Tilknyting til Høg-Jæren vindkraftverk sitt anlegg vart skissert som energiløysing for det nye næringsområdet på Undheim før reguleringsplanen vart vedtatt i 2021.

Men kraftuttaket ved datasenteret som nå er under bygging, krev langt større tiltak enn som så i det regionale straumnettet.

– Frå Lnett si side har tilknyting i vindparken åleine ikkje vore aktuell som permanent løysing. Han har vore aktuell som ei mellombels løysing og som del av ei permanent løysing.

Det seier Ingvild Ween, kommunikasjonssjef i Lnett.

Nettselskapet har i år gjennomført ei konseptvalutgreiing og konkludert at det trengst ein ny i nærleiken av Kartavoll i Time.

Plassering ikkje bestemt

Kartet som ligg ved konseptvalutgreiinga, plasserer stasjonen i turområdet rundt Ulvarudlå. Dette er misvisande, seier Ween.

Så tidleg i prosessen er det ikkje klart nøyaktig kor han skal ligga, kor stort fotavtrykket blir, eller korleis kraftlinjene skal byggast.

– Dette blir vurdert i neste fase, som er konsesjonssøknad. Me kan derfor ikkje seia noko om areal på dette tidspunktet, eller nærmare plassering av stasjonen, seier ho.

I utgangspunktet vil Lnett sjå på området Kartavoll/Mellomstrand. Ved val av plassering vil dei mellom anna vurdera nærleik til veg, eksisterande straumnett og kva stad som totalt sett gjev minst mogleg konsekvensar

I haust startar arbeidet med ein konsesjonssøknad med føreslått plassering og utgreiing. Søknaden skal leggast ut på høyring og så behandlast av NVE, Norges vassdrags- og energidirektorat.

Utgreiingsområdet til venstre. Kart frå konseptvalutgreiinga til høgre. Sannsynleg plassering er ifølge Lnett mellom Tjålandsvatnet og Synesvarden. Avstanden mellom ytterpunkta er om lag sju kilometer.
Utgreiingsområdet til venstre. Kart frå konseptvalutgreiinga til høgre. Sannsynleg plassering er ifølge Lnett mellom Tjålandsvatnet og Synesvarden. Avstanden mellom ytterpunkta er om lag sju kilometer. Foto: Foto: Montasje: Lnett

Sender rekninga vidare

– Når Lnett får førespurnader frå nye kundar, blir det gjort ei vurdering av om det er driftsmessig forsvarleg å knyta til nytt forbruk og kva tiltak som eventuelt må gjerast først. Dette gjer me for å sikra at det er kapasitet i nettet til ny kunde og at straumforsyninga til eksisterande kundar ikkje blir påverka negativt, seier Ween.

Ved tilknyting av store kundar må det stort sett alltid gjerast tiltak i straumnettet før dei kan knytast til. Eit kraftuttak på 100 MW tilsvarer heile kapasiteten til dei største transformatorstasjonane til Lnett.

– Det er altså ikkje uventa at det må gjerast større tiltak for denne kunden, poengterer Ween.

Førebels investeringskostnad for koplingsstasjonen er 691 millionar kroner.

Nasjonale forskrifter styrer fordelinga av kostnadene og kva ein kunde som utløyser nye tiltak i straumnettet, må vera med og betala.

Dette er kortversjonen av dagens system:

  • Av det som er kundespesifikke anlegg, må kunden dekka 100 prosent
  • Kostnadene for anlegg som også andre kundar har nytte av, blir gjort etter ei fordeling i samsvar med regelverket

Det blir arbeidd nasjonalt med å forenkla anleggsbidragsregelverket, seier Ween, og korleis kostnadsfordeling skal vera framover.

– Lnett er opptatt av å halda nettleiga til kundar nede, og jobbar heile tida med ulike tiltak for å få det til. Dette er særleg viktig i ei tid der det må gjerast store investeringar i å fornya og oppgradera gammalt straumnett, understrekar Ingvild Ween i Lnett.
– Lnett er opptatt av å halda nettleiga til kundar nede, og jobbar heile tida med ulike tiltak for å få det til. Dette er særleg viktig i ei tid der det må gjerast store investeringar i å fornya og oppgradera gammalt straumnett, understrekar Ingvild Ween i Lnett. Foto: Foto: Tommy Ellingsen

Får inntil 90 prosent tilbake

Datasentereigaren på Undheim må ta brorparten av investeringskostnaden, seier Ween.

– Per nå anslår me at kunden må dekka rundt 85 til 90 prosent av totale kostnader. Det er altså berre ein mindre del av kostnadene som vil dekkast av Lnett, via nettleiga.

Green Mountain betaler sjølvsagt for transformatorstasjonen på næringsområdet, som er permanent og skal omdanna straumen til rett spenningsnivå for bruk i datasenteret.

Green Mountain tar heile kostnaden for den mellombelse løysinga på Høg-Jæren vindkraftverk sitt område. Der skal dei grava ned ein jordkabel og setta opp ein mellombels stasjon for å kopla seg til kraftlinja mellom Bjerkreim og Opstad.

Green Mountain betaler for to kraftleidningar mellom datasenteret og Kartavoll stasjon. Dei skal også betala for fysiske anlegg dei treng inne i stasjonen på Kartavoll – nøyaktig kor mykje, er ikkje klart ennå.

– Det er ikkje utarbeidd estimat for anleggsbidrag, sidan det skjer i neste fase. Det betyr at kostnadsnivået kan endra seg fram til faktiske kostnader er avklart, og prosentdel som dekkast av anleggsbidrag kan endra seg, seier Ween.

Tromlane med jordkablar ligg klare til å gravast ned i vegnettet til Høg-Jæren vindkraftverk. Når Kartavoll koplingsstasjon står ferdig, truleg i 2031, må dei fjerna den mellombelse koplingsstasjonen og grava opp jordkabelen.
Tromlane med jordkablar ligg klare til å gravast ned i vegnettet til Høg-Jæren vindkraftverk. Når Kartavoll koplingsstasjon står ferdig, truleg i 2031, må dei fjerna den mellombelse koplingsstasjonen og grava opp jordkabelen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim