Klepp Stasjon Idrettslag har eigen drakt, eigen logo, snart kunstgrasbane å spele på og håp om å bygge klubbhus.
Men opprettinga av idrettslaget, som vil drive med fotball som grein, får ikkje støtte av Noregs Fotballforbund (NFF).
Det betyr at dei ikkje kan delta i seriespel i fotballen.
– Heile situasjonen er veldig frustrerande, seier Renzo André Nunez Silva.
Han er styreleiar i idrettslaget, som har drive aktivt med lag og treningar sidan 2023.
Meiner det blir for mange lag i Klepp
For at eit idrettslag skal kunne bli medlem av Noregs idrettsforbund, må det oppfylle ei rekke krav og i utgangspunktet vere medlem av eit særforbund.
Eit slikt forbund kan vere for eksempel Norges Fotballforbund eller Norges Håndballforbund, avhengig av kva sport idrettslaget tilbyr.
Klepp Stasjon IL driv også med allidrett, som er eit variert aktivitetstilbod kor barn og unge får prøve ulike idrettar. Etter avslaget frå NFF fekk dei medlemskap i idrettsforbundet gjennom dette i staden.
Det endrar likevel ikkje faktum at idrettslaget ikkje får medlemskap i fotballforbundet, og dermed ikkje får innpass i fotballkretsen.
«Litt av bakgrunnen på den vurderingen er at vi ønsker å motivere enkeltstående lag/klubber inn i større, mer bærekraftige klubber. Vår erfaring er at det er vanskeligere å drive fotballklubb med få lag, når en ser på administrativt, juridisk og økonomisk ansvar som ligger i det å drive en klubb» skriv NFF i ei høyringsutsegn.
Dei meiner også at idrettslaget vil kunne utfordre lagsgrunnlaget eller eksistensen til dei andre seks klubbane i Klepp kommune, som er medlem av NFF Rogaland, og at det allereie er god tettleik av klubbar i området.
– Frå vår ståstad er det jo ingen klubbar i området. Me har ingenting på Klepp Stasjon, seier Silva.
– No ser me at me har grunnlag for å drive det. Alle dei tre kulla som er gamle nok til å starte lag no, har over 15 personar per lag, seier han.
Idrettslaget klaga på vedtaket, men fekk ikkje medhald.
Vil ha hall på Klepp Stasjon
Ei aksjonsgruppe som blei starta i 2018, enda med å danne ei foreining som to år etter blei Klepp Stasjon Idrettslag. Den største motivasjonen på den tida, var å få politisk innflytelse.
– Me hadde lyst på ein fleirbrukshall på Klepp Stasjon i staden for på Kleppe, seier Silva, som ikkje var del av den opphavelege aksjonsgruppa, og først blei med i styret i 2023.
Ein hall har bebuarar på Klepp Stasjon kjempa for i lengre tid.
Status no er at kommunestyret i oktober vedtok å opprette ein komite som skal arbeide for realisering av plassering av ei slik tomt. Dei bad også om ei sak før august i år, som skal greie ut moglegheitene for å få sett av ei tomt til grendehall/idrettshall i nærleiken av Engesvoll skule.
Silva meiner det var mange på Klepp Stasjon som ikkje dreiv med organisert aktivitet før. Dei som spelte fotball fordelte seg på lag som Klebe og Orstad.
Målet var også å få ein samla stad der ungane kunne drive med idrett.
– Det var ingen plassar som var heilt naturlege for ungar på Klepp Stasjon å starte på. Og eg har ikkje lyst til å køyre fram og tilbake for at ungen min skal få eit fotballtilbod, seier Silva.
Avtale med Klepp IL
Klepp Stasjon Idrettslag har altså fått nei til å drive med organisert fotball av NFF. Men på oppfordring frå idrettsforbundet, har idrettslaget inngått ein avtale med Klepp idrettslag, ifølgje Silva.
Avtalen skal sikre eit nært samarbeid innan breiddefotballen for dei to klubbane. Planen er no at Klepp Stasjon IL deltar som eigen klubb i komande serie, men under Klepp IL sin lisens.
Denne inneber at Klepp Stasjon IL får trene på sin eigen bane.
Dei skal då ha lag for dei yngste på Klepp stasjon, men avtalen inneber at dei naturleg går over til Klepp IL når dei startar på ungdomsskulen, forklarer Silva.
– Eg synest jo avtalen med Klepp IL er fantastisk, sjølv om eg skulle ønskje me blei godkjend som eige idrettslag. Det som bekymrar oss mest no, er at me mistar stemma vår inn mot kommunen som idrettsklubb, dersom me går inn i Klepp idrettslag.
– Men me gir ikkje opp, seier Silva.
Idrettslaget kjem til å halde fram med å prøve å bli tatt opp i NFF.
Til Jærbladet opplyser likevel Wenche Salte, rådgivar i idrettsforbundet, at det ikkje er tatt opp idrettslag i NFF Rogaland sidan 2014.
– Grunnen er tettleiken av klubber, og at dei ønskjer gode og berekraftige idrettslag, skriv ho.
Håpar å bygge klubbhus
Idrettslaget har altså sett i gang med treningar og spel for dei tre yngste skulekulla på Engelsvoll fram til no. I tillegg har dei eitt lågterskelag for menn og eitt for kvinner.
Målet er å halde fram med å danne lag heilt opp til ungane går siste året på barneskulen.
Silva fortel at ungane har deltatt i cupar arrangert av idrettslag, men at dei altså ikkje har deltatt i noko seriespel til no.
Kontingent og treningsavgift ligg no på 350 kroner. Den må aukast til rundt 500 kroner, då idrettslaget ifølgje Silva skal drifte den komande kunstgrasbanen på Klepp Stasjon, som no blir etablert av Klepp kommune.
Fram til no har dei trent i gymsalen på skulen på vinterstid, og i ballbingen på sommartid.
Håpet er at dei i framtida får bygge eit eige klubbhus ved sida av den nye kunstgrasbanen – uansett om fotballen forblir ein del av Klepp IL eller ikkje.
– Viss me blir ei undergruppe av Klepp IL, så vil framleis allidretten halde fram hos oss. Slik beheld me stemma som idrettslag, seier Silva.