På det jamne har det vore ei relativt roleg politihelg på Jæren. Dei store oppdraga har nok vore andre stadar i distriktet. Litt har det likevel vore.
På fredag, litt før midnatt, fekk ein utestad problem med ein av gjestene sine. Utestaden kontakta politiet, som enda opp med å bortvisa gjesten. Gjesten, ein mann i 30-åra, fekk beskjed om å halda seg vekke frå Bryne sentrum fram til neste morgon.
Laurdag formiddag var det ein annan mann i 30-åra som hamna i trøbbel med politiet. Mannen blei anmeldt for heleri av ein sykkel.
– Han hadde ein elsykkel som politiet mistenker kan vera stolen, seier politioverbetjent Thomas Thue ved Jæren politistasjon.
Ut over dette har ikkje politidistriktet hatt dei store oppdraga på Jæren denne helga.
Thue fortel at dei fekk eit par meldingar om at natteroa blei forstyrra, av typen høg musikk lenge etter midnatt, både på Bryne og på Lye.
– Men politiet hadde ikkje kapasitet til å rykka ut, seier Thue.
Jærbladet har tidlegare omtalt eit arbeidsuhell ved Q-meieriet laurdag formiddag og ein bil som køyrde av vegen nær Eikeland sundag kveld.