Under pandemien måla den lokale kunstnaren Pøbel eit motiv som gjekk verda rundt, heilt til storavisa New York Times.
Natta til 12. mars, då heile Norge stengde ned, var han på plass i Arne Garborgs veg med pappsjablongar og spraymaling.
Der og då delte han med folket det som har blitt eitt av verdas mest ikoniske bilde frå koronaåret 2020: «The Lovers». Bildet er av eit par i heit omfamning, begge med lyseblå munnbind på.
– Eg håper kunsten kan vera ei oppmuntring og spreia litt glede i denne krisetida. Me må vera forsiktige, ta omsyn og beskytta dei me er glade i, uttalte kunstnaren.
I 2022 fekk Pøbel Time kommune sin heiderspris, som ei påskjønning for å ha sett kommunen på kartet nasjonalt og internasjonalt.
Kjem med skuldingar
Men mottakinga på Bryne har ikkje utelukkande vore positiv.
Koronaelskarane i Arne Garborgs veg er blitt utsett for hærverk fleire gonger, både med tagging og med raud og rosa måling.
For å motverka ytterlegare skade på motivet dekte Rogaland fylkeskommune motivet med antigrafitti i 2021. Trass i det beskyttande laget er kunsten tydeleg prega av raud måling.
Berre motivet og signaturen til Pøbel vart behandla med antigrafitti. I midten av juni har nokon spray «TYV» med store bokstavar og ei pil i retning koronaelskarane.
Jærbladet har kontakta Jonas Hovland i Pøbel Studio for få ein kommentar frå kunstnaren. Saka blir oppdatert når svaret kjem.
Vandalisme – igjen og igjen
Arkivet inneheld mange bilde av vandalisme mot koronaelskarane og forsøk på å retta opp:
Sentralt i bybildet
Det er ikkje berre vandalisme som gjer at jernbanebrua tar seg dårleg ut – ei anna er dårleg vedlikehald.
Brynes Vel har tidlegare samarbeidd med Bane Nor om Bryne stasjon, om kunstverket «Solaris» og lyssetting av det store lønnetreet.
I år kan det vera aktuelt å gjera noko med jernbanebrua, ifølge den seinaste årsmeldinga.
«Det er til vurdering om Brynes Vel i løpet av 2026 skal bidra med maling av jernbanebroa i Arne Garborgs veg, som i dag ikkje er noko fint innslag i bybildet», står det der.