[unknown]

Oddvar Tjåland kjem og tar imot i resepsjonen – han må det, for det er ingen på jobb der, heller.

– Det er ikkje så mykje kaos her nå. Det er nesten som å koma på ferie, ler han.

Første fredagen i juli stengde Kverneland ned produksjonen, det var starten på tre veker med fellesferie på Øksnevad.

Men teknikarane får ikkje fri – ikkje alle i alle fall. Dei har ansvaret for å sikra oppetid på maskinane og har masse å gjera.

Dei store prosjekta, overhalingane og utskiftingane som skjer nå i fellesferien, kan ikkje gjerast når produksjonen er i gang.

Då seier det seg sjølv at Tjåland, med titlane prosjektleiar og teknisk sjef for bygg og infrastruktur, må venta til august med å ta ferie.

– Nå tar me service på det me ikkje kan stoppa, når det er full produksjon. Dei du ser i dag, er utelukkande vedlikehaldsfolk, seier Tjåland.
– Nå tar me service på det me ikkje kan stoppa, når det er full produksjon. Dei du ser i dag, er utelukkande vedlikehaldsfolk, seier Tjåland. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ingen kø på E18

Han har hatt ein fantastisk karriere sidan han starta som platearbeidar for førti år sidan, i den gamle fabrikken på Kvernaland.

Med kjærleik viser han fram nesten folketomme fabrikkhallar. Han seier at lukta og atmosfæren er annleis nå, når maskinane er av.

Ingen folk som monterer modular, eller opererer maskineringssentera. Til og med sveiseroboten har tatt ferie og ventar på service.

– Han òg skal få pleie, lovar den tekniske sjefen.

Mellom eit titals tomme hallar går «E18», ein intern veg der førti–femti truckar plar susa forbi med delar, verktøy og ferdige produkt.

– Ved normal drift er det fullt køyr her. Då går det i eitt med truckar, og nå er det tomt. Det er veldig spesielt.
– Ved normal drift er det fullt køyr her. Då går det i eitt med truckar, og nå er det tomt. Det er veldig spesielt. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Folk trur det er pressene og dei roterande maskinane som er farlege, men truckane er farlegast, seier Tjåland. Nå er det ingen som bryr seg med å halda seg på fotgjengarfeltet.
Folk trur det er pressene og dei roterande maskinane som er farlege, men truckane er farlegast, seier Tjåland. Nå er det ingen som bryr seg med å halda seg på fotgjengarfeltet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Annleis atmosfære

I smihallen programmerer Frode Bjerga kontrollsystemet til seks robotar, som samarbeider om å smi og herda vendbare plogspissar.

– Bøndene som les Jærbladet, veit godt kva det er. Det er dei som går først ned i jorda. Det går ekstremt mange av dei, seier Tjåland.

Robotane får òg køyrt seg, og nå blir fem utslitne erstatta av heilt nye. Saman lagar robotane ein ny spiss kvart femte–sjette sekund.

Pressa bankar mot plogspissane med tusen tonns trykk – eitt slag kvart halve sekund, fortel Bjerga med innestemme.

Når den største av pressene i smiehallen går, og slår og slår med 1600 tonns trykk, er det umogleg å snakka saman her inne.

Kontoret til Tjåland ligg på andre sida av veggen. Sjølv er han miljøskadd, men for uvitande besøkande kan støyen minna om krig.

Nå er kontormiljøet roleg nok til at sjefen, Christian Kollien, kan ta med seg sonen Frode, som hadde siste barnehagedag på fredag.

Avdelingsleiar Christian Kollien (t.v.) har seks tilsette som driv med prosjekt og er ansvarlege for reservedelar, eksterne servicepartnarar og å legga til rette for eigne teknikarar. Sonen Frode har fått låna ein kontorplass og ser på Pokémon, sidan mora er på jobb. Familien skal til Sverige, Danmark og besteforeldra i Tyskland, før han startar på skulen i august.
Avdelingsleiar Christian Kollien (t.v.) har seks tilsette som driv med prosjekt og er ansvarlege for reservedelar, eksterne servicepartnarar og å legga til rette for eigne teknikarar. Sonen Frode har fått låna ein kontorplass og ser på Pokémon, sidan mora er på jobb. Familien skal til Sverige, Danmark og besteforeldra i Tyskland, før han startar på skulen i august. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Vaskar, fiksar og fornyar

Tjåland trålar fabrikken etter kollegaar, men må legga turen innom sandblåsehallen, for å visa fram hengestasjonen som var ny i fjor.

På eitt år blæs han 4000 tonn stål reint og klart for lakkering. Neste veke kjem teknikarar frå Kroatia og Nederland for å gjera service.

Tjåland må manøvrera forbi ein bonemaskin for å koma seg vidare. Golvet på hallkontora skal bonast, for å gjera det fint.

– Me tar alt mogleg nå. Derfor er det ikkje berre folk som skrur her.

Somme har sommarjobb. Det gjeld studentane som tar førefallande, og Simen Eimstad, som er tilbake på sin gamle arbeidsplass.

Han kjenner drillen når bassenga med 300.000 liter kjøle- og herdevatn skal reinsast. Det skjer ein gong i halvåret og er ei stor oppgåve.

Betongkara må tappast ned og spylast med svært varmt vatn. Kverneland har aldri hatt legionellabakteriar, og vil heller ikkje ha det.

