Neste måndag vil datasenterselskapet Green Mountain og totalentreprenøren deira halda informasjonsmøte på klubbhuset til Lye IL.
– Greitt nok, men det er jo altfor seint! Det burde ha vore lenge sidan, der me fekk sjansen til å koma og stilla spørsmål, meiner Steinar Hobberstad Fjeld.
31. mai sende han ein e-post til Time kommune der han etterlyste eit oppklarande allmøte i kommunal regi. Lyebuen hadde lese i media om brakkeriggen med 600 arbeidarar, som var føreslått sett opp på Lyefjell i to år.
E-posten var stila til «rette vedkommende i Time kommune», og vart svart ut 1. juni av byggesakssjef Svein Harald Dyngen:
«Det har vært slikt møte. Torsdag 26 mars var dette nabomøtet. Dette møtet ble omtalt i media både før og etterpå.»
Så vidt nemnt på Undheim
Møtet byggesakssjefen viser til i e-posten, vart halde på Undheim samfunnshus.
Jærbladet var til stades, dagen etter kom saka «Green Mountain møtte nabolaget med lovnad om 100 faste jobbar».
Dagen før folkemøtet skreiv Jærbladet at JoB Arkitekter hadde søkt kommunen om å få setta opp totalt 15 brakker – 14 til bustad og éi til kantine – på eit 18 dekar stort område i botnen av Lyefjell.
Sjefen i entreprenørselskapet Backe vart sitert i saka om folkemøtet:
– Så mykje folk på éin plass krev litt. Me må prøva å gjera det så kjekt og bra som mogleg når folk skal bu i brakke i to år. Me skal sørga for eit bra sosialt miljø. Det er viktig for oss og for Green Mountain at dette fungerer godt, også for lokalbefolkninga. Med 600 menn på éin plass vil noko skje. Men me vil ha vakt og lokalt politi, og viss det skulle bli uro, ber me folk varsla oss. Dette må fungera bra, og det vil det viss me får beskjed om ting som skjer, meinte administrerande direktør Skjalg Lund.
Meiner naboane ikkje er høyrde
Steinar Hobberstad Fjeld var ikkje klar over at møtet var halde og skreiv det i eit svar til byggesakssjefen.
I etterkant har ein innbyggar, Betuel Frøyland, bede om innsyn i dokument Time kommune har knytte til informasjonsmøtet.
Kommunen har delt ein e-post frå Job Arkitekter, sendt nokre timar før vart halde. I e-posten står det:
«Det skal avholdes informasjonsmøte for naboene på Larheia i kveld kl 18 på Undheim Samfunnshus, til informasjon.
I same e-posten spør arkitekten om det skal sendast ut nabovarsel for bustadriggane, eller om det kan venta til tomt er valt.
Samstundes har André Vernholz og Silje Elisabeth Taksdal klaga på oppsettinga av bustadriggen. Onsdag, same dag som fristen går ut, har over 170 personar signert på at dei støttar klagen på nettstaden Opprop.net.
Dei bruker svaret frå byggesakssjefen til Hobberstad Fjeld som grunngjeving på kvifor dei meiner naboane sine bekymringar er neglisjerte. I klagen, som er omfattande, skriv dei:
Her ønsker vi å presisere at allmøtet på Undheim 26.03.2026 var et uforpliktende informasjonsmøte (folkemøte) av de private utbyggerne Green Mountain og Backe og ikke et offisielt politisk møte i regi av Time kommune noe man forventer i en så stor og inngripende sak.
Videre var hovedfokus i dette møtet rettet til selve datasenter og ikke plassering av midlertidige brakkerigg. Plasseringen på Lye Larheia var på dette tidspunktet fortsatt under vurdering.
Vurderte ikkje kommunal regi
4. juni vedtok utval for lokal utvikling, med 6 mot 3 røyster, å seia ja til søknaden om mellombels dispensasjon for oppføring av bustad- og kantinebrakker.
Saka har vore mykje omtalt i media, men berre fire naboar hadde sendt inn merknader innan fristen.
Svein Harald Dyngen seier at kommunen ikkje tenkte at det var behov for eit allmøte i kommunal regi før vedtaket.
– Me har ikkje tenkt det. Dei blir nabovarsla på vanleg måte, og blir ivaretatte på den måten. Green Mountain hadde eit òg møte på Undheim, som var både for dei i Larheia, og dei på Undheim.
Byggesakssjefen meiner klagarane ikkje har rett i påstanden om at naboane er blitt neglisjerte.
– Eg tenker at dei er blitt informerte gjennom media, og dei som er part i saka, har fått nabovarsel. Så har det vore ei politisk behandling, som er uttrykk for demokratiet. Nå blir det ei klagebehandling på det, seier Dyngen.
Han presiserer at tilgangen til å klaga er avgrensa til dei som har rettsleg klageinteresse. Ikkje alle som har signert på Opprop.net, er rekna som «part» i .
Planen heile tida
– Det har heile tida vore planen å invitera til eit nabolagsmøte for å informera og svara på spørsmål knytte til etableringa av bustadriggen, skriv kommunikasjonsjef i Green Mountain, Mette Berger Gulbrandsen, i eit e-postsvar.
Det komande nabolagsmøtet vart kunngjort i Jærbladet førre veke, er annonsert på nett og er delt på bygdesida Kæ skjer på Lye?
I innkallinga står det:
I forbindelse byggingen av datasenter på Undheim, og etablering av overnatting for ansatte på Lye, ønsker vi i DC Nordic og Green Mountain å invitere til nabolagsmøte.
I møtet vil vi informere om bygging og drift av boligriggen og dele våre erfaringer fra tidligere prosjekter. Vi vil også svare på spørsmål fra salen.
Derfor kjem møtet nå
Jærbladet har spurt kvifor møtet ikkje vart halde før Time kommune fatta vedtak om å legga brakkebyen til Larheia.
– Me og DC Nordics vurderte at det var mest relevant å gjennomføra eit slikt møte når det låg føre eit vedtak, slik at me kunne gje konkret og oppdatert informasjon om planane som faktisk skal gjennomførast, svarer Berger Gulbrandsen.
Ho viser til at naboer og andre berørte har fått informasjon før vedtaket i utvalet gjennom nabovarsel og har hatt moglegheit til å gje innspel i den formelle høyringsprosessen.
– Nå ønsker me derfor å samla naboer for å gje meir detaljert informasjon og svara på spørsmål. Me håper mange vil stilla då me ønsker ein god og open dialog med naboane på Lye. Lokale representantar vil bli presenterte slik at naboane òg veit kven dei kan ha dialogen med fremover, skriv kommunikasjonssjefen.