– Dei ti millionar kronene det ville tatt å setta dette i stand har me ikkje.
Garden full av kulturminne
Det er torsdag morgon. Wegard Qvalbein og kona Ann har tatt imot politikarane i Utval for samfunn heime på tunet på Kvalbein for å forklara kvifor dei vil riva det verna jærhuset som står på garden deira.
Kor gammalt det eigentleg er, veit ingen, men i alle fall delar av det kan skriva seg heilt tilbake til 1700-talet.
Garden Wegard og Ann Qvalbein driv er full av kulturminne. Her ligg selskapslokala Jærgarden Kvalbein i ein låve frå 1700-talet, her er minne frå andre verdskrig og her er naustet til «Tryg», Redningsselskapet sin robåt som opp gjennom åra redda fleire titals skipbrotne.
Eit par hundre meter ut frå land ligg holmen Raunen, der restane av ein gammal redningsstasjon nyleg blei pussa opp av Kystkulturlaget i lag med Hå kommune.
Wegard og Ann Qvalbein tok over garden i 2016, og har sett i stand både bustad og driftsbygningar.
– Ingenting historisk igjen
Jærhuset, som blant anna er avbilda i jærmålaren Kitty Kiellands verk «Jærtun», er likevel ikkje noko å ta vare på, meiner dei.
– Etter mitt vett er det ingenting igjen av det gamle, historiske huset, seier Wegard Qvalbein til dei frammøtte politikarane.
To større påbygg frå 1980-talet har gjort sitt til at den gamle jærhus-stilen ikkje er lett å kjenna igjen.
Viktigast for Wegard og Ann Qvalbein: Bygget har så store strukturelle svakheiter, meiner dei, at det i praksis ikkje lenger vil handla om å restaurera, men setta opp ein kopi.
Summen på ti millionar har dei fått frå eit byggefirma. Det er mykje pengar og ei investering som ville gått ut over drifta på garden elles.
På den andre sida er det slik at det finst ulike tilskotsordningar for dei som vil rusta opp kulturminne.
Problemet er berre at dei er forsvinnande små, samanlikna med totalkostnaden, skal ein tru Wegard og Ann Qvalbein.
– Urimeleg
Paret nyttar politikar-besøket til å komma med litt kritikk overfor kommunen si kulturvernavdeling.
– Første gongen me søkte om å få riva, hadde me to synfaringar. Det som overraska meg mest, var at me under synfaringane møtte forståing for vårt syn, men då vedtaket kom, var det likevel negativt, seier Wegard.
For kommunen avslo søknaden deira om å få riva huset. «Byggets alder og byggemåte, samt tilknytning til jærsk kulturhistorie og nasjonal kunst- og kulturhistorie gir bygget høy verneverdi», heiter det i avgjerda.
I avslaget vedkjenner kommunen at huset har store skadar, men meiner det ikkje er dokumentert at det er teknisk uoppretteleg. Det er i tråd med ei vurdering frå Rogaland fylkeskommune.
Wegard og Ann Qvalbein har klaga på vedtaket.
Dei er klar over at kritikarar har for vane å skulda jærbønder for å med vilje sleppa ned verna bygg, slik at dei til slutt må rivast og brysame verneføresegner ikkje lenger står i vegen. Det, seier dei til politikarane som er invitert på synfaring for å sjå sjølv, er ikkje det som har skjedd her.
Ifølge klagen dei har skrive er tilstanden til huset ikkje eit resultat av manglande vedlikehald frå deira side, men ein situasjon som utvikla seg lenge før dei overtok.
«Det fremstår derfor som urimelig at vi som eiere skal pålegges å bære ansvaret for å bevare et bygg som allerede var i svært dårlig stand ved overtakelse».
Huset har stått tomt dei siste fire åra.
Ifølge eigarane har huset omfattande roteskadar, taket er lekk og det er svikt i takkonstruksjonen, for å nemna noko.