Simen Eimstad er elev ved Brann- og redningsskolen på Fjelldal, mellom Harstad og Narvik. Over sommaren startar han på andre og siste året. Nå har han sommarjobb på Kverneland, der han arbeidde i ti år.
Simen Eimstad er elev ved Brann- og redningsskolen på Fjelldal, mellom Harstad og Narvik. Over sommaren startar han på andre og siste året. Nå har han sommarjobb på Kverneland, der han arbeidde i ti år. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Studentane Rasmus Skjær Eia og Jørgen Stråbø luker i grus og bed i finvêret. Dei skal jobba her heile sommaren og blir ikkje arbeidslause. Blir det regnvêr, er det nok av trapper og vernebøylar å vaska inne.
Studentane Rasmus Skjær Eia og Jørgen Stråbø luker i grus og bed i finvêret. Dei skal jobba her heile sommaren og blir ikkje arbeidslause. Blir det regnvêr, er det nok av trapper og vernebøylar å vaska inne. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Kristian Vigre er ein av dei lokalt tilsette som ikkje har fri. Han kontrollerer og fiksar den sjølvgåande banen som fraktar delar gjennom fabrikken.
Kristian Vigre er ein av dei lokalt tilsette som ikkje har fri. Han kontrollerer og fiksar den sjølvgåande banen som fraktar delar gjennom fabrikken. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Elektrikarane Max Marius Wessel-Aske, Hanna Egelandsdal, Mats Emilsson og Lauren Pojan har arbeidsoppgåver som ikkje kan venta.
Elektrikarane Max Marius Wessel-Aske, Hanna Egelandsdal, Mats Emilsson og Lauren Pojan har arbeidsoppgåver som ikkje kan venta. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Skjermen er blank. Til vanleg er dei tre personar på innkjøpsavdelinga, på grunn av produksjonsstoppen er det mindre å gjera. Arne Grastveit er på jobb i tilfelle teknikarane treng delar, då sit pengane laust. – Eg lagar ordrar på alt mellom 70.000 og to millionar i løpet av ei veke. Det er ingen fasit på det.
Skjermen er blank. Til vanleg er dei tre personar på innkjøpsavdelinga, på grunn av produksjonsstoppen er det mindre å gjera. Arne Grastveit er på jobb i tilfelle teknikarane treng delar, då sit pengane laust. – Eg lagar ordrar på alt mellom 70.000 og to millionar i løpet av ei veke. Det er ingen fasit på det. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Guiden vår vart akseptert i 1986, sjølv om han er frå Sandnes og gal side av Skjævelandsbrua. 58-åringen starta som platearbeidar i den gamle fabrikken på Kvernaland, har tatt kurs og fått utvikla seg. – Eg har ein fantastisk arbeidsplass og ein fantastisk jobb. Sånn er det berre!
Guiden vår vart akseptert i 1986, sjølv om han er frå Sandnes og gal side av Skjævelandsbrua. 58-åringen starta som platearbeidar i den gamle fabrikken på Kvernaland, har tatt kurs og fått utvikla seg. – Eg har ein fantastisk arbeidsplass og ein fantastisk jobb. Sånn er det berre! Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Stor investering

Sommarens største investering kom med båt til Risavika og fekk politieskorte under transporten til Øksnevad natt til laurdag 4. juli.

Prosjektleiar Tjåland har sjølv besøkt vore og besøkt Ibarmia-fabrikken i Spania, for å kontrollera investeringa til 21 millionar kroner.

CNC-maskinen står i røyrhallen, som kjem aller først i plogproduksjonen. Her blir sjølve «hovudstammen» til plogen laga og lakkert.

Det nye kvite vedunderet liknar noko NASA fraktar astronautar i, og har kapasitet til å venda og bora hòl i ni meter lange stammar.

Så store plogar er det ingen i Norge som kjøper, men Kverneland er internasjonale, og har sin største marknad i Europa.

– Me har lagar rundt 2000 plogar i året. Men det er stor variasjon i storleik, påpeikar Tjåland.

CNC-maskinen erstattar ein slitar frå 1984 og er del av ei pågåande fornying av maskinparken fram mot 2032. Dei japanske fabrikkeigarane, Kubota, har som policy å eiga maskinane sjølve.
CNC-maskinen erstattar ein slitar frå 1984 og er del av ei pågåande fornying av maskinparken fram mot 2032. Dei japanske fabrikkeigarane, Kubota, har som policy å eiga maskinane sjølve. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
– Sommaren er perfekt tid for oss servicefolk å gjera vedlikehald, seier Odin Samdal frå Trondheim. Han har jobba dei tre siste somrane, i fjor var han på Raufoss. Lærling Emil Ryen-Western frå Lørenskog flekkmålar bulkar og skrammer på millioninvesteringa frå Spania. Oddvar Tjåland ber spøkefullt om neglelakk.
– Sommaren er perfekt tid for oss servicefolk å gjera vedlikehald, seier Odin Samdal frå Trondheim. Han har jobba dei tre siste somrane, i fjor var han på Raufoss. Lærling Emil Ryen-Western frå Lørenskog flekkmålar bulkar og skrammer på millioninvesteringa frå Spania. Oddvar Tjåland ber spøkefullt om neglelakk. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Unner folk Syden-vêr

Innleigde teknikarar, inkludert folk frå Spania, skal syta for at oppstarten i september går smertefritt.

– Då må han rett og slett berre sviva, seier prosjektleiar Tjåland, som er opptatt av å få gjort mest mogleg før han reiser

Når han først tar ferie, skal han kopla heilt av.

Både han og kona er vande med å ha sein ferie. Dei har ikkje bestemt seg for reisemål ennå, anna enn at dei skal ut av landet.

Ho jobbar i garnforretning og har travle dagar med å møta etterspurnaden til fotballfans som heklar bøttehatt i norske fargar.

Det er endå nokre veker til avreise, utan at Tjåland ser mørkt på det. At Syden nærmast har kome til Jæren, gjer han ikkje noko.

– Det er kjekt for dei som har ferie. Eg unner dei det.