På avdelinga er dette noko alle dei tilsette veit:
Ola, tidlegare bonde, les tre aviser kvar dag, løyser sudoku og er svært glad i å syngja, som han gjorde gjennom mange år i Vigrestad mannskor.
Magne Madland har òg ei lang fortid som songar, i Klepp mannskor. Han har òg drive gard. Dessutan har han 321 A-lagskampar for Varhaug under beltet. Magne er framleis god med ball, eller i alle fall med ballong, som ein òg må vera raskt ute med ein arm eller med hovudet for å treffa.
Dei tilsette veit om desse interessene, for dei kom fram i kartlegginga av begge sine livshistorier då dei forlét heimane sine for å bu på sjukeheimen.
Sjukeheim inneber tap
– For mange kan det vera krise å flytta inn på sjukeheim. Dei opplever tap – dei mister heimen og kontaktnettet sitt, seier Ovidie Vigre.
Ved Hå sjukeheim gjer dei sitt for at overgangen ikkje skal vera det vonde brotet med alt ein har, alt ein har vore og alt ein er. «Personsentrert omsorg», kallar dei det.
– Me legg til rette så kvar og ein best mogleg skal halda kontakten med sitt gamle liv og det dei gjorde før, seier avdelingsleiaren på 4A.
Ein skulle kanskje tru at dette var sjølvsagt. Men det er det ikkje.
På Nærbø har dei fått hjelp til å komma der dei er i dag.
Hjelpa kom gjennom stiftelsen Livsglede for eldre, og sidan 2022 har Hå sjukeheim vore ein sertifisert «livsgledeheim».
– Sertifiseringsordninga hjelpte oss til å laga eit system rundt dette, seier verksemdsleiar Jonas Egeland Reime.
– Kven har du vore?
Systemet byggjer på ei kartlegging av den enkelte som kjem flyttande til sjukeheimen. Det består av eit skjema dei anten fyller ut sjølv, eller – ofte – som pårørande fyller ut. Det skal gi dei som jobbar med bebuaren, eit riss av livshistoria og interessene hans eller hennar.
Denne øvinga skal leggja grunnlaget for at kvar bebuar kvar einaste veke får aktivitetar som passar, frisk luft og meiningsfylte stunder, uavhengig av kven som er på jobb.
På sjukeheimen i Hå lovar dei éin individuell aktivitet i veka og tur i frisk luft ein gong i veka.
– Folk på sjukeheim er sjuke, og mange er kognitivt svekka. Men me kan skapa mykje glede i kvardagen likevel. Og dette systemet gjer det lettare for oss å bli kjende med dei som flyttar inn, seier Ovidie Vigre.
Følger opp utviklinga til den enkelte
Ho legg stor vekt på forholdet til pårørande og å spela på lag med dei, fortel ho.
– Det er ofte gjennom dei me kan få tak i tema som bebuarane hugsar og det dei har drive med tidlegare, og som dei likar å snakka om.
Dokumentet til den enkelte «lever», seier Vigre.
– Ein bebuar som har kunna lesa avisa, kan det kanskje ikkje lenger. Då gjer me det for dei. Ein bebuar som har vore flink til å strikka, klarer det ikkje lenger. Då legg me til rette for at dei kan dei kan sjå på – og at strikkeklubben deira eventuelt kan samlast på sjukeheimen, seier avdelingsleiaren.
Sjukeheimar i Klepp sett på pause
På Jæren er Hå sjukeheim den einaste sjukeheimen som er sertifisert som «livsgledeheim».
I Klepp er både Sirkelen og Kleppheimen i gang med sertifiseringsprosessen, men den er sett på pause det neste halve året mens kommunen jobbar med å bytta ut journalsystemet sitt, opplyser verksemdsleiar Elisabeth Hjelmseth.
Regjeringa vil kutta tilskotet
270 kommunar over heile landet har tilknyting til Livsglede for eldre, som er ein ideell stiftelse. Til nå har organisasjonen fått øyremerkte løyvingar over statsbudsjettet.
Men dette kan ta slutt nå, ettersom regjeringa i framlegget til statsbudsjett har kutta tilskotet på 7,2 millionar kroner.
I staden vil regjeringa overføra desse pengane til eit nytt omstillingstilskot som kommunane kan søka på. Men dette er ingen garanti for at arbeidet til stiftelsen kan fortsetja, slår dagleg leiar Tone Bye fast i ei pressemelding.
– Oppsiktsvekkjande
Høgre sin stortingsrepresentant Margret Hagerup frå Kvernaland vil ha Livsglede for eldre tilbake på statsbudsjettet.
– Dette handlar om noko heilt grunnleggjande, som at eldre skal få leva gode liv, også når dei treng pleie og omsorg. Livsglede for eldre hjelper sjukeheimane med å gjera dette til ein del av måten dei jobbar på. Då er det oppsiktsvekkjande at regjeringa vel å fjerna tilskotet, meiner Hagerup, som er medlem av Stortingets helse- og omsorgskomite.
- Eldrebølgja er her nå
Ho viser til at Riksrevisjonen i sommar la fram ein rapport som viste at mange kommunar ikkje har planar for å dekka behovet for sjukeheimsplassar, omsorgsbustader eller tilsette framover.
– Det kan sjå ut som at eindel trur at det er lenge til eldrebølgja kjem, men det stemmer ikkje. Eldrebølgja er her nå, og norske kommunar er ikkje førebudde, sa riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i ei pressemelding då.
Om berre sju år vil talet på eldre over 80 år i Norge, ha auka med 50 prosent samanlikna med 2024.
– Riksrevisjonen rapporterte allereie i 2018 at kommunar ikkje hadde tilstrekkelege planar for å møte utfordringane. Då er det oppsiktsvekkande å avdekkje kor lite kommunane er førebudd på oppgåvene som ligg framfor dei, meinte Schjøtt-Pedersen.
På denne bakgrunnen er det graverande at regjeringa ikkje har funne plass til eit etablert konsept som Livsglede for eldre, meiner Hagerup.
– Slikt tar lang tid å byggja opp, seier ho til Jærbladet.
Innarbeidde rutinar i Hå
I Hå tok sertifiseringsprosessen eit par år, ifølge Jonas Egeland Reime. Nå har dei drive etter metodikken dei lærte, i fire år. Kommunen betalte ei avgift på 55.000 kroner i året fram til i fjor, då den gjekk ned til 25.000 kroner, opplyser han.
Viss staten kuttar tilskotet til Livsglede for eldre-stiftelsen, vil det ikkje bety stort for Hå sjukeheim, meiner verksemdsleiaren.
– Gode løysingar må gjerast lokale. Stiftelsen hjelpte oss veldig med å laga systematikken. Me har mellom anna fått mykje sterkare fokus på den enkelte og kva dei likar, samt at alle skal få frisk luft. Dei tilsette har gjort ein kjempejobb, og me har etablert ein berekraftig struktur og gode rutinar som me kan lena oss på. Me vil ikkje vera avhengige av stiftelsen for å fortsetja, seier Jonas Egeland Reime til Jærbladet.