– Eit vegskilje for Sirevåg, blir det sagt om planane til Fredrikstad-baserte Solberg Industri.
Selskapet, som leverer kjemikalie til større og mindre verksemder i heile Norden, har vist interesse for å kjøpa ei åtte dekar stor tomt heilt ytst ved moloen i Sirevåg, rett ved sida av Felleskjøpet Rogaland Agder sitt anlegg.
Solberg Industri bygga to–tre siloar som skal brukast til lagring av sement som skal ut til brønnar i Nordsjøen. Den største av desse kan vera opp til 50 meter høg og 20 meter brei. Dei andre kan få ei høgd på opp mot 40 meter.
Til samanlikning er Vedafjellet i Sirevåg 43,8 meter, medan Høghuset på Bryne er 67,7 meter høgt.
Området er regulert til næringsverksemd, men planane om høge siloar bryt kraftig med reguleringsplanen for området, som set maks byggehøgd til 20 meter.
Plansjefen kokte saka ned til spørsmålet om kva kommunen eigentleg vil med Sirevåg hamn.
– Skal me ha fokus på sentrumsaktivitetar og Sirevåg som turisthamn og reisemål, eller vil me styrka hamna som industrihamn og fokusera på gode, solide bedrifter som har aktivitetar, spurde plansjef Ole von Erpecom Vikse.
Opprop
Solberg Industri vil òg bygga opp til ni mindre tankar til lagring av middel som skal blandast inn i sementen. Dei vurderer i tillegg å bruke tomta til produksjon av industriell saltlake og til å imot båtlaster med kjemikaliar og lasta desse over i tankbil for vidare distribusjon – eit arbeid som i dag går føre seg i Fredrikstad.
Planane har vekt merksemd i bygda. I løpet av få dagar har eit opprop mot siloane fått over 200 underskrifter. I oppropet heiter det at siloane kan få negativ innverknad på landskapet og at det er i strid mot kommunen sitt mål om berekraftig turisme og vern av natur og kulturarv.
Fleire i kommuneleiinga og i det politiske miljøet har fått brev med liknande argument. I tillegg vert det lagt vekt på at området ligg tett på både hytte- og bustadfelt og stilt spørsmålsteikn ved den økonomiske vinsten.
Positiv kommunedirektør
Kommunedirektøren var i utgangspunktet positiv til salet og peika på auka aktivitet og moglege arbeidsplassar.
Likevel meinte kommunedirektøren at endringa i reguleringsplanen og omfanget på sjølve anlegget var såpass omfattande at det ikkje var vits i å gå vidare med saka før Utval for samfunn hadde komme med signal på om den maksimale byggehøgda kunne aukast med 150 prosent eller ikkje.
Torsdag morgon var utvalet på synfaring i Sirevåg for å prøva å sjå føre seg 40–50 meter høge siloar i havgapet. I forkant hadde dei fått ei kort orientering av plansjef Ole von Erpecom Vikse.
Han fortalde at administrasjonen hadde diskutert byggehøgdene mykje.
– Anlegget vil vera synleg frå veldig lang avstand, sa han.
Vikse poengterte at sjølv om området Solberg Industri vil kjøpa er regulert til næring, er det berre 150 meter til næraste bustad.
– Det bur folk relativt nært, sa Vikse.
Turisme eller industri?
Under debatten som følgde haldt Tone Karin Slettebø (Frp), som sjølv er frå Sirevåg, eit lengre innlegg. Ho innleia med å seia at Frp er for industri.
– Men me treng industri som går hand i hand med lokalsamfunnet, sa ho.
Slettebø oppmoda utvalet til å vurdera planane opp mot eit ønske om ei utvikling som tar vare både på økonomisk vekst og eit berekraftig lokalsamfunn.
Frp-politikaren meinte byggehøgd på 50 meter heilt ute i havgapet ville vera «kritisk» for bygda.
– Den visuelle effekten dette vil ha på det som er ei perle i Søre Hå, er påfallande, sa ho.
Slettebø frykta at eit ja til eit så dominerande anlegg vil føra til at Sirevåg mister særpreget og i større grad framstår som industriområde enn fiskerihamn.
– Det vil vera eit vegskilje for Sirevåg, sa ho.
Høgre var òg skeptiske.
– Eg kan ikkje sjå at me vil bygga noko som er så høgt og som vil øydelegga det visuelle inntrykket, sa Høgre-politikar og sirevågbu Bodvar Vold.
Arbeidsplassar
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) var meir positiv. Halvt på spøk sa ho at 50 meter er vanvitig høgt, men at det kunne vore kult med ein restaurant på toppen.