Kvalbein-paret er tydelege: Dei vil riva. Dei har sjølv ungar som spring rundt på tunet. På Jærgarden er det jamleg gjester som er ute og luftar seg. Då kan dei ikkje risikera at det fell ned delar av eit falleferdig hus som dei ikkje kan bruka.
Seier ja til riving av «spøkelseshus»
Olaus Trygve Bjuland (KrF), som ikkje klarte å halda seg frå å komma med ein Halloween-vits då politikarane skulle ta ein kikk på korleis det stod til inne i huset, innleia diskusjonen då utvalet var vel tilbake i møterommet på rådhuset.
Bjuland sa det er viktig å ta statusen som historisk verneverdi på alvor.
– Det er eit viktig omsyn å ta. Men der me var på synfaring i dag, og så den dårlege tilstanden bygget var i, klarte eg ikkje å sjå noko som var verdt å verna, sa han.
KrF-politikaren meinte det finst nok av døme på verna hus som blir ståande «heilt til dei fell i hovudet på nokon».
– Det er betre å gjera det rette med ein gong, heller enn å venta, sa han.
Det retta, i dette tilfellet, ville vera å riva, meinte Bjuland.
– Det er vanvitig dyrt å restaurera sånne hus og støtteordningane er ikkje like gode som festtalane seier. Me veit òg at eigarane har prøvd å finna andre løysingar, til dømes flytting, men at Jærmuseet ikkje er interessert. Me veit òg at kommunen i mange tilsvarande saker har sagt ha, argumenterte han.
Kommunedirektøren råda politikarane til å seia nei til klaga frå Qvalbein, men Bjuland la fram eit alternativt forslag: Å gje eigarane lov til å riva mot at kommunen, i samarbeid med Jærmuseet eller andre, får nytta rivinga til å dokumentera huskonstruksjonen.
Forslaget, som etter kvart fekk status som fellesforslag, blei samrøystes vedtatt.
– Fornuftig
Bodvar Vold (H) fortalde at han sjølv hadde budd 25 år på Vigrestad, og hadde utsikt til eit verna jærhus rett utanfor vindauget – i alle fall fram til det gamle jærhuset ramla saman av seg sjølv.
– Det blir heilt feil at slike bygg berre må stå heilt til naturen fiksar rivinga. Eg synest dei skal få lov, sa han.
Knut Åge Gjersdal (Sp) sa han i prinsippet var skeptisk til at nokon skal sitta på eit kontor og bestemma at nokon ikkje får lov til å riva eit hus, men utan å kunna løyva pengar til å ta skikkeleg vare på det.
– Så får me heller prioritera om slik at dei store pengane som er sett av til denne typen føremål går til nokon som har noko å ta vare på og vil ta vare på det, sa han.
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) har sjølv vore med og restaurert eit gammalt hus. Ho slo fast at for å gjera noko slikt, trengst både giv og økonomi. Ho la til at huset stod fram som utan noko verdt å ta vare på.
– Eg er interessert i å ta vare på ting, men her verkar det som om ting blei øydelagt då dei bygde på på 1980-talet, sa ho.
Gunn Hege Skretting Sirevåg (H) viste til at huset står i eit landbruk-, natur- og friluftsområde, og meinte det er fornuftig at bygg som ikkje kan brukast, ikkje blir ståande.
– I alle fall når du ser på kva stand det er i, sa ho, medan Håkon Kvia (Frp) la vekt på at ein eventuell restaurasjon i praksis ville vore ein rekonstruksjon heller enn bevaring av noko historisk.
Utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) oppsummerte argumenta deira som gode.
– Og så er det fornuftig at me tar inn den klausulen om at me skal dokumentera om det er noko av verdi der. Når me legg inn den klausulen, er det ikkje fordi me vil vera vanskelege, men det er større sjansen for at dette går gjennom dersom me kjem fylkeskommunen litt i møte, sa han.