Onsdag får me opp mot 20 millimeter regn, ifølge Meteorologisk institutt.
Regnet skal ta seg opp frå kl. 12 og blir truleg verst mellom cirka kl. 14 og kl. 20. Vindstyrken aukar på kvelden.
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for styrtregn.
«I ettermiddag og kveld, onsdag, er det ventet kraftige regnbyger. Det er lokale variasjoner i intensitet og mengde, og været kan endres raskt», heiter det.
Det er òg meldt nordvestleg sterk kuling ved kysten.
Ikkje dei heilt store greiene her på Jæren, dette, men me kan nevna at Meteorologisk institutt også har sendt ut gult farevarsel for dei som har planar om å ferdast på sjøen eller vera rett ved kysten.
Det er farlig å vera ute i småbåt, og det kan bli middels høge bølger. Dette gjeld for område Obrestad - Karmøy.