Området ved Bryne skule skal fortettast. Bustadene i forgrunnen er under bygging. Nå nærmar det seg for blokkene òg.
Området ved Bryne skule skal fortettast. Bustadene i forgrunnen er under bygging. Nå nærmar det seg for blokkene òg. Foto: ARC Arkitektur

«To elegante, lave bygg skal reise seg på høyden ved 1900-huset i Gamle Hognestad veg.»

Det skriv utbyggarane bak prosjektet Solhaug, om dei 23 leilegheitene Masiv og Byggelaget vil bygga ved Bryne skule.

– Me «teasar» salet nå, og så kjem leilegheitene til sal over sommaren, fortel Per Inge Ree, dagleg leiar i Byggelaget.

Frå tre til to

«Teasa» kan dei gjera fordi Statsforvaltaren i Rogaland har godkjent ei endring, som går ut på å bygga to blokker i staden for tre.

Endringa i forhold til reguleringsplanen viste seg å vera nødvendig for at utbygginga skulle tilfredsstilla brannsikringskrav.

To par, busette i dei nærmaste husa, meiner endringane er for store, og at dei går for mykje utover deira solforhold og utsikt.

Statsforvaltaren innleier sitt svar med å ønska fortetting i sentrumsområda velkomen, slik endringa legg til rette for.

Han er likevel samd i at bygget vil opplevast meir massivt for naboane, enn då det var brote opp i to byggmassar.

Luft og lys som tidlegare kom mellom bygningane vil forsvinna, peikar han på; dette vil vera særleg negativt for naboane i aust.

Han legg vekt på at hovudgrepet i planen i liten grad er endra, og på at synspunkta til naboane vart høyrde av lokalpolitikarane.

– Dette var godt opplyst under saksbehandlinga og kommunen har valt denne løysinga sjølv om dei var godt kjende med ulempene for naboane. Statsforvaltaren finn at saka var godt opplyst og at kommunen har grunngitt kvifor endringa blei godkjent.

Avvisning på Lye

To privatpersonar har klaga på områdeplanen for Larheia på Lye. Eit jordbruksområde skal byggast ut og bli bustadfelt.

Statsforvaltaren i Rogaland har stadfesta kommunen sitt administrative vedtak om å avvisa klagene deira.

Kommunen la til grunn at ingen av klagarane er gjevne rettsleg klageinteresse gjennom forvaltningsloven § 28:

[Klagar 1] har felles adresse 2,1 km søraust for planområdet og ca. 1,2 km frå Salsvatnet/Høylandsvatnet. [Klagar 2] har adresse 0,6 km nordaust for planområdet. Alle avstandar er målt i luftlinje. Planområdet består av Gnr/bnr -22/17 – 22/26 og 23/2, kor køyretilkomst skjer via Lyevegen. Ingen av klagarane har køyretilkomst frå denne vegen. Kommunedirektøren kan heller ikkje sjå at det ligg føre dokumentasjon som viser fjernverknadar som påverkar klager direkte utover det ein kan forventa frå eit bustadfelt.

Klagarane er ikkje nabo til området som er regulert, og har heller ikkje hatt krav på nabovarsel etter plan- og bygningslova sine reglar. Kommunedirektøren kan heller ikkje sjå at det ligg føre andre forhold som gjer at klagarane kan reknast for å ha ei tilknyting til saka som er av slik art og styrkje at det er rimeleg å gje eit rettskrav på å få avgjerda overprøvd.»

Eit sterkt personleg engasjement for saka, som gjeld utbygging på jordbruksjord, er ikkje tilstrekkeleg, stadfestar Statsforvaltaren.

Lovleg sving

På Håland utanfor Bryne har Dalema utvida høglageret. Dalema har også fått utvida ein intern køyreveg på adressa Industrivegen 1.

I samband med arbeid knytt til nye vann- og avløpsleidningar var det nødvendig å mellombels fjerna ein støttemur og del av jordvoll som låg inne i regulert vegetasjonsbelte.

Muren vart tidlegare oppført i 2016, og det vart søkt om å føra han opp på same stad som den sto tidlegare. Allereie i 2015 vart det gjeve dispensasjon for omdisponering av delar av vegetasjonsbelte til trafikkareal.

Men det vart gjort ein formell feil: Søknaden vart ikkje nabovarsla og naboane vart derfor ikkje orienterte om vedtaket og fekk heller ikkje moglegheit til å klaga.

Den nye søknaden vart godkjent administrativt, men vart klaga på av naboar.

Vedtaket konstaterte at fordelane ved å gje dispensasjon – at det blir mogleg å køyra med større køyretøy rundt hjørnet på bygget – er klart større enn ulempene.

Klaga vart avvist av utval for lokal utvikling, etter ei synfaring. Statsforvaltaren har nå stadfesta vedtaket kommunalsjef samfunn gjorde, og som politikarane stilte seg bak.