Natt til tysdag var det innbrot hos ei bedrift på Vigrestad, der det blei stole metall for rundt 100.000 kroner, som Jærbladet tidlegare har meldt.

Søndag kveld blei det observert to bilar som framstod som mistenkelege i nærleiken av den same bedrifta – og dermed blei politiet varsla.

Dei rykka ut, og etter kvart blei begge bilane stoppa i nærleiken av Nærbø. Politiet ransaka bilane, men fann ikkje noko tjuvegods i dei.

– Det var totalt fire personar i bilane, alle menn i 30-åra. Dei blei pågripne og tekne med til politiarresten, og alle blei lauslatne etter avhøyr utpå dagen måndag, opplyser politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.

Politiet har oppretta sak, og jobbar med å finna ut av om nokre av dei fire kan knytast til tjuveriet på Vigrestad og andre innbrot hos bedrifter i distriktet.