Utrykking til Voll.
Utrykking til Voll. Foto: Snorre Standish Norheim

I tillegg til kundar som skulle kjøpa jordbær, kom brannvesenet måndag kveld til Bærå i Vollvegen.

– Det har vore fyr i ei kjølevifte. Dei har tatt ein temperaturkontroll. Ingen temperatur nå, fortel vaktleiar ved 110 Sør-Vest, Joakim Stangeland, til Jærbladet klokka 18:45.

Då heldt brannvesenet på å lufta ut av grønsakslageret. Bonden som stod utanfor, fekk ikkje gå inn.

Meldinga kom inn til brannvesenet klokka 18.11. Politiet drog frå staden litt før klokka 19. Eit drygt kvarter seinare var brannvesenet ferdige.
Meldinga kom inn til brannvesenet klokka 18.11. Politiet drog frå staden litt før klokka 19. Eit drygt kvarter seinare var brannvesenet ferdige. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Brokkoli og jordbær på lager

– Kjøleaggregatet har brunne opp, men det gjekk ganske godt. Grønsakene må nok kasserast. Eg har ikkje vore inne og sett ennå, så eg veit ikkje kor mykje det er snakk om, seier han.

Bonden fortel at aggregatet var brunne ut då han ringde brannvesenet. Dei vart kontakta i frykt for at varmen kunne ha spreidd seg.
Bonden fortel at aggregatet var brunne ut då han ringde brannvesenet. Dei vart kontakta i frykt for at varmen kunne ha spreidd seg. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim