Elbussane er heilt nye. Bussjåførane må bli vande med fleire nye system – mellom anna har bussane kamera i staden for speil.
Elbussane er heilt nye. Bussjåførane må bli vande med fleire nye system – mellom anna har bussane kamera i staden for speil. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Dei nye el­bus­sa­ne blir grad­vis fasa inn på Jæ­ren. Dei ti før­ste har be­gynt å gå frå Bry­ne i dag. Res­ten vil by­tast ut med el­bus­sar fort­lø­pan­de, for­tel Es­pen Schi­ager, in­for­ma­sjons­råd­gi­var i Kolumbus, tors­dag et­ter­mid­dag.

Frå 1. juli har Kolumbus kont­rakt med Vy om buss­drif­ta på Jæ­ren og Da­la­ne i åtte år.

I sam­band med den nye av­ta­len får Jæ­ren alt­så split­ter nye elekt­ris­ke bus­sar, kjøpt inn frå Kina, og går der­med grad­vis bort frå da­gens die­sel­driv­ne.

I til­legg er det etab­lert eit nytt an­legg på Tu, med sjå­før­fa­si­li­te­tar og par­ke­ring med la­da­rar til bus­sa­ne.

For­sein­kin­gar i opp­star­ten

Øi­stein Dø­vik, se­nior­råd­gi­var i Vy Buss, opp­ly­ser at alle dei to­talt 46 nye el­bus­sa­ne er mot­ta­tt og plas­sert ut på sine sta­sjo­ne­rings­sta­der – på Bry­ne, i Sand­nes og på Hom­mers­åk.

På Bry­ne er det to­talt 13 bus­sar.

Anlegget på Tu har ladarar til elbussane.
Anlegget på Tu har ladarar til elbussane. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Et­ter 10. au­gust, når Kolumbus går til­ba­ke frå som­mar­ru­te­ne, vil alle vere i drift.

Frå Nær­bø og sør­over skal det køy­rast nye die­sel­bus­sar.

Det nye buss­an­leg­get var klart til 1. juni, og bus­sa­ne skul­le i drift ein må­nad et­ter. No­kon ve­kers for­sein­king har det der­for blitt.

– Me over­tok buss­an­leg­get 1. juni, heilt et­ter pla­nen. Die­sel­bus­sa­ne skul­le by­tast ut mot el­bus­sa­ne 1. juli, men ins­tal­le­ring av ein del pub­li­kums­sys­tem og ut­styr frå Kolumbus si side har ført til for­sein­kin­gar i opp­star­ten, for­tel Øi­stein Dø­vik, se­nior­råd­gi­var i Vy Buss.

– Alt kos­tar pen­gar

– Er ut­set­jin­ga kost­bar?

– Me støt­tar oss til to ting: Det tren­gst mind­re buss no i sku­le­fe­rien, og me har fram­leis man­ge av dei gam­le bus­sa­ne i dist­rik­tet, som skal sel­jast og flyt­tast. Så me har for så vidt hatt bus­sar, si­dan me har brukt dei gam­le litt len­ger, sei­er Dø­vik, og held fram:

– Alt kos­tar pen­gar. Det har vore ei lita ut­ford­ring med opp­star­ten når det gjeld det­te ves­le av­vi­ket, sei­er han.

Kje­til Abrahamsen, pro­sjekt­lei­ar i Kolumbus, be­kref­tar over­for avi­sa at bus­sa­ne har kome i bruk sei­na­re enn plan­lagt.

– Bus­sa­ne had­de ein for­sein­ka fram­komst til Ro­ga­land. Si­dan det tar noko tid å ins­tal­le­re og tes­te di­gi­ta­le sys­tem, har det ført til at bus­sa­ne ik­kje har vore kla­re før no, skriv han i ein SMS.

– Gode å køy­re

Sten-Hugo Tønnessen for­tel at han har mis­ta tel­jin­ga, men an­slår at han har vore bussjå­før i min­st 35 år.

Han har vore med som inst­ruk­tør i opp­læ­rin­ga i dei nye bus­sa­ne.

Sten-Hugo Tønnessen har lang fartstid bak bussrattet.
Sten-Hugo Tønnessen har lang fartstid bak bussrattet. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Alle sjå­fø­rar har vore gjen­nom e-læ­ring, prak­tisk gjen­nom­gang av bus­sen og ryggetrening, sei­er han.

Un­der pra­ten med Jær­bla­det kjem ein kol­le­ga bort for å stil­le eit spørs­mål frå før­ste da­gen som sjå­før i ny buss. Han had­de møtt på no­kre vans­kar – men legg til at bus­sen fun­ge­rer godt fre­dag.

Tønnessen kan stil­le opp med no­kre gode råd.

Sjølv er han for­nøgd med dei nye til­sko­ta på Tu-an­leg­get.

– Det er ein del sik­ker­heits­ord­nin­gar som la­ger lyd, men bus­sa­ne er gode å køy­re, sei­er den er­fa­r­ne sjå­fø­ren.