– Det var nice, seier Aksel Søllesvik.
– Før konfirmasjonen gjekk eg rundt med 11 kroner og måtte spørja foreldre mine om å vippsa, og det ville dei ikkje alltid. Nå treng eg ikkje tenka på det.
9.-klassingen og kompisane Sander, Linnea og Maria frå Verdalen er mellom dei første av årets rundt 720 konfirmantar frå Jæren.
Dagen deira var laurdag 25. april, med seremoni i Bore kyrkje.
Det gjekk greitt, slår dei fast på skulen etter helga, med låge skuldrer nå som alt er over.
Ein halden mann
Aksel føler seg bitte litt vaksnare enn før helga.
– Litt, sidan eg har så mykje meir pengar, seier han.
Oppteljinga landa ein stad rundt 40.000 kroner.
Han hadde gleda seg til konfirmasjonen, til pengar, mat og kaker.
– Det blei betre enn eg hadde håpa på, seier han.
Det var dessutan kjekt i kyrkja, der alle kom i fine klede.
Ingen av dei snubla heller i konfirmasjonskappene sine. Det var noko dei alle hadde frykta at kom til å skje og bestemt seg for at dei for all del skulle unngå.
Heldt tale for familien
Maria Osnes hadde både gleda og grudd seg, fortel ho.
– Eg gleda meg til å sjå familiemedlemmar eg ikkje hadde sett på lenge. Og eg grudde meg for å halda tale. Eg heldt på å trekka meg rett før, men det gjekk fint. Folk lo, seier Maria.
Ho kjem til å hugsa konfirmasjonsdagen som veldig fin.
– Eg har vore kristen heile livet. I løpet av konfirmasjonsåret har eg følt meg mykje nærmare Gud enn før. Det er ei fin og sterk kjensle, seier Maria.
Konfirmasjonsåret har også inneheldt overnattingstur til Evje, ein stad som baud på rafting, klatring, paintball og escape room.
– Heile året har vore eit bra opplegg, synest Linnea.
Laurdag sette punktum.
Den dagen var dei midtpunkt i kvar sin flokk. I selskapa sine blei alle fire talt for av ein eller fleire, av far eller mor, av farfar, morfar, onkel, tante eller søsken.
Det var mest fint, ganske løye, litt flaut.
Nettopp konfirmert: Aksel Søllesvik (til venstre), Sander Kjeilen, Maria Osnes og Linnea Østensen Garpestad, Bore ungdomsskuleFoto: Ingeborg Eliassen
Sparing til framtida
Sander, Aksel, Linnea og Maria har kjent kvarandre sidan dei gjekk i barnehagen saman. Dei er ganske samstemte om kva dei vil bruka konfirmasjonspengane på:
Sparing. Tre av dei har storesøsken som har gitt dei dét rådet.
– Eg trur eg vil ha BSU-konto. Det er dyrt med bustad, og greitt å starta fortast mogleg, seier Linnea Østensen Garpestad.
I tillegg til nokre smykke, ringar og bunad, fekk ho nærmare 27.000 kroner i gåver, fortel ho. Men ikkje alt skal i Bustadsparing for ungdom.
– Eg har sett av 10.000 til sminke og klede, eller nærmare bestemt 10.467 kroner. Men eg føler at eg ikkje kan ha under 10.000 på konto, så eigentleg kan eg berre bruka 467 kroner!
Maria tenker òg at ho vil starta sparing til bustad. Ho fekk 24.000 kroner – samt bunad som ho arva frå bestemor, og smykke.
– Pluss tur til Göteborg med tanta mi, fortel ho.
Banken på besøk
Både Aksel og Sander, som seier han enda på mellom 40.000 og 50.000 kroner i gåver, vil òg la mykje gå til sparing.
– Eg lar foreldra mine styra det, seier han.
– Eg har lyst til å kjøpa båt. Men eg trur det blir seinare, ikkje nå, seier Aksel.
For nokre veker sidan hadde klassen besøk av folk frå Sparebank 1 Sør-Norge. Dei orienterte mellom anna om BSU-ordninga.
Linnea merkte seg eit kjent ordtak:
– Ei krone spart er ei krone tent.
– For lite om økonomi i skulen
Det er for lite undervisning om personleg økonomi i skulen, meiner Eivind Karlsbakk.
Han er banksjef i Sparebank 1 Sør-Norge på Bryne.
– Derfor tilbyr me Økonomipatruljen vår til ungdomsskular. Der får elevane vita kva lån, rente og sparing er – og mellom anna kva følgene er av å ikkje betala på lån, seier Karlsbakk.
For foreldre er konfirmasjon eit innhogg i økonomien, påpeiker han.
– Me bur på den grønaste greina i landet, og folk har det generelt veldig godt. Men det er store klasseskilje i samfunnet, og det finst sjølvsagt foreldre som ikkje har økonomi til å oppfylla forventningane frå konfirmanten.
Kor mykje pengar ein konfirmant i distriktet vil få i år, varierer dermed stort.
– Enkelte kan få opp mot 100.000 kroner, andre 10.000, seier han. Men rundt 30.000 er kanskje meir typisk, trur Karlsbakk.
Aksjefond eller høgrentekonto?
Banksjefen er ikkje overraska over at 9.-klassingane på Bore ungdomsskule vil setta av mykje av konfirmasjonspengane til sparing.
– Ungdom er meir og meir bevisste og meir og meir opptatt av sparing, seier han.
Han registrerer at stadig fleire dessutan er nysgjerrige på langsiktig sparing i aksjefond.
Dette kan ein sjølv gjera når ein er 18 år og myndig. Før den tid kan foreldre opna slik konto i sitt eige eller i konfirmantens namn, men då utan at eigaren har tilgang før 18-årsdagen.
– Ein kan òg setta pengar på høgrentekonto som ein disponerer sjølv. Eventuelt kan foreldre ha konto i konfirmantens namn som ikkje blir synleg eller tilgjengeleg før 18-årsdagen, seier Karlsbakk til Jærbladet.
– Hugs litt til gøy
Konfirmasjonen er som regel første gongen dei unge får mykje pengar mellom hendene. Det er eit godt høve til å setta opp sparemål og øva seg på å prioritera, anten ein sit med 50.000 eller 10.000, meiner banksjefen.
– Det er ikkje kjekt å vera dei som har minst. Men om ein ikkje får meir enn 10.000 kroner, gjeld det å ta gode grep med dei. Det betyr å prioritera hardare. Men ein kan framleis få gode vanar, berre frå eit anna nivå. Sjølv om ein har lite, kan ein ha noko til sparing.
Bankens råd er «litt til langsiktig sparing, litt på høgrentekonto og litt til kos».
– Minst 2/3 av summen bør gå til sparing. Men det er lov å tenka at ein òg kan unna seg noko ein har ønskt seg, meiner Karlsbakk.
Han synest det er kjekt å høyra om bufferkonto-målet til Linnea Østensen Garpestad.
– Det er kjekt å høyra. Då er du tidleg bevisst. Men eg ville sagt til henne at ho må kosa seg for litt meir enn 467 kroner, seier Eivind Karlsbakk, banksjef i Sparebank 1 Sør-Norge på Bryne.