– Eg har alltid vore veldig interessert i historie.
På hobbybasis har småbarnsfar Nicklas Eriksson (40) opp gjennom åra sete seg inn i alt ifrå vikingtid til andre verdskrig.
I juni gjorde han meir alvor av sidesysselen.
Han har nemleg lansert sin heilt eigenproduserte app, med namn Kulturkompasset, inspirert av det populære mobilspelet Pokémon Go.
Låser opp poeng på staden
Gjennom eit digitalt kart kan brukarar manøvrere seg gjennom mange tusen kulturminne i Noreg og Sverige.
– Eg ville kombinere norsk og nordisk kulturarv til ei reise der ein kan samle på poeng og få merker, og konkurrere med vennar og kjente på forskjellige nivå. Det finst også ei leiartavle for alle som bruker appen, seier gründeren.
– Det gir eit konkurranseelement i det heile som mange, inkludert meg sjølv, liker.
I Pokémon-spelet fangar brukarane virtuelle pokémon med telefonen sin i den verkelege verda, basert på mobilens geografiske plassering.
Også slik fungerer Erikssons konsept.
Poeng, nivå og unike merke vil låsast opp når brukarar fysisk besøker ein historisk stad.
– Blir som ein snekker som bygger noko heime
Den datakyndige apputviklaren kjem opphaveleg frå Sverige, men har budd i bergensområdet sidan 2007. I 2021 flytta han og familien til Kåsen, som er heimstaden til kona.
Eriksson jobbar i Acos AS, som utviklar og implementer programvare for offentleg og privat sektor. Programmering er derfor noko han driv med kvar dag.
– Eg har halde på med programmering i 20 år eller meir, og elskar det. Eg har ei bachelorutdanning i datavitskap ved Universitetet i Bergen, og jobba som utviklar i mange år.
Han understrekar at det ikkje er apputvikling han primært driv med, men skildrar likevel prosjektet som veldig kjent terreng.
– Det blir som ein snekker som bygger noko heime, samanliknar han.
500.000 kulturminne å utforske
Det var på vårparten i fjor at Eriksson sette i gang med apputviklinga.
– Eg jobba ganske lenge med å samle data, fortel han.
Kulturminna baserer seg på open data. Han har innhenta kulturminne frå Riksantikvaren i Noreg og Sverige, og brukarminne registrert av lokale historielag.
Når minneregisteret blir oppdatert av lokallaga, blir det automatisk synkronisert inn i appen til Eriksson. Han meiner det framleis finst mange historiske stader på Jæren og i Rogaland som ikkje er loggført.
– Men no har eg over 500.000 kulturminne i appen, så det tar ikkje slutt med det første om du prøver å sjekke inn, ler han.
På kvart av dei historiske merka på kartet, kan appbrukarane lese om, og somme gonger sjå bilde, av minna.
– Det er ikkje alle kulturminna i appen som er like spennande. Men nokon av tilbakemeldingane frå dei rundt 50 brukarane til no, har vore at ein likevel sit med ei oppleving av å vandre i landskap med historie bak seg.
Ikkje heilt gratis
Målet er ikkje primært å tene pengar på appen.
– Eg laga appen for meg og familien. Svigermor har vore min beste testar gjennom det heile, ler han.
– Mi yngste dotter og eg fann runesteinar, helleristingar, kyrkjer og diverse ting då me var på ferie i Sverige. Det synest eg var veldig kjekt, seier han.
Det finst likevel ein funksjon som krev betaling.
– Eg hadde i utgangspunktet tenkt å gjere appen heilt gratis, men så fekk eg moglegheita til å inkludere AI-skildringar av kulturminna, som gjer informasjonen meir lettfatteleg for brukarane. Dette gir litt driftskostnader, seier han.
Foredrag i Uppsala
Til arbeidet med appen, som han framleis har planar om å forbetre, fekk han hjelp og tilbakemeldingar av Riksantikvaren. Frå denne kanten blei det også anbefalt å sende arbeidet inn som forslag til historiekonferansen Digikult i Sverige, fortel Eriksson.
– Eg skal til Uppsala i oktober for å halde eit lyninnlegg om korleis binde saman data frå forskjellige nordiske land. Det blir ikkje kjempestort, men det er stort for meg, seier han.
Målet framover er å binde saman data frå også dei resterande nordiske landa.
– Og så håpar eg at det kjem inn fleire brukarar, legg han til.