Bustadfeltet Hagebyen II vart ikkje som tenkt, fortel Thomas Ask, tomteeigar i Bekkevegen sidan 1976.
Ein nabo protesterte mot å få ein leikeplass kloss inntil hagen sin. Då vart leikeplassen flytta til andre enden av feltet, og tok der plassen til ei bustadtomt.
Denne meiner Thomas Ask at det er han og naboane som eig.
Etter at kommunen eksproprierte jorda til grunneigar Jakob Frøyland, vart det våren 1976 inngått avtale om tomtesal med ti kjøparar.
Ask viser at kjøpesummen for tomta utgjorde ein mindre del, 14.122 kroner, og peikar på ein refusjon i neste avsnitt i kontrakten.
– Faktisk vart det betalt ein større sum for friarealet, enn me gav for tomta. Det er ein vesentleg kostnad.
Naboane er samde
Ein privatperson på Frøyland har bede om innsyn hjå kommunen, og fått tilsendt kjøpskontraktar og skøyte for Hagebyen II.
Innsynet, som er delt med Jærbladet, viser at ti bustader sit på tilnærma identiske dokument.
Time kommune er tidlegare gjort kjent med synspunktet til naboane i Bekkevegen.
I 2024 fekk Ask veta at kommunen vurderte å bygga bustader for unge personar med stort hjelpebehov på tomta – eit såkalla foreldreinitiativ. Då skreiv Ask at han og naboane har kjøpt og betalt for friarealet.
Selt til utbyggar
Nyleg skreiv ein fjerde nabo, Simon Killingland Hana, eit detaljert brev til kommunen.
Der gjer han greie for dei historiske dokumenta, og spør kvifor ikkje kommunen tok kontakt før friarealet i oktober 2025 vart selt til ein privat utbyggar:
«Dette kom overraskende på flere av oss i nabolaget, og vi ønsker derfor en nærmere avklaring av eierskapet til dette arealet før prosjektet eventuelt går videre.»
Spør kommunalsjefen
– Det skal bli løye å høyra kva kommunen svarer på spørsmåla. Kvifor har dei inngått ein avtale der, utan å informera oss naboar? Kvifor har dei selt tomta til ein rimeleg pris? seier Thomas Ask onsdag.
Før torsdagens møte i utval for lokal utvikling har SV-politikar Øystein Nereng, som er busett på Kvernaland, stilt fleire spørsmål om salet til Jærbygg Prosjekt AS.
Eitt av spørsmåla er:
– Om lag halvparten av tomta tilhøyrer bnr 387. Arealet blei i 1976 ekspropriert, og seld som fellesareal til tomtekjøparane i Bekkevegen. Det ser for underteikna ut som om kommunen sel areal dei ikkje eig. Kan kommunalsjefen redegjøre hva som er faktisk situasjon for tomta?
Snur bevisbyrda
Kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl, signerte på vegner av kommunen.
Torsdag svarte han på spørsmåla frå SV-representanten.
– Time kommune er registrert som tinglyst eigar av eigedommen i grunnboka. Det er dette som er den offisielle kjelda ein må ta utgangspunkt i spørsmål om kven som er heimelshavar til fast eigedom. Det er ikkje Time kommune som har bevisbyrda på seg.
Refusjonen som naboane peikar på som grunnlag for at dei er faktiske eigarane, forklarer kommunalsjefen som tilbakebetaling av utgifter kommunen hadde ved opparbeiding av infrastrukturen til bustadfeltet.
– Det var ikkje ei eigedomsoverdraging av desse areala, meiner han.
Finst ein måte å få svar
Bjorland Dahl sa at spørsmålet om eigarskap var blitt undersøkt av kommuneadvokaten i samband med foreldreinitiativet i 2024.
Då kommunalsjefen igjen viste til grunnboka, følgde Nereng opp med å spørja om ikkje det hadde vore naturleg å førebu grunnen betre for salet, all den tid kommunen visste at naboane meiner at dei eig er eigarane av friarealet.
– Eg kan forstå spørsmålet. Samstundes er det sånn i Norge at det er grunnboka som regulerer om du eig huset ditt. Viss eg kjem med eit dokument frå syttitalet, og seier at eg eig det, så har eg bevisbyrda. Det er ikkje du som må forsvara kvifor du eig det, og det same gjeld for kommunen.
Naboane har ein mekanisme dersom dei ønsker å få avklart saka éin gong for alle, sa Bjorland Dahl.
– Det er eventuelt å ta det vidare til jordskifteretten, for å få eit svar, og det er ingen som har gjort i desse åra. At kommunen har lagt grunnboka til grunn, har vore kjent i alle fall sidan foreldreinitiativet i 2024.