Fossilbilentuasisten og bruktbilseljaren måtte innrømma at det fungerer med elbil. – Eg trur på framtida. Men eg er unnskyldt, for utanom denne her, har eg mange fine fossilbilar, sa Andreas Brudeng, brydd eigar av ein elektrisk pickup.
Fossilbilentuasisten og bruktbilseljaren måtte innrømma at det fungerer med elbil. – Eg trur på framtida. Men eg er unnskyldt, for utanom denne her, har eg mange fine fossilbilar, sa Andreas Brudeng, brydd eigar av ein elektrisk pickup. Foto: Snorre Standish Norheim

Andreas Budeng har brukt føremiddagen i Sandtangen med ungane. Nå lempar han syklane til Ingrid (5) og Eskild (7) bak på lasteplanet på den tre tonn tunge Forden som står parkert framfor rådhuset på Bryne.

Budeng fortel at han sel bruktbilar som hobby, og at han derfor treng ein kraftig bil som kan trekka ein tilhengar som veg 3,5 tonn.

– Eg sel mest fossile bilar, fordi eg har i grunnen alltid likt fossile bilar. Det er ein lidenskap eg har.

– Kva råd ville du gjeve amerikanarane som snart kjem her for å høyra om elbilar?

– Eg ville gjeve dei tommel opp, hald det gåande. Eg liker lukta av bensin og lyden av skikkelege brøl. Me kan ikkje berre gå elektrisk – men eg skal vera den første til å innrømma at det fungerer irriterande bra.

For sjølv han har gått elbil på privaten – ein Ford F-150 Lightning med fem sete, stort lasteplan og imponerande trekkraft.

Andreas Budeng kom rett frå Sandtangen då han vart spurt om sine erfaringar som bruktbilforhandlar. Éin av kundane viser seg å vera Ketil Solvik-Olsen, som handla ein amerikansk fossil pickup.
Andreas Budeng kom rett frå Sandtangen då han vart spurt om sine erfaringar som bruktbilforhandlar. Éin av kundane viser seg å vera Ketil Solvik-Olsen, som handla ein amerikansk fossil pickup. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Frå heile USA

Sundag hadde den tidlegare stortingsrepresentanten og samferdselsministeren frå Frp, Ketil Solvik-Olsen, invitert ein gjeng amerikanarar til Rogaland og heimstaden Bryne.

Delegasjonen har vore i Oslo på konferanse om elektrifisering av transportsektoren. Og når dei først skulle til Norge, meinte ekspolitikaren at det ikkje går an berre å visa korleis politikken fungerer i storbyen.

Deltakarane på det vekelange opplegget er kommunetoppar, professorar, konsulentar og forretningsfolk, frå alle hjørne av USA: California, Georgia, New York, Nebraska, Nord-Carolina, Alabama, Indiana og Massachussets.

– Det dei har til felles, er eit ønske om å forstå korleis Norge har lukkast med grøn transport og infrastruktur: Kor me har gjort dei rette tinga, og kor me i ettertid ser at me ikkje ville gjort det akkurat sånn, fortel Solvik-Olsen til Jærbladet.

Ketil Solvik-Olsen voks opp på ein bensinstasjon i Storgata på Bryne. Sundag kunne han – heilt tilfeldig – bruka ein annan fossilbilentusiast, Andreas Budeng, som eit eksempel på det store norske elbilskiftet.
Ketil Solvik-Olsen voks opp på ein bensinstasjon i Storgata på Bryne. Sundag kunne han – heilt tilfeldig – bruka ein annan fossilbilentusiast, Andreas Budeng, som eit eksempel på det store norske elbilskiftet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Miks av folk

Deltakarane representerer både offentleg forvaltning, næringslivet, akademia og NGO-ar, og mange av dei har ikkje møttest tidlegare.

– Det er ein miks av folk som ønsker å løysa pragmatiske spørsmål. Alle har ei interesse i å finna ut korleis me kan gjera dette heime hjå oss, utan å måtta ta med seg barnesjukdommane, seier Solvik-Olsen.

