Alexander Ueland har cerebral parese og er avhengig av rullestol. I dag bur han heime hjå mor og far på Bjorheim utanfor Varhaug.

Her har han det fint, men Alexander har ein draum. Som dei fleste andre på sin alder, ønskjer Alexander å flytta heimanfrå. Han drøymer om å kunna vera mindre avhengig av foreldra sine og han drøymer om å kunne trilla ut av huset og treffa andre utan å måtta be om hjelp.

– Eg klarer ikkje alt sjølv, men eg klarer mykje, slår 25-åringen fast.

Fyrste gong i Hå

Det heile starta med at sju foreldrepar i Hå ønskte at deira unge vaksne barn skulle få moglegheit til å eiga eigen bustad. I løpet av prosessen har også ein åttande ungdom kome med i prosjektet.

Derfor er det nå åtte foreldrepar som har gått saman for å byggja eit burettslag for ungane sine. Burettslaget vil vera eit samarbeid med Hå kommune, men alle bebuarane skal eiga sine eigne bustader. Dei komande bustadeigarane er i dag mellom 16 og 25 år. Alexander Ueland er med sine 25 år den eldste.

Eit samarbeid mellom foreldre og kommunane er ei løysing som har blitt meir og meir vanleg dei siste åra. Time kommune har allereie bygd eit slikt burettslag og Klepp er i gang. Nå har også Hå kommune starta planlegginga av eit burettslag for unge vaksne med funksjonshemming.

Sidan det er fyrste gong Hå kommune byggjer for at privatpersonar skal eiga, måtte det ei prinsippavgjersle i kommunestyret til før administrasjonen kunne halda fram med planlegginga. Nå har eit samrøystes kommunestyre gitt tommel opp og nærast applaudert prosjektet i gang.

Foto: Jorunn Erga Steinsland
Foto: Jorunn Erga Steinsland Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland

Må dekka eigne buutgifter

Alle dei komande bustadeigarane i dette prosjektet vil trengja mykje hjelp i kvardagen. Fleire har behov for hjelp heile døgnet.

Planen er at kommunen skal eiga ei leilegheit i burettslaget. Denne skal brukast av kommunalt tilsette.

Alle kostnader ved oppføring av bygg og tomt skal fordelast på bustadene, alt etter andelsstorleik. Kommunen skal finna tomt og vera byggherre for prosjektet, men prosjektet skal betala marknadspris for tomta.

Hovudkjelda til investeringa for bebuarane vil vera ein kombinasjon av tilskot og lån frå Husbanken.

Husbanken har utforma eigne forskrifter for slike prosjekt som desse. Eitt av krava i desse er at eigarane må kunna dekka eigne buutgifter.

Avhengig av hjelp

Barndomsheimen til Alexander Ueland ligg fritt og godt. Her er utsikt og vind og alt som høyrer til midt på Jæren. Utanfor vindauget har den unge mannen noko så sjeldan som ei flystripe. Rett nok for mikrofly og modellfly. Tidvis er det litt av kvart å sjå på her.

– Det er greitt å vera her på rommet, men eg gler meg til å koma meg ut av døra utan å måtta be om hjelp, seier 25-åringen.

Med eit tastetrykk på rullestolen er Alexander på veg opp i ståande stilling. 25-åringen er såpass hardt ramma av sjukdommen at han ikkje har styrke eller balanse nok til å halda seg ståande berre ved hjelp av krykker. Han kan heller ikkje køyra bil sjølv. I det daglege er han derfor heilt avhengig av ein personleg assistent.

– Eg har hatt CP heile livet. Det er ikkje noko eg blir kvitt. Sjølv om eg klarer mykje, treng eg hjelp til dusjing og til å kle meg og slikt, fortel han.

Guterommet på Bjorheim er meir ei avdeling enn eit rom. Her har Alexander ein sovedel og eit lite opphaldsrom med datamaskin og fjernsyn. På pulten ligg ein smarttelefon.

Far, Jonny Ueland, fortel om utfordringane det er å leva med eit slikt handikap som Alexander. I oppveksten har Alexander brukt lengre tid på å læra ting som jamaldrande meistrar fort, som til dømes å knekka lesekoden. Dei har også lært å ikkje gi opp. I dag elskar Alexander å lesa og å høyra på lydbok og sluker alt som handlar om historie. Men å bruka smarttelefon og ps trudde foreldra eigentleg ikkje at sonen skulle klara å bruka på grunn av utfordringar med motorikken.

– Men det klarer eg, slår 25-åringen fast med eit nikk mot telefonen som ligg like ved ein stor pc-skjerm.

Foto: Jorunn Erga Steinsland
Foto: Jorunn Erga Steinsland Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland

– Som internatskule

Med eigen bustad, er det mykje Alexander må læra å meistra.

– Matlaging for eksempel, seier faren med eit smil mot sonen, og innrømmer i same andedrag at det nok blir litt for enkelt i ein heim å berre ordna alt for Alexander når ein fyrst er i gang med å laga mat sjølv.

– Målet er at Alexander skal klara sjølv det er mogleg for Alexander å klara, legg han til.

Alle leilegheitene i det komande burettslaget skal ha fullt kjøkken.

– Men me håpar å få til eit fellesområde der det blir servert middag kvar dag. Det blir litt som ein internatskule, seier Jonny.

Det kling godt i Alexander sine øyre. Han har nemleg gått to år på Lundheim folkehøgskule på Moi og treivst såpass godt at han berre ville bli buande der.

– Det verste med å bu her eg bur nå, er at det er litt langt til sentrum. Eg liker godt å vera i lag med andre, seier 25-åringen, som allereie kjenner fleire av dei andre som er ein del av prosjektet.

Det er ikkje bestemt kor burettslaget skal liggja, men det skal vera sentrumsnært.

Foreldrestyre

Også for foreldra vil det vera viktig og godt at ein vaksen son kan flytta inn i eigen bustad.

– Han er klar for å flytta ut, og me er jo også klare for å få meir fri, seier Jonny ærleg.

Bustadene i burettslaget vil bli laga slik at ein kan bu der heile livet. Men sjølv om dei unge vaksne blir huseigarar, slepp ikkje foreldra heilt taket.

– Det vil bli eit foreldrestyre i burettslaget. Viss nokon flyttar, kan dei selja bustaden, men styret vil kunna gå inn og styra kven som kjøper. Det er viktig at dei som skal bu i lag også fungerer sosialt i lag, seier Jonny.

25-åringen gler seg over at kommunen vil vera med på å realisera draumen hans om eigen bustad. Han har sjølv spart mykje og ligg bra an økonomisk, men er ærleg på at økonomi ikkje er hans sterke side. Derfor er mora verje.

– Han har ikkje særleg økonomisk sans, men er nok den med mest pengar på bok i heile familien, ler faren. Han forklarer vidare at dei fleste som er aktuelle for bustadene i det nye bufellesskapet er uføretrygda.

Prisen som har blitt antyda for prosjektet er rundt 1,5 millionar kroner per bustad.

– Men dette vil jo kunna auka alt ut i frå kor lang tid det tar før prosjektet blir godkjent og ein kan gå i gang, seier Jonny, og fortel at ein tek utgangspunktet i ein fast pakke i alle bustadene, men at det blir gjort tilpassingar alt etter kva dei ulike treng.

Det er ikkje sett nokon dato for når burettslaget skal vera ferdig. Frå guterommet på Bjorhaug vågar ikkje Alexander å ha for høge forventningar.

– Men 30-årsdagen, den håpar eg å feira i eigen bustad, seier 25-åringen.