Ei hand å halda i var godt for Maraize Bell Sara, ein av 65 elevar på 10. trinnet på Kleppe ungdomsskule som troppa opp til det nye tilbodet til Klepp-ungdomen: Gratis vaksine mot meningokokk-sjukdom, betre kjend som smittsam hjernehinnebetennelse.
– Det er viktig å passa på at immunforsvaret er sterkt, sa 16-åringen etterpå.
Vaksine-turne i kommunen
Nå er ho beskytta mot hjernehinnebetennelse i 10 år.
For Maraize blei stikket i armen mindre skummelt med venninna Selena Edland ståande ved sidan av. Det heile var fort gjort, og etter å ha sett 65 dosar på like mange elevar i rask rekkefølge, kunne helsesjukepleiarane slå fast at seansen hadde vore vel organisert frå lærarane si side.
Nå går turen vidare til ungdomsskulane på Bore og Orstad, før det blir eit oppsamlingsarrangement 16. juni for Vardheia-elevar frå Klepp og for elevar ved privatskular.
Før 400 kroner
Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse er ikkje noko nytt. Ungdom tar han ofte på vidaregåande skule. Men til nå har den enkelte måtta betala for han sjølv. Prisen har vore 400 kroner, før den nyleg blei sett ned til 350.
Men som første kommune på Jæren, blir vaksinen nå gratis i Klepp, og blir gitt som tilbod til 10.-klassingane.
– Dette er svært viktig, seier Inger Olsson, som leiar Klepp helsestasjon og som var sjefen for vaksineringa på Kleppe ungdomsskule.
– Vaksinen har kosta ein del pengar, og me kan tenka oss at nokre har vald han vekk på grunn av det. Denne vaksinen er svært viktig for å førebygga alvorleg sjukdom. Ikkje mange blir smitta av hjernehinnebetennelse, men det er alvorleg for dei som blir. Éin av 10 døyr, og éin av tre får varig mein, seier ho.
Sårbare på fest
Grunnen til at 16-19-åringar har høgare risiko for å bli smitta enn resten av befolkninga, er at dei oftare tar del i tette sosiale samlinger og festar med høgt alkoholinntak eller andre rusmiddel, ifølge Folkehelseinstituttet. Dette, med deling av flasker, glas og sigaretter – i kombinasjon med lite søvn – kan auka risikoen for smitte og alvorleg sjukdom.
Hjernehinnebetennelse smittar primært ved dropar.
– For eksempel gjennom kyss og spytt, opplyser helsesjukepleiarane.
Andre tiltak mot hjernehinnebetennelseRisikoen for å utvikla smittsam hjernehinnebetennelse blir mindre for dei som følger desse råda:Førebygg dropesmitte. Ikkje drikk av same flaske, boks eller glas som andre, ikkje del sigarettar.Såre slimhinner får lettare infeksjon. Ta vare på stemma, unngå overdriven skriking. Unngå snus, aktiv og passiv røyking.Ta deg tid til å sova ut. Kroppen treng kvile.Unngå for mykje alkohol og bruk av andre rusmiddel. Når du er rusa, har du svekka dømmekraft, og symptom på hjernehinnebetennelse kan for eksempel forvekslast med teikn på for mykje alkohol.Ta kontakt med lege viss du trur at du sjølv eller venene dine kan vera sjuke. Ta ansvar viss nokon er sløve (har nedsett bevisstheit) eller har feber. Kjelde: Folkehelseinstituttet
- Prisen hindrar ein del
I Klepp kom framlegget om gratis vaksine frå Ungdomsrådet. Dei blei høyrt av kommunestyret.
I handlings- og økonomiplanen sist desember sette dei folkevalde av 50.000 kroner til dette, og slo fast at det er eit varig tiltak. Pengane tok dei frå disposisjonsfondet og rekk til å kjøpa sjølve vaksinen. Helsestasjonen bruker staben sin til å gjennomføra vaksinasjonane.
– Me fekk endeleg gjennomslag for dette etter fleire år, seier Arian Eshaghi, som er medlem i ungdomsrådet. Sjølv går han på Hetland vgs. i Stavanger, og der fekk han vaksinen gratis.
– Det var litt urettferdig at det var gratis i Stavanger og Sandnes, men ikkje i Klepp. Dei 400 kronene kan vera grunnen til at ein del ikkje tar vaksinen, meiner han.
Dei fleste må betala
Ungdom har større risiko for å få smittsam hjernehinnebetennelse enn andre. Derfor er det viktig å ha noko som beskyttar mot ein ganske alvorleg sjukdom, påpeiker Ole Mathias Olafsrud Vestvik, nestleiar i Ungdomsrådet.
I år er han russ på Tryggheim. Vaksinen fekk han tilbod om i vg1 – mot betaling.
Kravet om at alle ungdommar skal få tilbod om gratis meningokokk-vaksine, har ikkje ført fram i alle kommunar.
I ei kartlegging som LHL (Landsforeningen for hjarte, lunge og hjerneslag) gjorde mellom oktober 2024 og mars 2025, svarte 97 kommunar at dei gir vaksinen gratis. Nesten dobbelt så mange, 188 kommunar, opplyste at dei ikkje finansierer dette. 72 kommunar svarte ikkje på rundspørjinga.
I Time og Hå er det framleis eigenbetaling av vaksinen. Det vil LHL ha endra.
«Vi vet at når barrieren for å ta vaksine blir høy, så går andelen vaksinerte ned. Vi krever derfor at vaksinen tilbys alle gratis gjennom barnevaksinasjonsprogrammet».
Ikkje alle 10.-klassingane ved Kleppe ungdomsskule nytta høvet til å få gratis vaksine måndag.
– Dette er eit nytt tilbod, og eg trur fleire vil nytta seg av det når det blir kjend, seier helsesjukepleiar Ingvild Eikrem.
Men allereie skulle det hjelpa godt på flokkimmuniteten at så mange sette seg ned for eit stikk i armen, slår ho og kollegaene fast.