– Me ville feira fellesskapet og samhaldet her i burettslaga våre, seier Marte Hagerup Røken i arrangementskomiteen.

For noverande og tidlegare bebuarar

Laurdag ettermiddag var det pynta til fest i burettslaga Dalen og Jubevollen på Bryne. Flagga vaia frå balkongane, og det var hengt opp vimplar og kunstverk.

Det var mykje folk og god stemning mellom garasjane i burettslaga Dalen og Jubevollen laurdag ettermiddag, då det var feiring av 50-årsdagen for stiftinga.
Det var mykje folk og god stemning mellom garasjane i burettslaga Dalen og Jubevollen laurdag ettermiddag, då det var feiring av 50-årsdagen for stiftinga. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Mellom garasjane var det rigga til som ei gigantisk utestove – med mogelegheit for å søkja ly både i partyteltet og i fleire fint innreia garasjar – og det var sett fram god mat og god drikke.

Årsak: 7. september i år var det 50 år sidan dei to burettslaga blei stifta.

Bygginga av og innflyttinga i dei totalt 60 bueiningane skjedde deretter over rundt to år.

Gata var pynta med namneskilt, flagg, vimplar og mykje meir.
Gata var pynta med namneskilt, flagg, vimplar og mykje meir. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Me har invitert alle som bur her no. Samtidig har me prøvd å få spreidd ryktet om festen til dei som har budd her tidlegare. Dei er også inviterte, fortel Fjóla Helene Særheim i arrangementskomiteen.

Fjóla Helene Særheim i arrangementskomiteen steiker lappar. Nett desse blei litt lyse, for sikringa gjekk.
Fjóla Helene Særheim i arrangementskomiteen steiker lappar. Nett desse blei litt lyse, for sikringa gjekk. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Mykje godt å forsyna seg av på festbordet inne i det som til vanleg er ein garasje.
Mykje godt å forsyna seg av på festbordet inne i det som til vanleg er ein garasje. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Dei har jobba i tre månaders tid med den store festen, og var godt nøgde med oppmøtet og stemninga laurdag.

Burettslaga i Rosseland-krinsen var også glade for å få besøk av Jærbladet, som berre har vore på besøk ein einaste gong før i løpet av dei 50 åra, har dei funne ut.

Oppslaget frå 14. november 1978 slår fast at dugnadane med å få bygd tre leikeplassar har vore ein stor suksess – og no heng ei utskrift sentralt plassert på festområdet.

Har budd her sidan huset var nytt

Ein av deltakarane på festen laurdag var Lulla Worsøe, som er den einaste som har budd i burettslaget sidan det var nytt.

Lulla Worsøe er den einaste som har budd i Dalen burettslag heilt sidan det var nytt. – Eit paradis, seier ho om staden der ho bur.
Lulla Worsøe er den einaste som har budd i Dalen burettslag heilt sidan det var nytt. – Eit paradis, seier ho om staden der ho bur. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Ho flytta inn i februar 1977, fortel ho, og ho trivst godt i Dalen burettslag.

– Det er eit paradis, slår ho fast.

Lulla trekkjer fram at det er eit stille og trygt nabolag, der folk kjenner kvarandre, og mimrar tilbake til tida då ungane brukte hagen hennar ut mot friområdet som snarveg. Det var ein god måte å bli kjend med dei på.

Ho set også pris på at tidlegare naboar har teke turen til 50-årsfesten for burettslaget.

– Sjølvsagt måtte eg vera med her i dag. Det er festleg at dei unge set i gang med ei slik feiring, seier Lulla Worsøe.

Lulla Worsøe (i midten) saman med dei to tidlegare naboane Camilla Guddal (t.v.) og Trine Skodje.
Lulla Worsøe (i midten) saman med dei to tidlegare naboane Camilla Guddal (t.v.) og Trine Skodje. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Konfransier Marte Hagerup Røken ønskjer velkommen til festen.
Konfransier Marte Hagerup Røken ønskjer velkommen til festen. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Signe Irene Time er eit kjend namn frå musikkscenen, og var eit naturleg val som musikalsk ansvarleg på nabolagsfesten.
Signe Irene Time er eit kjend namn frå musikkscenen, og var eit naturleg val som musikalsk ansvarleg på nabolagsfesten. Foto: Foto: Åge Bjørnevik