på Varhaug
Renovasjon er ei av utgiftene som vert dekka ved sjølvkost, altså at innbyggarane sjølv betalar kommunen for det tenesta kostar, heller enn at pengane vert fordelt over skattesetelen. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Sjølv om me betalar skatt, er det ikkje alt av kommunen sine tenester som vert finansiert over skattesetelen. For kloakk, vatn, feiing og henting av avfall, til dømes, må me betala utanom.

Kommunen avgjer sjølv kor mykje me må betala for kvar ting, men ein viktig føresetnad er at kommunen ikkje kan ha inntekter på dette. Dei kommunale avgiftene kan ikkje vera høgare enn det det faktisk kostar å levera tenestene – dette er kjend som sjølvkostprinsippet.

Når kommunane før jul vedtok budsjettet for 2026, vedtok dei òg nivået for dei kommunale avgiftene. Dei går, som ein kan venta, opp, men ikkje særleg mykje. I overslaget Jærbladet har gjort, er auken på 2,29 prosent i Klepp og berre 0,17 prosent i Time – begge delar under den generelle prisstiginga, som frå oktober i 2024 til oktober i 2025 var på 3,1 prosent.

Hå ligg over dette. Jærbladet sine utrekningar visar at for eit gjennomsnittleg hushald har dei kommunale avgiftene gått opp med 5,2 prosent. Her er det særleg ei auke i det som har med vatn å gjera: Her har prisane på det meste gått opp med 20 prosent.

Når det er sagt, er dei kommunale utgiftene i Hå framleis lågast på Jæren.

Time og Klepp har kutta i feieavgifta, ned 25 prosent kvar. Det skuldast neppe at det har vorte billigare å feia, men snarare ei presisering som har komme frå Skattedirektoratet om at det ikkje skal vera moms på feiing og tilsyn med fyringsanlegg.

Sjå oversikta under:

Merk at regjeringa sommaren 2025 kutta momsen på kommunale vass- og avløpsavgifter frå 25 til 15 prosent. Prislistene oppgitt i Hå kommune sitt budsjett for neste år er utan moms, så for å finna eit snitt for 2025 har Jærbladet valt å rekna ein moms på 20 prosent for heile året.