Med eit snitt på 20 kilometer dagen har han rekna ut det vil ta han 190 dagar å nå fram til målet. På grunn av uhellet andre dag ligg han litt bak skjema, men det uroar han seg ikkje over.
Nå som kroppen begynner å bli van med skata, kan han lett skata 50 kilometer i ein omgang.
Dessutan er målet bevegeleg – ja, han skal koma seg til Hellas, men grunnen til at han skal så langt, er at han har ein kilometer-rekord å slå.
Derfor gjer det ikkje noko at han ikkje har planlagt ruta vidare. Måndag ettermiddag er han akkurat komen til campingplassen Åsa, som ligg dryge fire mil sør for Göteborg.
Må innom Nederland
På grunn av heftige varsel om regn, lyn og torevêr blir han liggande i to netter. Då han på førehand forklarte ærendet sitt, som altså er å skata Europa på langs, fekk han tilbod om å overnatta der gratis.
Vegen blir til mens han skatar. Det er eit eventyr å vera på tur, allereie har han møtt mange inspirerande folk.
Éin var så nyfiken på brettet og oppakkinga hans, at han stoppa bilen, og vart så imponert over det han fekk høyra, at han baud på mat, snop og bollar.
Ein likesinna som òg står på longboard, har invitert han med på eit arrangement i Malmø fredag morgon. Det håper Mike å rekka, men han ser at det kan halda hardt, med tanke på avstanden.
Etter Malmø blir det København og Danmark, der han skal kopla seg på eit nettverk av europeiske sykkelvegar, EuroVelo.
Ingenting er skrive i stein, men han skal innom Nederland, som er eit mekka for longboard-miljøet.
– Det skjer så mykje uføreseielege ting på vegen, med folk eg treff og omvegar eg tar. Plutseleg tar det litt lenger enn eit halvt år, men det gjer ikkje noko.
Koplar av
34-åringen fortel at han eigentleg ikkje tenker så mykje når han skatar. Det er faktisk litt av poenget, forklarer han.
På 30-årsdagen la han seg inn på rehabilitering. Han er open om at han har slite med rus og alkohol.
Som musikar har han mange moglegheiter til å falla tilbake. Han seier sjølv at han greier å halda seg unna, men at cannabis er eit problem.
– Du kan seia eg har lagt ut på ei sjelereise. Eg vil finna noko inni meg som gjer at eg ikkje føler at eg må skru av hjernen med cannabis.
Derfor nyt han å vera på skateboardet, sjølv om det kan bli einsamt til tider. Han tykte det var stas då NRK sende ein journalist som var med og skata ein heil dag.
Kuttar dødvekt
Mike dokumenterer reisa med klipp på TikTok og Instagram, under artistnamnet Michael Mangekyou, og lengre filmar på YouTube og Facebook. Dei som er verkeleg dedikerte, kan følga han minutt for minutt på Strava.
Sjølv om velten framleis hemmar han, meiner han at han skatar veldig forsiktig. Så forsiktig at han bestemte seg for å droppa hjelmen.
– Det kan høyrast litt teit ut, sidan eg sa at eg tryna, men eg er superforsiktig på vegen.
Avgjerda heng saman med ønsket om å kutta ut dødvekt der det går. Han har kjøpt ultralett telt, sovepose og liggeunderlag, og har elles med seg videokamera, to straumbankar og ei toalettmappe.
– Når du skatar så langt, merkar du kvart gram, seier Mike, som fraktar med seg åtte–ni tusen, pluss eiga kroppsvekt.
Eit eventyr
– Eg har gjeve slepp på alt eg trudde eg hadde kontroll på. Eg veit ikkje eingong kva som skal skje den neste timen. Eg har treft så mange kule folk, og det er veldig gjevande. Eg gler meg berre til å koma endå lenger ned i Europa.
Langt der nede på kontinentet glimrar håpet om ein plass i Guinness World Records.
På den offisielle nettsida gliser ein kjekkas ved namn Robert Thomson, som i 2008 sette den nåverande rekorden. Han starta i Sveits og enda opp i Shanghai.
– Verdsrekorden er på . Det er det eg skal slå.