Helse tok med seg to personar til SUS for sjekk, melde politiet laurdag klokka 10:45.
Uhellet skjedde i samband med varmgang i eit truckbatteri. Arbeidarane skal ha blitt eksponerte for gassar.
Begge var oppegåande då ambulansen køyrde, seier André Jacobsen, innsatsleiar frå Rogaland brann og redning.
Visste ikkje kva som møtte dei
Politiet drog frå staden rundt 11:15. Etter undersøkingar og vurderingar opprettar dei ikkje sak.
Brannvesenet vart på si side verande for å lufta ut gassar. Dei var til stades med store ressursar.
– Det er på grunn av tryggleiken. Me vil heller vera litt overkant tunge når me kjem fram. Det er eit stort bygg, og me veit eigentleg ikkje kva som møter oss, anna enn at det er varmgang i eit batteri, som jo kan bety mykje.
Evakuerte igjen
Jacobsen seier dei tok forholdsreglar og fekk tatt ut batteriet på ein trygg måte.
– Hadde me vore skikkeleg uheldige, kunne det rett og slett ha vore eksplosjonsfare i batteriet og gassane det dannar.
Rundt klokka 11:50 gjekk alarmen igjen, og dei tilsette samla seg på vegen utanfor meieriet.