Øyvind Salte, nabo av det komande seniorkonseptet på Sporafjell, trur lågare busetnad nord og aust for punkthusa kan miste mykje av sola i delar av året.
Øyvind Salte, nabo av det komande seniorkonseptet på Sporafjell, trur lågare busetnad nord og aust for punkthusa kan miste mykje av sola i delar av året. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Eg er veldig positiv til seniorkonseptet, og me visste at området skulle byggast ut då me kjøpte huset i 2018. Men me forstår ikkje kvifor dei vil bygge blokker her oppe.

Det seier Øyvind Salte.

Han er blant dei næraste naboane til det 20 dekar store området på Sporafjell, som kommunestyret i Klepp nyleg vedtok at Ineo Eiendom får kjøpe og utvikle.

På området skal det byggast bustader for alle aldersgrupper. Men i konkurransen som kommunen la ut i fjor, var hovudmålsettinga å utvikle areal til eit seniorkonsept.

Tanken er at eldre flyttar frå einebustaden sin til ein universelt utforma bustad, og dermed kan bu heime lengre.

Delen av bustadene som skal leggast til rette for den eldste gruppa, er på dei foreløpige skissene teikna inn som tre punkthus – frittliggande, høge hus med lita grunnflate, kor leilegheitene er samla rundt éin oppgang. Det kan også kallast blokker.

– Får dei rett i fleisen

For Salte er plasseringa av dei fire etasjar høge blokkene svært ugunstig. Dei er føreslått heilt i kant med eigedommen til huset hans, som er ein bustad i rekke.

– Me får dei rett i fleisen. Når dei sit på terrassane sine, ser dei rett ned på fleire sine hagar, seier han.

Han vedgår at det er positivt å bygge i høgda for å spare matjord, men viser også til at dei fleste bygningane i området har to etasjar eller mindre. Dette meiner han ikkje er tatt omsyn til.

Øyvind Salte er kanskje næraste nabo til dei føreslåtte høge husa på Sporafjell.
Øyvind Salte er kanskje næraste nabo til dei føreslåtte høge husa på Sporafjell. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Salte synest løysingane det er lagt opp til i forbindelse med seniorkonseptet er spennande, for eksempel drivhus på tuna og blandinga av generasjonar. Han er 63 år og kunne til og med tenkt seg å kjøpe seg inn i eit seniorkonsept sjølv.

Men punkthusa, blokkene, meiner han er feilslåtte.

– Når me snakkar med våre kjende i vår generasjon, høyrer me at denne generasjonen i dag er mindre opptatt av å bu i små leilegheiter. Helsa endrar seg, me klarar meir, og ønskjer heller eit lettstelt rekkehus og ein liten terrasse, seier han.

Blokkene er føreslått plassert i den sørlegaste enden av utbyggingsområdet. Dette vil ikkje skugge for eigedommen hans, men han fryktar husa og tunet som skal byggast litt nord og aust for blokkene i same delfelt, vil få dårlege solforhold i delar av året.

– Ein vil miste vidsynet og det vil skuggelegge området. Viss blokkene skal byggast, meiner eg dei burde ha vore plassert i det nord-austlegaste hjørnet av delfeltet, men det er høgda eg kjem til å kjempe mest for å få ned, seier han.

Vil bygge høgare enn dei kan

– Nokon vil kanskje tenke at dette er ei kampsak fordi det går negativt ut over akkurat din eigedom?

– Sjølvsagt er det ein kombinasjon. Men det går på at eg har tankar om å flytte dit sjølv, og så reagerer eg på høgda og plasseringa av blokkene, understrekar Salte.

Han seier at han visste at det skulle byggast på naboområdet då han kjøpte huset sitt, men trudde det var snakk om bygg av same karakter og høgde som allereie finst i området.

Han stiller særleg spørsmål ved bygghøgda i lys av at området har ei spesiell høgdeavgrensing. Heilt øvst på Sporafjell ligg nemleg ein gravhaug, som skal ha fri siktlinje til havet.

Dette er også noko Ineo er klar over.

På andre sida av trea og den vesle steinmuren er punkthusa føreslått plassert, ganske tett på. Salte står her på terrassen sin.
På andre sida av trea og den vesle steinmuren er punkthusa føreslått plassert, ganske tett på. Salte står her på terrassen sin. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Før formannskapsmøtet i slutten av januar sa Randi Augenstein frå Vilbo, eit selskap etablert av Ineo, at den høgste delen av busetnaden blei lagt sør i forslaget for å bevare utsikta for gravrøysa.

