Me er mange i Klepp som deler Bjarte Bore si uro for Vasshus gardsbarnehage i lesarinnlegg 12. juni.
I mange år har me sett at dei mest nøgde foreldra til barn i barnehagar i Klepp, er dei som har barn i Vasshus gardsbarnehage.
Foreldra er nøgde med barnet si utvikling, barnet sin trivsel, ute- og innemiljøet og informasjon.
Kommunen sitt bidrag til drift av private og ideelle barnehagar er at barnehagen mottek eit beløp per barn ut frå driftskostnaden til kommunen sine eigne barnehagar to år tilbake i tid.
I løpet av dei siste åra har Klepp kommune lagt ned barnehagar og skular for å oppnå rimeligare drift. Dette har det vore politisk fleirtal for, utover FrP, Høgre og KrF, som sit som fleirtal i denne valperioden.
For 2025 er Klepp lista opp som kommune nummer 18 når det gjeld gjennomsnittelig skatteinntekt til kommunen rekna nedanfrå. Me har ikkje stort anna val enn å sikta på effektiv drift.
Frå 28.februar 2026 les me at styret for Barnehagen i Bryne kyrkje vedtok å leggja ned barnehagen grunna at «De siste årene har de økonomiske rammebetingelsene for små, ideelle barnehager blitt vanskelig».
Barnehageforliket i Stortinget for eit år sidan var meint å skulla bøta på rammebetingelsane for private og ideelle barnehagar, men med ei ny rød-grøn regjering med auka innslag av fargen rød synest å ha hindra gjennomføring av Stortinget sitt vedtak 3. juni 2025.
Det at dette ikkje er gjennomført har me i fleirtalet i Klepp (KrF, H og FrP) løfta fram til våre parti i Stortinget, men fleirtalet i Stortinget synest ikkje å høyra på dette øyret.
Her sit Senterpartiet med nøkkelen. At regjeringa med dagens finansieringsmodell ikkje likestiller eller likebehandlar private og offentlege barnehagar mtp. pensjonskostnader er sterkt kritikkverdig.
I våre auge framstår dette som eit svik mot ideelle og private barnehagar som har berga oss gjennom ei tid med krav til stor auke i barnehagekapasitet.
I manns minne er det ikkje slik at Klepp kommune har gått inn med driftsstøtte til privat eigde bedrifter. Dette er eit farvatn me som kommune helst ikkje skal segla inn i, sidan skjæra ligg tett her både når det gjeld økonomi og juss.
I denne omgang synest det som om det er lite anna me som lokalpolitikarar kan gjera enn å prøva å halda dette varmt med kvar våre representantar på Stortinget og heie på og delta i spleisen for Vasshus gardsbarnehage, ikkje med kommunen sine skattepengar, men av eiga lomme.