Kvia lurte på kva inntektene av etableringa kunne bli. Kommunalsjef Jan Gunnar Mattingsdal svarte at det kunne føra med seg tre-fire arbeidsplassar, i tillegg til inntektene frå sjølve tomtesalet.
Kommunen sel næringstomter av denne typen til kostpris.
Utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) minna om at det einaste utvalet skulle ta stilling til, var byggehøgdene.
Han fortalde at fleire innbyggarar hadde tatt kontakt med han om saka.
– Det er ei sak som skapar engasjement, noko som ikkje er særleg overraskande.
Ånestad meinte saka handla om å balansera interesser opp mot kvarandre.
– Det handlar om økonomi, men òg heilskapen i kommunen. Me må sjå på kva som er mest samfunnstenleg. Det er det som er det vanskelege i denne saka, sa Ånestad.
Han slo fast at eit 50 meter høgt nybygg kan skapa mykje konflikt.
– Det er veldig høgt. Kanskje vil det kosta meir enn det smakar, sa Ånestad.
Kompromiss
Kommunedirektøren hadde førebudd to ulike innstillingar til utvalet: Anten ja eller nei til ny byggehøgd på 50 meter.
Til møtet hadde Ånestad med seg det han meinte kunne vera eit godt kompromiss.
Han meinte utvalet burde vedta at dei var positive til næring og ny utvikling i Sirevåg, men at dei ikkje ønska å auka maksimal byggehøgd til 50 meter. I staden meinte han utvalet burde gå i dialog med Solberg Industri for å sjå om det var mogleg å gjera noko med ei maksimal byggehøgd på rundt 25 meter i det aktuelle området.
– Eg håpar 25 meter er relativt uproblematisk, sidan det er såpass liten auke, sa Ånestad.
Knut Åge Gjersdal (Sp) meinte det var bra om Utvalet kom med eit svar som trass alt var positivt.
– Det er eit signal om at me vil få til noko, at me ikkje berre seier nei, sa Gjersdal.
Merethe Elin Kvia heiv seg på:
– Me kan ikkje berre vera negative. Me treng industri i Hå kommune. Me bur ikkje akkurat i verdas navle, sa Kvia, som meinte både 25 og 30 meter kunne gå fint.
Lerang Asfalt har tidlegare hatt planar om å etablera eit asfaltverk på same tomt, men dette vart stoppa av Statsforvaltaren i Rogaland.
Bodvar Vold var berre delvis samd.
– Eg er einig i noko av det du seier, men synest ikkje me skal snu alt på hovudet berre fordi nokon ønsker å skapa ein arbeidsplass, sa han.
Kor skal det målast frå?
Tone Karin Slettebø peika på at Ånestad sitt forslag ikkje presiserte om det dreide seg om 25 meter høge bygg, eller 25 meter over havet.
I dagens reguleringsplan er den maksimale byggehøgda satt til 20 meter over havet. Den aktuelle tomta ligg i underkant av to meter over havet.
Slettebø sa at partiet hennar kunne vera med på å gå opp til 25 meter, som trass alt var «vanvitig mykje betre enn 50 meter», men at då måtte høgda målast frå havnivå.
Ho sa at Framstegspartiet er tilhengar av industri i området, men at mest heile gruppa var tydeleg motstandar av å auka dagens maksimale byggehøgde.
– Strekk me oss til 25 meter, har me komme ein del i møte, men me vil at det skal vera konkret, sa ho og la fram eit alternativt forslag til vedtak, likt Ånestad sitt, med unntak av at byggehøgda var avgrensa til 25.
Ånestad meinte på si side at litt fleksibilitet på dette punktet kunne vera eit godt utgangspunkt for diskusjonar med kjemikalieleverandøren.
Slettebø fekk støtte frå Høgre, som viste til at dagens reguleringsplan opererer med maksimale kotehøgder.
–Eg er positiv til siloar 25 meter over havet, men om det er godt nok for utbyggaren veit eg ikkje. Halverer me høgda, vil dei trenga dobbelt så mykje areal. Men den diskusjonen får venta til neste omgang, sa Bodvar Vold.
Høgre og Frp har fire av dei ni representantane i Utval for samfunn. Dei andre fem stemte for forslaget lagt fram av Ånestad.
Dermed må kommunedirektøren gå tilbake til Solberg Industri for å høyra med dei om dei framleis er interessert i ei tomt der dei ikkje kan bygga høgare enn 25 meter over havnivå.