Nå er det duka for orden- og oppførsel-karakter igjen på Bryne vgs, etter tre år utan. Lærarstaben har delte meiningar om kva som er best.
Nå er det duka for orden- og oppførsel-karakter igjen på Bryne vgs, etter tre år utan. Lærarstaben har delte meiningar om kva som er best. Foto: Snorre Standish Norheim

«God». «Nokså god». «Lite god».

Karakteren i orden og oppførsel er ikkje som karakteren i norsk eller andre fag.

For her kan det berre gå nedover frå normalen for dei som gløymer, svarer frekt, kjem for seint eller lagar bråk.

Dei tre siste skuleåra har elevane ved Bryne vgs. ikkje fått karakteren som fortel korleis dei utviklar seg sosialt.

«Brennemerke»

Tilhengarar av det landsomfattande prøveprosjektet har kalla orden- og oppførselskarakterar for eit «brennemerke».

Dei legg vekt på at elevar kjem frå heilt ulike miljø: Nokre frå villa, andre frå tronge bustader med rom dei deler med småsøsken.

Forsking tyder på at denne karakteren blir brukt svært ulikt på ulike skular (sjå faktaramme).

Nå er det uansett slutt på pilotprosjektet som ein handfull skular i Rogaland har vore med på. I heile landet har rundt 80 skular deltatt i forsøket, som er godkjent av Utdanningsdirektoratet.

Når det nye skuleåret tar til i august, er det eit år som vil enda med full pakke av karakterar, også i orden og oppførsel.

- Eg har trua på dette, seier Trond Hoel, rektor Bryne vgs, om samtalar mellom lærar og elev i staden for orden- og oppførsel-karakter.
- Eg har trua på dette, seier Trond Hoel, rektor Bryne vgs, om samtalar mellom lærar og elev i staden for orden- og oppførsel-karakter. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Lærarstaben delt

Rektor Trond Hoel har vore tilhengar av skule utan.

– Eg har trua på det, seier han.

– Men eg ser jo òg utfordringane med å ikkje ha det.

Staben hans er delt i vurderingane, seier Hoel.

– Ein del av dei tilsette sakna å ha karakter. Andre synest det har vore veldig godt utan.

Skiljet går til dels mellom lærarar på studiespesialiserande og kollegaene på yrkesfag, seier han.

– Lærarar på yrkesfag er meir opptatt av å bygga arbeidsetikk og yrkesmoral hos elevane våre, dette er ein del av opplæringa. Bedriftene som tar i mot lærlingar, er opptatt av orden og åtferd. Det faglege kan dei jobba med. Men viss dei ikkje veit kor danna eleven er, kvir dei seg, meiner Hoel.

Den aller viktigaste opplysninga på vitnemålet, er fråværet, meiner dagleg leiar Gabriel Høyland i Haaland Industri.
Den aller viktigaste opplysninga på vitnemålet, er fråværet, meiner dagleg leiar Gabriel Høyland i Haaland Industri. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Fråvær den viktigaste markøren

Haaland Industri i Stokkalandsmarka har for tida åtte lærlingar, ifølge dagleg leiar Gabriel Høyland.

Bedrifta får vitnemålet til dei som vil bli lærlingar.

– Betyr det noko frå eller til om elevane har karakter i orden og oppførsel?

– Me er meir opphengd i fråvær. Høgt skulefråvær kan vera grunn til å utelukka enkelte, seier Høyland.

Men litt dårleg ordenskarakter treng ikkje å vera avgjerande for sjansane i dette selskapet.

– Dei kan formast, dei òg, og bli gode arbeidskarar. Dei som sit stilt, er ikkje alltid dei beste til å jobba, seier Gabriel Høyland.

Dei er vande med «litt av kvart».

– Men stort sett får me berre flotte ungdommar, seier sjefen i Haaland Industri.

Haaland Industri i Stokkalandsmarka tar imot mange lærlingar frå Bryne vgs. - Stort sett får me berre flotte ungdommar, seier sjefen.
Haaland Industri i Stokkalandsmarka tar imot mange lærlingar frå Bryne vgs. - Stort sett får me berre flotte ungdommar, seier sjefen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Avhengige av gode haldningar

Tor Martin Serigstad er overraska over å høyra om pilotprosjektet med å fjerna karakteren i orden og oppførsel.

– Det var eg faktisk ikkje klar over. Det er spesielt å ta vekk ein så viktig karakter, meiner leiaren i lærlingavdelinga hos Aarbakke.

Industribedrifta tar inn rundt 20 lærlingar i året, og i siste uttak hadde rundt 100 kandidatar søkt plass hos dei.

Orden og åtferd er viktig hos Aarbakke, slår Serigstad fast.

Å komma på tida er del av dette.

– Viss me skal ha det kjekt i lag, er me avhengige av at folk har gode haldningar.

Tor Martin Serigstad, opplæringsansvarleg i Aarbakke, er sentral når bedrifta intervjuer kandidatar til lærlingplassar. Eigen vilje og lyst er den viktigaste kvalifikasjonen han ser etter.
Tor Martin Serigstad, opplæringsansvarleg i Aarbakke, er sentral når bedrifta intervjuer kandidatar til lærlingplassar. Eigen vilje og lyst er den viktigaste kvalifikasjonen han ser etter. Foto: Foto: Alise Lea Tiller

Kompani Aarbakke

Internt har dei Kompani Aarbakke, eit opplegg der lærlingane to gongar i løpet av læretida får karakter inspirert av tv-serien Kompani Lauritzen: «Norm», «litt under norm», «under norm», «litt over norm» og «over norm».

Lærlingane synest dette er utruleg kjekt, ifølge Serigstad.

– Dei blir sett og får respekt når dei har gjort ein god jobb.

Det heilt avgjerande i uttaksprosessen hos Aarbakke er likevel ikkje karakterar, seier lærlingsjefen.

– Me kan bidra til at dei utviklar seg og får ut potensialet sitt. Karakterar er ein del av vurderinga. Men det avgjerande er at dei sjølv har vilje og lyst. Då kan me legga til rette så dei kan bli så flinke dei vil, seier Tor Martin Serigstad.

Aarbakke tar inn rundt 20 lærlingar i året, mange frå Bryne vgs.
Aarbakke tar inn rundt 20 lærlingar i året, mange frå Bryne vgs. Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland

Forventningar uansett

Dei aller fleste vil klara seg, anten dei får orden- og oppførselskarakter eller ikkje, trur rektor Trond Hoel ved Bryne vgs.

– 95 prosent av elevane er fantastiske. Fem prosent er også fantastiske, men slit litt. Dei som slit når me ikkje har karakterar, er dei same som vil slita når me har det. Det me uansett må jobba med, er det relasjonelle, meiner rektor.

Skulen har to oppgåver, påpeiker Trond Hoel: Å utdanna og å danna.

Ingen karakter betyr ikkje at skulen ikkje har hatt forventningar til ungdommane, understrekar han.

– Men i staden for merknader, har læraren tatt ein prat med den det gjeld og har jobba med det relasjonelle. Alle lærarane har måtta jobba med å bygga gode band med elevane. Dette er me gode på Bryne, og dette skal vi sjølvsagt framleis ha fokus på.