– Det er første gongen me deltar i år, seier Magnhild Ege.
Ho står i kø ved standen til Apal Sideri og får påfyll av gylne dropar frå Ryfylke. Foreldra hennar har deltatt på messa fleire gonger, og nå har ho og Helene Reime lyst til å testa sjølv.
Dei gjer ofte det når dei er ute og reiser. Dei har besøkt vingardar i så forskjellige land som Italia, USA, Sør-Afrika og Namibia.
– Det er alltid kjekt å oppleva når du er ute. Her var det ekstra greitt, for me slapp jo å reisa. Alt er jo her.
350 påmelde
– I år er det litt meir av både det eine og andre, fortel Svein Høyland.
I tillegg til å vera rektor og lokalpolitikar i Hå, er han kjent som ein mat- og vinkjennar. Han er sjølvsagt med i Jæren vinklubb og har vore leiar for messekomiteen i år.
Det betyr 15 standar, eitt gratis foredrag og fem seminar. Vinklubben som vart skipa i 2004 for å fremja interessa for vin og vinkultur, arrangerer messa for ellevte gong.
Med cirka 350 deltakarar går laurdagens arrangement for å vera det største av sitt slag i Rogaland. Det spesielle er at dei i tillegg til sider og vin, også har standar med mat.
Restauratørane vel fritt kva rettar dei vil servera av smaksprøvar, men dei fleste nyttar lokale ingrediensar. Innimellom internasjonale vinar finst det også produkt frå Rogaland, med sider frå produsentane Eiane og Apal.
Messekomiteen skulle gjerne hatt med den lokale vinprodusenten på Hebnes, men dei måtte takka nei fordi dei er midt i innhaustinga.
Køyrde frå Sør-England
Til gjengjeld har komiteen henta inn Jo og Mike Huskins, som fleire i vinklubben kjenner frå besøk i engelske Devon.
Ekteparet kunne ikkje noko om vinproduksjon då dei spontant bestemte seg å prøva under eit fuktig pubbesøk i 2009.
Nå produserer Dalwood Wines cirka 4000 flasker i året.
Den vesle produsenten har ikkje distribusjon i Norge ennå, som betyr at ektefellane måtte fortolla dei 80 flaskene dei har tatt med i bilen.
Ekteparet har køyrt i to dagar eins ærend for å presentera ein rosévin og ein kvitvin frå 2025, og ikkje minst ein svært tørr musserande frå 2021, som Mike Huskins er særleg kry over.
Frukta var eksepsjonell i 2021, som gav ein vin med ekstremt låg dosage, seier han.
– England er i ferd med å bli ein konkurrent til Champagne, som begynner å bli for varmt. Musserande vin blir laga av druer som ikkje er heilt mogne, og det kan me dyrka betre enn nokon, seier han.
I september i år tillèt franske myndigheiter for første gong at champagne i år kan lagast med ein alkoholprosent på 15 prosent, i staden for 13 prosent.
Hadde ikkje tid til å venta
Varmare vêr gjev meir sukker, som både gjer vinen søtare, sterkare og meir lukt av alkohol. Det fortalde bonde og vinekspert Nils Nærland under eit foredrag i kjellaren.
– Det krev ein god vin å bera mykje alkohol. Og det blir eit problem når det blir varmt, at druene blir så mogne og får så mykje sukker, at dei blir for alkoholrike. Då blir vinen mindre syrleg og frisk, sa Nærland.
Han bad tilhøyrarane smaka på den unge raudvinen, som han ikkje syntest noko om, på grunn av bitre garvestoff. Dei burde dei ha venta 20–25 år med han, men det var det berre eit fåtal i publikum som hadde tid til.
t
.