Conservative Energy Network soknar til dømes til eit republikansk parti som på føderalstatnivå går aktivt imot alt av klima- og miljøverntiltak. Dette nettverket motiverer interessa for grøn transportpolitikk ut frå omsynet til energitryggleik.

Politikk er ikkje blitt mykje diskutert, men Solvik-Olsen er blitt spurt om å fortelja om korleis nordmenn oppfattar USA. Sjølv er han opptatt av at landet er meir enn det politiske toppsjiktet.

– Men eg kjem til å vera ærleg på at det er litt utfordrande å seia at du er USA-ven nå, fordi du blir assosiert med at du støttar Trump, sjølv om det ikkje treng vera sånn. Eg var USA-ven både då Reagan var president, og då demokratiske Clinton var president.

Deltakarane kjem frå heile USA. Poenget med å ta dei til nabolaget Tunheimgarden på Bryne var å visa korleis elbilane har vunne terreng i heile Norge.
Deltakarane kjem frå heile USA. Poenget med å ta dei til nabolaget Tunheimgarden på Bryne var å visa korleis elbilane har vunne terreng i heile Norge. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Jærperspektiv

Opplegget i Norge er i regi av norske konsulen i Atlanta, og har vore planlagt i eit halvt års tid. Unntaket er besøket til Time kommune, som kom i stand på kort tids varsel.

Solvik-Olsen fortel at han ville gje deltakarane eit «jærperspektiv» på elbilpolitikken. Det fekk delegasjonen servert av kommunalsjefen med ansvar for samfunn og kultur i Time.

Reid Ivar Bjorland Dahl måtte innrømma at det i grunnen var fort gjort, etter som elbilpolitikken er nasjonal og bestemt på Stortinget.

For Time sin del vedtok kommunestyret i 2020 å gå for elbilar når kommunen skal handla inn nye køyretøy til bilparken. På grunn av beredskapsomsyn har kommunen nyleg bestemt at eit par bilar skal vera fossile, på grunn av tryggleiksituasjonen.

Meir enn presentasjon av elbilpolitikken, heldt kommunedirektøren og kommunalsjefen ein presentasjon av Time kommune. Jordbruket og identiteten som er knytt til det, vart framheva.
Meir enn presentasjon av elbilpolitikken, heldt kommunedirektøren og kommunalsjefen ein presentasjon av Time kommune. Jordbruket og identiteten som er knytt til det, vart framheva. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Talas klare tale

– Me kjøper dei, dei fungerer, og stort meir er det ikkje å seia, fortalde kommunalsjef Bjorland Dahl om elbilane.

Han viste ein graf frå Statistisk sentralbyrå som viser utviklinga i Time kommune, der elbil i 2025 var blitt den vanlegaste biltypen.

Éin ting er å vera på elbilkonferanse i Oslo, der folk bur tett, det er tilgang på kapital og offentleg transport, men Jæren er noko anna. Her måtte planleggarane av Bryne vgs. ta omsyn til at ungdommane kjem til skulen i traktor.

– Dette er eit jordbruksområde, som er meir som landlege Georgia enn urbane Atlanta. Sjølv her, der folk elskar bilen og traktoren, har me fått eit elektrisk skifte i privattransport, sa Bjorland Dahl.

I Klepp og særleg Hå, er framleis dieselbil den vanlegaste biltypen. Men dieseltala er fallande, og elbiltala aukar.

I kategorien «anna drivstoff» skjuler hybridbilane seg, dei har både elmotor og forbrenningsmotor.

Etter to gonger i California, vart årets «Come see the future» lagt til Norge. Elbilgründer Siva Udayamurthysiva frå San Franciso meinte nabolaget kunne minna om ein bilreklame frå fjernsynet.
Etter to gonger i California, vart årets «Come see the future» lagt til Norge. Elbilgründer Siva Udayamurthysiva frå San Franciso meinte nabolaget kunne minna om ein bilreklame frå fjernsynet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim