Det er halvanna år sidan dåverande ordførar Jonas Skrettingland opna boccia-banen i parkområdet rett ved torget på Nærbø.
Den opphavlege initiativtakaren til banen var Ellen Mæland. Ho var med i ein gjeng som spelte boccia fast på ein bane utanfor sjukeheimen. Gjengen var stor og vart stadig større, samtidig som banen var liten.
Fekk bane, men ikkje benk
Då ho høyrde ordføraren uttala at han ville ha eit levande sentrum på Nærbø, tok ho han på ordet. Ho kontakta Skrettingland og foreslo boccia-bane i det vesle grøntdraget rett ved torget. Ordføraren tende på ideen, og i mai i fjor stod altså resultatet klart.
Mæland hadde òg ytra ønske om benkar med bord i midten, slik at spelarane hadde noko å samla seg om sosialt. Beskjeden var at dette vart for dyrt. Spelarane har løyst dette med å ta med seg campingstolar.
Ho trivst godt ved boccia-banen.
– Dette er ein flott plass, med stort potensial. Det er ikkje mange som veit kor lunt det er i denne vesle hòla, seier ho.
Før valet i fjor trefte Mæland på ein gjeng politikarar på stemmesanking. Dei meinte nokre benkar enkelt burde la seg ordna. Etter kort tid fekk ho beskjed om at boccia-gjengen skulle få benkane dei ønska seg. Men benkane dukka aldri opp.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) innrømmer at dei har vore treige.
– Det er mange som har tatt kontakt om dette, seier han til Jærbladet.
Ifølge ordføraren har benkane stått i bestilling i lang tid. Kvifor prosessen stoppa opp og dei aldri vart levert, har han ikkje eit godt svar på.
Tidlegare i haust skreiv ho lesarbrev i Jærbladet, der ho gjentok ønsket om benkane.
«Eg saknar fire benker og litt forståelse for kva verkeleg ein benk eller fire kan bety for nokon», skreiv ho.
Lokal bedrift tok ansvar
Lesarbrevet fekk Maren Kvia i Hå Element til å reagera.
– Me produserer slike benkar på Vigrestad. Eg snakka litt med kollegaene mine, først litt på tull, om kanskje me skulle gje dei benkane. Dei som jobbar i fabrikken var veldig positive, så då sende eg ei melding til Andreas [Bjorland], fortel Kvia.
Onsdag 6. november vart fire benkar heiste på plass ved boccia-banen på Nærbø.
Det var varaordførar Svein Arve Nygård (Frp) som kontakta Mæland for å fortelja at nå kom det endeleg benkar.
– Eg heldt på å hoppa i taket. Eg trudde ikkje det var sant, seier ho og smiler.
– Her ser me effekten av lokale bedrifter som verkeleg bryr seg. Hå Element skal ha skryt for dette, seier han.
Kvia seier at for deira del er det berre gildt å kunna gje frå seg benkane til boccia-gjengen.
– Me er stolte over å halda til i kommunen og vil gjerne gje noko tilbake igjen, seier ho.
Den daglege leiaren legg til at det er gildare at benkane i parken er kortreiste og lokale enn at kommunen bestiller inn benkar utanfrå kommunen.
Kvia er godt kjend med kommunen sin visjon om å løfta i lag.
– Det er det me gjer nå. Det er gildt å sjå kor nøgde dei som spelar boccia vart, seier ho.
– For alle
Mæland oppmodar alle om å ta banen i bruk.
– Me treff kvarandre fast kvar onsdag klokka to, men banen kan brukast heile døgnet. Eg veit det til dømes er barnehagar som har vore her og spelt, seier ho.
Entusiasten seier eit boccia-sett kostar under 200 kroner. Sjølve spelet er ikkje spesielt vanskeleg, meiner ho.
– Alle kan hiva ei kule!
Bjorland kikkar seg rundt i det vesle parkdraget og seier at det neste nå, må vera fleire leikeapparat til ungar.
– Møteplassar og det å gjera noko i lag kan ikkje overvurderast, seier han.