla. Korleis du blir møtt, og korleis ho blir av møtt av dei tilsette, seier Helene Monsen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Éin av to på Lye

I januar og februar har barnehagane i Klepp, Time og Hå opna dørene for nye søkarar, Monsanut barnehage var éin av dei siste.

Styraren Berit Time Bø fortel at dei fleste gjer som foreldra til Kornelius og Henriette, og kjem innom før dei bestemmer seg.

– Mange søker kvalitet og kompetanse. Her har me og eit med vidareutdanning, seier ho.

Forutan private Sporvongane er Monsanut den einaste barnehagen på Lye. I fjor haust vart Lyefjell barnehage lagt ned som følge av eit politisk vedtak.

–Omtrent alle – personalet, barn og foreldre – vart med opp til Monsanut. Det handlar nok om at me har drive veldig godt og hatt gode foreldreundersøkingar, trur styraren.

Lyefjell barnehage låg overfor Lyehallen, nær barneskulen og ungdomsskulen.
Lyefjell barnehage låg overfor Lyehallen, nær barneskulen og ungdomsskulen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ni barnehagar på Jæren har hatt foreldreundersøking 2026. Dei fleste deltar kvart andre år, i fjor deltok 45 barnehagar:

Spesielt år

Samanslåinga av dei kommunale barnehagane på Lyefjell vart vedtatt av kommunestyret i september 2024.

Styraren seier at det tar tid å innarbeida endringar, men at det har gått godt, grunna informasjon til alle partar på førehand.

Ho laga implementeringsplanar der ho skisserte for foreldra, barna og personalet kva som skal skje i overgangen.

– Me hadde god informasjon ut på foreldremøte i forkant, og me begynte med felles personalmøte før flyttinga for å samkøyra oss pedagogisk. Barn fekk koma på besøk før sommaren og bli kjende. Dei fekk sjå uteområdet og gledde seg til nye ting.

Monsanut barnehage ligg øvst på Lyefjell, med flotte turområde rett utanfor gjerdet.
Monsanut barnehage ligg øvst på Lyefjell, med flotte turområde rett utanfor gjerdet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Turid Fosse er éin av dei tilsette som vart med opp då Lyefjell barnehage vart slått saman med Monsanut barnehage i fjor haust.

– Det var ein overgang, men det går seg til. Det er to forskjellige personalgrupper som skal samkøyra seg. Omtrent alle ungane og foreldra følgde med opp, og det er kjekt, og så er det ein del nye.

Styrar Time Bø seier det har vore eit spanande år.

– Personalet har vore lojale, rause med kvarandre og gode til å jobba i lag. Ungane koser seg og trivest – og det er det viktigaste: at dei har det godt og trygt i barnehagen, at dei får læra og utvikla seg.

Ikkje garantert plass

Målet med samanslåinga var å redusera overkapasitet i kommunen, redusera driftsutgifter og kutta i framtidige investeringar.

Monsanut barnehage har 56 barn, 20 er småbarn. Dei aller fleste er frå tettstaden Lyefjell.

– Både dei nede og oppe søker seg hit, fortel Time Bø.

Ho kan ikkje lova plass til alle som set Monsanut på første plass.

– Det kan eg ikkje garantera. Det er søknadsfrist 1. mars, det er fullt i barnehagen og me har pågang. Eg trur dei ser kvalitet, omsorg og nærleik, lågt sjukefråvær, stabile vaksne og ei godt utdanna personalgruppe, seier styraren.

Time kommune skriv dette på sine nettsider:

  • Tilbod om barnehageplass etter hovudopptaket blir sendt ut elektronisk i slutten av mars.
  • Alle som har søkt og som ikkje får plass vil automatisk stå på venteliste til supplerande opptak
  • Etter hovudopptaket er det supplerande opptak heilt fram til neste hovudopptak. Barnehagane vil ta inn barn frå ventelista så fort det blir ledige plassar

Det er felles opptak for alle barnehagane i Time kommune, både dei kommunale og dei private.

Styrar Berit Bø Time lærer Kornelius og Henriette å kjenna. Ho set pris på å møta ungane på besøksdagen og høyra kva foreldra er opptatte av.
Styrar Berit Bø Time lærer Kornelius og Henriette å kjenna. Ho set pris på å møta ungane på besøksdagen og høyra kva foreldra er opptatte av. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim