[unknown]

– Dei saknar meg, men dei veit kvifor eg er her.

Moses Irungu (41) har kone og tre born heime i Kenya. I heimlandet har han arva ein gard han ønskjer å bygge opp.

Likevel er det på Jæren han held til nett no – og seks månader kvart år.

Her jobbar han på Miljøgartneriet, med innhausting av grønsaker, truck-køyring og andre arbeidsoppgåver.

Moses Irungu har jobba på Miljøgartneriet i dei fleste åra sidan 2014. – Kvart år får eg meir erfaring på alle område, seier han. I år er han i Noreg mellom mai og november.
Moses Irungu har jobba på Miljøgartneriet i dei fleste åra sidan 2014. – Kvart år får eg meir erfaring på alle område, seier han. I år er han i Noreg mellom mai og november. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Må forsørgje familien

Å vere borte frå familien er utfordrande, men nødvendig, seier han.

– Eg må skape ei god framtid for familien min. I Kenya er det annleis enn her. I Noreg er skulen og medisinske tenester tilrettelagt, men i landet mitt må me betale skuleavgift, for medisinske tenester, for alt.

Inne på Miljøgartneriet er det raudt lys i taket, som skal vere der for å auke avlinga.
Inne på Miljøgartneriet er det raudt lys i taket, som skal vere der for å auke avlinga. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Å jobbe i Miljøgartneriet er mitt alt og mitt håp. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan jobben her, seier han.

Mykje jobb både i Noreg og Kenya

Irungu kom til Noreg for å jobbe fyrste gong i 2014. Jobben fekk han høyre om frå ein kompis som hadde stilling der.

– Han sa at eg måtte søke. På det tidspunktet var eg arbeidslaus, seier han.

Nesten kvart år sidan starten, har han kome for å jobbe på veksthuset. Dette vil han halde fram med så lenge han får kontrakt og er frisk, seier han.

I likskap med mange andre utanlandske arbeidarar på gartneriet, får han berre arbeide der ein avgrensa periode. Kvar gong må han søke om opphaldsløyve.

Moses Irungu jobbar som taxisjåfør når han er heime i Kenya. Han beskriv dette som ein ganske hektisk og kaotisk jobb, og vert veldig sliten av han. Heimbyen Nairobi har 4,4 millionar innbyggarar, og er ikkje organisert på same måte som byane i Noreg, seier han.
Moses Irungu jobbar som taxisjåfør når han er heime i Kenya. Han beskriv dette som ein ganske hektisk og kaotisk jobb, og vert veldig sliten av han. Heimbyen Nairobi har 4,4 millionar innbyggarar, og er ikkje organisert på same måte som byane i Noreg, seier han. Foto: Foto: Privat

For å få økonomien til å gå rundt, må Irungu også jobbe når han kjem heim til Kenya. I 2018 begynte han å jobbe som taxisjåfør i heimbyen Nairobi.

Vanskeleg under koronapandemien

Som for mange andre, var koronapandemien utfordrande med tanke på arbeid for Irungu.

Grunna ulike forhold knytta til koronapandemien, fekk han ikkje jobbe meir enn tre månader på gartneriet i 2020. I 2021 fekk han ikkje lov i det heile.

Dette fekk konsekvensar for jobben hans i Kenya.

Han hadde ikkje pengar til å betale obligatorisk sjekk og service av bilen sin, og kunne difor ikkje køyre taxi heller.

– I løpet av den tida fekk eg hjelp frå venner og familie til å fø og oppretthalde behova til familien min, seier han.

Bilen selde han same år, grunna vanskane han hadde med han. Frå desember til april i år, jobba han som taxisjåfør med nokon andre sin taxi.

Jobben som taxisjåfør vil han ikkje halde fram med, då det er lite penger å tene på å låne andre sin bil.

– Om nokre år, om alt går bra, skal eg spare og igjen kjøpe meg ein bil som eg kan nytte, seier han.

Men gardsdraumen har han ikkje lagt ifrå seg.

Drøymer om å drive gard

På grunn av familien, men også garden han arva av foreldra sine, har det aldri vore aktuelt å flytte til Noreg.

Irungu har ein draum om å tene pengar på gardsdrift. Då han jobba som taxisjåfør før koronapandemien, var planen at han mellom sesongane i Noreg, sakte kunne begynne arbeidet på garden. Han ville til dømes gjerde og plante tre, slik at noko er klart til han pensjonerer seg.

– Det er mykje jobb å gjere, og i Kenya er det dyrt. Ein må leige traktor og slikt, så eg må spare pengar til det.

Biletet er frå eit område rundt garden til Irungu. Han har aldri vurdert å flytte til Noreg, delvis fordi han er den einaste som kan ta vare på garden foreldra hans etterlét seg då dei døydde.
Biletet er frå eit område rundt garden til Irungu. Han har aldri vurdert å flytte til Noreg, delvis fordi han er den einaste som kan ta vare på garden foreldra hans etterlét seg då dei døydde. Foto: Foto: Privat

Far hans var geitebonde. Sjølv vil han gå ein annan veg, og har fleire tankar om korleis han vil drifte garden.

– Kanskje eg kan bygge nokre hytter når trea er vaksne opp. I landet mitt er det mange turistar, og i framtida kan eg leige dei ut. Samstundes vil dei andre trea framleis vekse, noko som er bra for tredrift. Eg har også kaffi, ikkje så mykje, men kanskje eg kan utvide, seier han.

Men planane vart sett på vent. Då han ikkje hadde inntekt, måtte han bruke pengane han hadde lagt til side, for å ta seg av familien.

– Eg må jobbe i fleire år for å spare nok, og kome tilbake til prosjektet mitt.

Draumen er å drive garden heile året og verte gamal der, når han vert eldre og ikkje lenger kan arbeide på gartneriet.

Internasjonalt arbeidsmiljø

Arbeidet på Miljøgartneriet er det menneske frå mange forskjellige nasjonalitetar som står for.

8.juli vart dette biletet lagt ut på facebooksida til Miljøgartneriet. 'Hovedspråket er engelsk, men mellom rekkene av tomater høres også vietnamesisk, rumensk, ukrainsk, polsk belarusisk, litauisk, latvisk, islandsk, ørlite dansk, bittelitt norsk og en del thai. I tillegg har vi en fra Kenya og en fra Chile, men de får sjelden brukt sitt språk ovenfor sine kollega,' skriv dei mellom anna i innlegget.
8.juli vart dette biletet lagt ut på facebooksida til Miljøgartneriet. 'Hovedspråket er engelsk, men mellom rekkene av tomater høres også vietnamesisk, rumensk, ukrainsk, polsk belarusisk, litauisk, latvisk, islandsk, ørlite dansk, bittelitt norsk og en del thai. I tillegg har vi en fra Kenya og en fra Chile, men de får sjelden brukt sitt språk ovenfor sine kollega,' skriv dei mellom anna i innlegget. Foto: Foto: Tommy Høyland

Irungu trivst med å jobbe i eit internasjonalt miljø, og seier at det er interessant å møte folk frå andre land, som han tidlegare ikkje har møtt.

– Det er bra å jobbe med dei, og dei er ei annleis erfaring.

– Me deler mange historier når me har fri, og dei får også høyre meir om mitt land, seier han.

Kåre Wiig, dagleg leiar i Miljøgartneriet, seier at det i år er arbeidarar frå fleire forskjellige land enn det plar. Dette kan også kome til å vare ved, om krigen i Ukraina held fram.

– Det har vorte slik. Tidlegare var dei fleste frå Ukraina, men etter krigen har vi måtte ta inn folk frå alle verdsdelar, kan eg nesten seie.

Kåre Wiig er dagleg leiar på Miljøgartneriet, som forsyner Noreg med ulike typar tomater og paprika. Han skryt av arbeidarane som kjem. Nokre arbeidarar på gartneriet kjem som sesongarbeidarar frå andre land, og nokre er fastbuande i Noreg, seier Wiig. Dei som bur her til vanleg, har gjerne jobb heile året.
Kåre Wiig er dagleg leiar på Miljøgartneriet, som forsyner Noreg med ulike typar tomater og paprika. Han skryt av arbeidarane som kjem. Nokre arbeidarar på gartneriet kjem som sesongarbeidarar frå andre land, og nokre er fastbuande i Noreg, seier Wiig. Dei som bur her til vanleg, har gjerne jobb heile året. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Han seier at det har kome ein del jenter frå Ukraina, men at dei aller fleste gutane, erfarne gutar som har vorte lært opp og arbeida der i mange år, måtte ut i militæret.

Gartneriet har også arbeidarar frå andre europeiske land, mellom anna. I år har det også kome arbeidarar frå Filippinene, Vietnam og Thailand.

– Og det er flinke folk, seier Wiig.

Saknar den sosiale kulturen i Kenya

– Eg synest Noreg er ein veldig fin plass. For det fyrste, fordi alt er utvikla, om eg samanliknar med mitt land. Det er lett å nytte tenester.

Han synest innbyggarane er hjelpsame, og seier at det var enkelt for han å tilpasse seg. Men det var også utfordringar med å kome til Noreg.

– Kenya har ein meir sosial kultur. Når du sit på togstasjonen i Noreg, vil ikkje folk sitte nær deg. Dei held avstand. Det syntest eg var litt vanskeleg, før eg forstod at kulturane er forskjellige på dette, seier han.

Irungu ber med seg det kenyanske flagget rundt handleddet når han jobbar.
Irungu ber med seg det kenyanske flagget rundt handleddet når han jobbar. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Han saknar den sosiale kulturen i heimlandet.

– Me planlegg ikkje så mykje. Om eg skal forbi eit nabolag der det bur ein ven, kan eg berre stikke innom når som helst. Eg har vener her i Noreg, og med dei må eg planlegge å møtast om ei eller to veker.

Likevel synest han det er godt å vere på ein mindre plass med færre folk enn han er vant til. Han bur utanfor hovudstaden Nairobi, som har over 4,4 millionar innbyggarar.

– Når eg kjem hit, er det meir avslappande. Meir plass.

På fritida liker Irungu å fotografere, jogge, gå i naturen og sjå på fuglar. Han har også reist på biltur til sørlandsbyar saman med vener her.