Trygve Stangeland (til venstre) og Torvald Tu utanfor huset i Mosberghagen i Klepp.
Trygve Stangeland (til venstre) og Torvald Tu utanfor huset i Mosberghagen i Klepp. Foto: Fotograf ukjent. Klepp kommune eig bildet

No er livet til dei to kulturpersonlegdommane blitt ei utstilling: «Trygve og Torvald – bilete frå eit familiealbum». Utstillinga er under open himmel på Haugabakka i Klepp, og søndag er det opning.

– Aldri eit skeivt ord om at dei var skeive

Kjell Olav Stangeland, tidlegare redaktør i Jærbladet, seier at han aldri hugsar at homofili var eit tema kring Torvald Tu og Trygve Stangeland.

– Samstundes var det slik at «alle» visste at dei levde i lag. Min teori om kvifor det ikkje blei snakka om at dei levde i eit homofilt forhold, er at dei to var akseptert av det gode borgarskapet på Bryne. Sjølv høyrde eg aldri eit skeivt ord om at dei var skeive. Det blei aldri nemnt, og det var aldri eit tema, seier Stangeland.

Pianisten Trygve Stangeland og forfattaren Torvald Tu var livskjærastar. Dei høyrde allereie saman då Torvald bygde det vesle huset i Mosberghagen på Tu i 1924. Mot slutten av trettiåra bygde dei på huset, og Trygve og flygelet hans flytta inn.

Reiv huset i 1974

Begge budde i Mosberghagen til dei døydde. Torvald, som var fødd i 1893, levde fram til januar 1955 då han falt død om i snøen ved Mosberghagen.

Trygve, som var fødd i 1898, blei funnen død i senga av ein pianoelev i desember 1969.

Huset i Mosberghagen blei rive den 5. april 1974, fem år etter at Trygve Stangeland var død. Mange tok til orde for at huset måtte takast vare på, men Klepp kommune ville riva.

Dei totalt 15 fotografia som no blir stilt ut på Haugabakka, er lånt frå Torvald Tu sitt personlege fotoalbum. Bilda syner Torvald Tu og Trygve Stangeland saman heime i Mosberghagen, og saman med vener.

Det er Klepp kommune som eig bilda.

Utstillinga består også av fem plakatar med dikt og stubbar skrive av Torvald Tu.

Ein heil «bøling» fotografert på Badnasteinen i Mosberghagen. Torvald Tu til venstre og Trygve Stangeland nummer tre frå venstre. Kan henda er det eit slektstreff?
Ein heil «bøling» fotografert på Badnasteinen i Mosberghagen. Torvald Tu til venstre og Trygve Stangeland nummer tre frå venstre. Kan henda er det eit slektstreff? Foto: Foto: Fotograf ukjent. Eigar Klepp kommune

Avkriminalisert for 50 år sidan

Det er i år 50 år sidan sex mellom menn blei avkriminalisert i Norge. For å markera dette har «Skeivt arkiv» saman med Nasjonalmuseet og Nasjonalbiblioteket invitert museum, bibliotek, arkiv og andre institusjonar og organisasjonar til å synleggjera skeiv historie i heile landet.

Friluftsutstillinga på Haugabakka har kome i stand gjennom eit samarbeid mellom Jærmuseet og Klepp kommune.

OPNAR SØNDAG: Utandørsutstillinga om Trygve Stangeland og Torvald Tu opnar på Haugabakka i Klepp søndag 26. juni.
OPNAR SØNDAG: Utandørsutstillinga om Trygve Stangeland og Torvald Tu opnar på Haugabakka i Klepp søndag 26. juni. Foto: Foto: Inger Undheim/Nasjonalt Garborgsenter

Per Inge Bøe, avdelingsdirektør for samling og dokumentasjon ved Jærmuseet, seier at det ikkje er bestemt kor lenge friluftsutstillinga om Stangeland og Tu skal bli ståande.

– Men truleg blir ho verande ut året, seier Bøe.

Kjell Olav Stangeland meiner det er viktig å trekkja fram Klepp-forfattaren Torvald Tu igjen. Han og John Skien står bak ei bok med Tu sine stubbar.
Kjell Olav Stangeland meiner det er viktig å trekkja fram Klepp-forfattaren Torvald Tu igjen. Han og John Skien står bak ei bok med Tu sine stubbar.