«Deler av bygningsmassen i seniorkonseptet har kotehøyde over høyde fastsatt høyde i områderegulering. Kjøper vil jobbe aktivt gjennom reguleringsplanprosessen for å få godkjent denne høyden. Dersom det ikke er mulig å finne en løsning med foreslått høyde, vil selger ha dialog med kjøper om alternativ løsning for realisering av seniorkonseptet», heiter det i kjøpsavtalen.

I saka som var oppe i kommunestyret, der Ineo sitt forslag gjekk einstemmig gjennom, skriv kommunedirektør Torild Lende Fjermestad at det vil kunne kome endringar i seniorkonseptet.

«Det er nokre utfordringar knytt til byggehøgde for Vilbo prosjektet slik det er foreslått. Kommunen er positiv til den føreslåtte løysinga, og meiner den ikkje vil ha negative konsekvensar. Viss det i reguleringsprosessen vert krevd endring i byggehøgde vil dette kunne medføre ein reduksjon i antal seniorbustader i Vilbo prosjektet frå 30 til 25».

Skal gjennom regulering

Salte var usikker på om han ville stille til artikkelen i Jærbladet no, då prosjektet framleis er på eit tidleg stadium.

På brevet han sende til Klepp kommune, fekk han som svar at tildelinga i kommunestyret handla om kven som får moglegheit til å utvikle bustadområdet.

«Før dei kan gå vidare med eit konkret prosjekt, må det bli utarbeida ein reguleringsplan. Naboar, overordna myndigheiter og andre råka vil då få brev med varsel om oppstart av reguleringsarbeidet og kan kome med innspel før reguleringsplanen blir utarbeida», skriv Nina Bjørke Midbrød, som er fagansvarleg innan arealplan i kommunen.

«Når det ligg føre eit planforslag får politikarane det til behandling. Dette forslaget blir så sendt på høyring til naboar og andre råka som igjen kan kome med innspel, før planen til slutt blir politisk behandla og vedtatt av kommunestyret», held ho fram.

Salte meiner likevel det er viktig å løfte stemma si så tidleg som mogleg.

Han er opptatt av at politikarane vurderer heilskapen i konseptet.

– Gode argument for å få det godkjend

Fridtjov Helland (H) har vore særleg positiv til å bygge høgt heile vegen.

– Då me la dette prosjektet ut på anbod bad eg om at det her må byggast høgt, sidan det ikkje skjuler utsikt eller lys for nokon. Men det fekk me ikkje lov til på grunn av gravhaugen som bak skulle ha fri utsikt. Det er noko eg ikkje forstår her. Men høgder og høgdeutnytting blei mykje betre i dette forslaget enn eg hadde forventa, sa han frå talarstolen frå kommunestyremøtet 9. februar.

Eit oversiktsbilete som viser det aktuelle området som skal byggast ut, tre markerte delfelt. Punkthusa er føreslått heilt nede i det sørlegaste hjørnet.
Eit oversiktsbilete som viser det aktuelle området som skal byggast ut, tre markerte delfelt. Punkthusa er føreslått heilt nede i det sørlegaste hjørnet. Foto: Foto: Skjermbilete

Venstre stilte administrasjonen spørsmål kring høgdeavgrensinga før møtet. Dei lurte på realismen i å få godkjend ein reguleringsplan trass for høge bygg, og kva som er erfaringa frå tidlegare utbygging på Sporafjell.

– Då det blei diskutert i reguleringsplanprosessen var det snakk om generell høgde. No er det enkeltpunkt der busetnaden vil gå litt over den regulerte høgda, og der trur og håpar me at når overordna myndigheiter må ta stilling til om siktlinja for gravminne er viktigare enn tilrettelegging for seniorbustader og god arealutnytting, vil det siste vinne, sa kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen.

– Me meiner at det er gode argument for at ein kan få godkjent det som ligg føre no, fordi no er det heilt konkret kor det er.

Venstre lurte også på korleis ordføraren reknar risikoen «å bevisst bryte reglane på denne måten og håpe på det beste», og om ein då risikerer å ende opp med eit prosjekt som ikke er likt det på teikningane.

– Den regulerte byggehøgda er lagt som ei føresetnad i konkurransen. I prosessen var det fleire som hadde utfordringar med den. Det har vore ein del av forhandlingane, og gjennom avtalen som ligg føre har me funne ei mogleg løysing om ein ikkje kan oppretthalde den føreslåtte byggehøgda. Dei vil då bygge det same konseptet med dei same funksjonalitetane og kvalitetane, men med litt færre leilegheiter, sa Hannisdal.

Ordførar Kjetil Maudal stilte seg bak svaret.