– Folk har spurt etter Jägermeister i årevis. Nå kan me endeleg servera det, seier Olav Madland, dagleg leiar ved og eigar av Stasjoen pub på Varhaug.
Strengare i Hå
Den tyske urtelikøren, som inneheld 35 volumprosent alkohol, har tidlegare ikkje vore tilgjengeleg for pubgjengarar i Hå.
Det er fordi Hå inntil svært nyleg praktiserte skjenkereglar som var strengare enn dei i nabokommunane.
Berre verksemder som òg kunne tilby overnatting hadde høve til å søka om skjenkeløyve for drikkevarer med høgare alkoholprosent enn 21.
I sommar vedtok kommunestyret i Hå – mot den eine stemma til Konservativt – å mjuka opp regelverket, hovudsakleg av omsyn til konkurransesituasjonen i utelivet på Jæren.
Dei nye reglane gjorde at alle skjenkestadene i Hå måtte søka om skjenkeløyve på nytt. Fleire av dei nytta då høvet til å søka om lov til å skjenka brennevin.
Blant desse var Stasjoen pub på Varhaug.
– Eg har alltid meint at ein bar må kunna ha alle retter, og kunna servera alle moglege typar drikkevarer, slik som er normalt elles i landet og i utlandet, seier Olav Madland.
– Travelt i baren
Han fortel at dei opp gjennom åra har fått ein del reaksjonar frå folk som synest det er merkeleg at dei ikkje kan servera brennevin. Det har òg hent at det avgrensa utvalet har ført til at gjestene i staden har sett seg på toget og reist lenger nord til meir liberale regimer.
Men ikkje nå lenger. Mandag denne veka fekk Stasjoen nytt skjenkeløyve, med opning for å servera sprit.
Dei testa det så vidt ut tidlegare i veka i samband med fotballkampar. Fredag vart likevel den første «skikkelege» utelivskvelden med spritsal.
– Me hadde kviss på fredag. Det var aldeles smekkfullt, både på bord og benkar. Så gjekk nokre heim, medan andre kom til, fortel Madland.
Før opninga fredag, fekk dei tilsette i kurs i drinkblanding frå ein innleigd ekspert, som òg hjelpte til med å utarbeida ein enkel drinkmeny.
Madland innrømmer at det vart travlare enn vanleg i baren når dei skulle mikse drinkar i tillegg.
– Men me prøver å laga enkle og greie drinkar, slik at det skal gå smidig, seier han.
Madland seier dei har eit «ok utval» av whisky og at Irish coffee viste seg å vera ein slager. Det same var gin tonic.
– Men framleis er det vanleg pils me sel mest av, seier han.
20-årsgrense
Dei nye skjenkereglane i Hå stipulerer at om ein serveringsstad skal skjenka brennevin, må dei ha 20 års aldersgrense.
Dermed vert aldersgrensa på Stasjoen i utgangspunktet sett opp til 20. Men Madland håper å få til eit tilbod for dei som er hakket yngre i alle fall eit par gonger i månaden.
– Det er viktig at 18-åringane òg har eit tilbod, seier han.
Madland er i dialog med kommunen og skjenkekontrollen om praktiske løysingar for dette.
– Det er mogleg me må fjerna eller dekka over brennevinet, seier han.
Alle fekk ja
Alle utestadene som søkte å få skjenka brennevin, fekk ja. Forutan Stasjoen på Varhaug gjeld det Holdeplassen på Nærbø, Kafé Ståvå på Vigrestad og Pauserommet i Sirevåg.
Sirevåg konferansehotell var den einaste skjenkestaden som hadde skjenkeløyve for alkohol i klasse tre frå før, men måtte likevel søka på nytt. Politikarane gav dei tommel opp.
Kafé Jærbuen, Jærgarden Kvalbein og Grønefed kulturtun søkte om løyve til å servera brennevin i lukka lag, og fekk ja til dette.
Ifølge dei nye reglane kan alkohol med ein styrke på opp til 22 alkoholprosent kan serverast mellom 08:00 og 01:30, og alkohol i klasse tre, det vil seie frå 22 alkoholprosent og oppover, frå klokka 13:00 til 01:30.