– Dette gler me oss til. Eit apotek er positivt for heile senteret, seier Anita Tunheim Høyland og Ernfrid Tjelta som eig blomsterbutikken Floriss saman med Brynhild Herikstad.
– Skal kjenna seg trygge
I dag er det berre Stilbo og Floriss som held til i 1. etasjen i den delen av Torgsenteret som vender mot torget på Nærbø. Når 2022 er blitt 2023, får dei selskap av Ditt apotek med Nerissa Rae Booc (38) som eigar og dagleg leiar.
Nerissa Rae Booc har i fleire år arbeidd ved apoteket på Varhaug. Ho ser fram til å starta sitt eige.
– Eg er veldig oppteken av kundeservice, og eg gler meg til å koma i gang. Kundeservice er mi sterkaste side, og eg er oppteken av å ha tid til å hjelpa kundane. Eg er også oppteken av at kundane skal kjenna seg trygge, seier 38-åringen.
Nerissa ønskjer også å levera varene heime hjå dei som sjølv ikkje kan ta seg fram til apoteket.
Ho tek arbeidskollega Nina Johansen frå Klepp med seg over til det nye apoteket. I tillegg skal nevøen hennar vera apotekmedarbeidar og hjelpa til i helgane.
38-åringen er fødd og oppvaksen på Filippinane. Ektemannen som også er frå Filippinane, fekk arbeid i Norge i 2008, og tre år seinare flytta Nerissa etter.
Ekteparet bur i Egersund, der begge fekk seg arbeid då dei kom til landet.
– Men mannen min har no fått seg arbeid i Jåttåvågen, og me ser etter ny stad å bu som ligg nærare arbeidsplassen vår, fortel apotekeigaren.
– Godt kundegrunnlag
Ho har bak seg tre år som klinisk farmasøyt på Filippinane.
Frå 2017 til 2019 utdanna ho seg til provisorfarmasøyt ved NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet) i Trondheim, noko som betyr at ho har mastergrad i farmasi.
– Medan eg studerte, arbeidde eg på fleire apotek i Trondheim-området. Eg er veldig glad i arbeidet mitt, seier Nerissa, som arbeider ved apoteket på Varhaug til 31. desember, og startar på Nærbø to dagar etterpå.
Det er allereie eitt apotek på Nærbø. Dette er plassert i Amfi Nærbø, også kalla Nærbøsenteret.
Nerissa er overtydd om at det plass til to apotek på staden.
– Nærbø er ein spanande plass, som er i vekst. Kundegrunnlaget er godt, og planen er å veksa med nye bustadar, seier etableraren.
– Alt på plass før festen
Apoteklokalet er 150 kvadratmeter stort. Nerissa er godt nøgd med plasseringa, midt på Nærbø.
– Dette er nær toget. Her er parkeringsplass like ved, noko som også er positivt, seier ho.
Apoteket opnar dørene den 2. januar. Opningsfesten der alle er velkomne, blir ti dagar seinare.
– Grunnen er at eg vil ha alt på plass før festen. Allereie er det mange som spør om kva tid eg skal opna, seier Nerissa Rae Booc, og smiler.