Juni har starta, og som vanleg kokar det rundt Pride-debatten. Også i år er det store diskusjonar kor vit det skal vere lov å flagge med prideflagget i offentlege flaggstenger, mellom anna ved skulane våre.
Samstundes såg me i førre veke ein kunnskapsminister,som vingla att og fram i spørsmålet om føresette kan be om fritak for sine barn frå ulike Pride-markeringar på skulen.
På den andre sida har organisasjonen Stopp Pride starta innsamlingsaksjon mot Pride-markeringar i skulen. Resultatet er at temperaturen stig, og frontane blir stadig hardare for kvart år.
Det hjelpar kanskje ikkje at eg, som kristen og verdikonservativ mann, no kjem til å kaste meir ved på det brennande bålet. Så ja, no kjem sikkert temperaturen til å stige endå meir, og du som les dette meiner kanskje at eg berre bidreg til å polarisere debatten.
For dersom det er éin ting som har slått meg i det siste, så er det at som regel er dei materielle symbola som får mest merksemd i Pride-debatten.
No skal det vere sagt at eg på denne tida i fjor skreiv eit lesarinnlegg om Pride-flagginga på skulane. Og ja, eg står framleis for det eg sa den gongen: Me har eit flagg i raudt, kvit og blått, som me kan flagge med.
Eg legg ikkje skjul på at eg er imot Pride-flagging på offentlege flaggstenger, at eg er i mot å opne dørene for organisasjonar som FRI (Pride) i skulen, og heller ikkje er ein som går i Pride-tog.
Hovudgrunnen til at eg seier nei til desse tre er at eg har eit anna tankesett og verdisyn, enn det organisasjonar som FRI står for. Eg meiner mellom anna at Pride-flagget er eit politisk symbol, og skal ikkje bli brukt på offentlege flaggstenger.
Vidare meiner eg at det berre finst to biologiske kjønn, og at ekteskapet først og fremst er skapt mellom ein mann og ei kvinne. Så no har eg iallfall tent på bålet! Knyttneven din er kanskje eldraud? Men då skal eg seia deg noko: Eg har stor toleranse og respekt for at du har valt å leve eit anna liv enn meg, og ikkje minst for at du står opp for dine eigne verdiar og meiningar.
Kvart einaste år, når Pride-debatten blussar opp på denne tida, er det dei materielle symbola som igjen tek plass i førstelinje, medan det som verkeleg betyr noko, verdiane som ligg bak, kjem i bakgrunnen.
Dei verdiane me ønskjer skal prege alle 365 dagane i året, og som landet, folket og forfedrane våre har kjempa for gjennom generasjonar. Verdiar som menneskeverd, solidaritet, toleranse, respekt og likeverd blir i denne månaden ofte ståande i skuggen av eit fargerikt flagg, eit nakent tog, og markeringar som først og fremst blir hugsa der og då. Så ja, eg er no møkklei av tog, flagg og Pride, før det heile har starta.
For meg betyr dei andre 335 dagane i året minst like mykje, om å tolerere at andre meiner noko anna enn meg, om å akseptere at andre vel å leve livet sitt på ein annan måte enn eg gjer, og at verdiane eg ber med meg også inneber å leggje armen rundt meiningsmotstandarane mine. Så eg håpar inderleg etter du har lese, at du respekterer mine meiningar og verdiar, og kanskje har også du tenkt:
- Kvar er det elskande landet som alltid har kjempa for verdiane sine heile året?
- Kvar er det elskande land som forsvarar den enkelte sin rett til å ytre meningane sine?
- Kvar er landet, som står opp for kvarandre og respekterer våre ulike synspunkt og ulike måtar å leve på?