Foreldra frå Ogna fann fram kostyme og tok med Johannes og Maria på skutefest.
Foto: Snorre Standish Norheim
Marta Mari og Joakim Engeland har gått gjennom skogen med ungane, Tante Sofie og Kaptein Sabeltann.
Vanlegvis heiter dei Johannes og Maria, men laurdag er ingen vanleg dag.
Det er dagen då Tall Ships' Races kom tilbake til Sirevåg.
Og når det skjer noko i Søre Hå, må dei sjølvsagt ut, seier Marta Mari.
– Me synest det er heilt fantastisk med denne dagen. Det er veldig gildt at me får vist fram bygda, og at det er så mykje liv. Det kjem båtar frå heile verda, nesten.
Vêret er fint, påpeikar ho, og det er eit stort pluss: Her er 20 grader og solgløtt.
– Så det er stor stas. Ein folkefest, seier Marta Mari.
Ordførar Andreas Bjorland er frå Nærbø, men må innrømma at Hå berre blir finare og finare, di lengre sør han kjem.
Og sjøen, landskapet og den nyleg oppgraderte Vågen er sjølve prikken over i-en, seier han, då han ønsker velkomen.
Ordføraren nærmast instruerte ungane til å nytta moglegheita til å drikka brus og eta snop, is og sukkerspinn.
Så dette blir ein skikkeleg fest, som han takka frivillige, idrettslag, sponsorar og arrangørkomiteen for å få i stand.
Han oppmoda publikum til å nyta dagen og å bruka pengar, før han inviterte Øystein Ellingsen opp på scena.
Saman med Ingvar Hovland har han nyss komponert ein Sirevåg-song, som fekk opna laurdagens arrangement.
- Sjå kor flott me har det. Sjå kor flott det er i Sirevåg, sa ordførar Andreas Bjorland.
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Vågen sett frå sjøen.
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Ærefullt oppdrag
– Det er klart det blir eit ærefullt oppdrag. Det er veldig kjekt å få ein slik førespurnad. Eg er spent på korleis folk vil motta låten. Spent og litt nervøs, sa han til Dalane Tidende fredag.
Og presentasjonen dagen etter gjekk bra – med unntak av ein konfrontasjon med ein veps, midtvegs i songen.
– Eg blir yre som ei erla, når eg e i Sirevåg, song Øystein Ellingsen. «Erla» rimer på «perla».
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Ragnvald Wernøe, Theodor Kristoffersen Hellwig og Marthine Høiland Lode hadde familieførestillinga «Katten på sjørøverøya».
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Heile familien ute
Knut Holter og Berly Holter frå Stavanger er på hytta i Sirevåg. Dei har gode minne frå sist Tall Ships' Races var innom, for to år sidan.
Laurdag har dei med barnebarna: Knut Holter Vae, som har reist ned frå Etne, og Sigurd og Vilja Holter Haug frå Stavanger.
Før opplegget startar på scena har syskenbarna fått kvar si pølse. Etterpå blir det is.
– Det er ikkje noko tungt program for dagen, seier bestefaren.
Knut Holter Vae har funne ei colaflaske med førenamnet til syskenbarnet, Sigurd Holter Haug (nærmast). Besteforeldra lovar is etter sceneshowet.
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Is står òg for tur for Johannes Sele, Alexander Sele Monge og Victor Sele Monge, når dei kjem seg av Christian Radich. Dei er her med foreldra og bestefar Jan Sele.
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Skuter frå nesten heile verda
Anne Ofelia Haus og Clara Zita Lind kom sjøvegen til Sirevåg, frå Aberdeen.
– Det er litt av ei oppleving. Det er spanande å prøva noko nytt, seier dei.
Etter ti overnattingar, og åtte dagar på reis, skal dei enda opp i Kristiansand, heimbyen til Anne.
Anne kjende ikkje Clara, som er frå Fredrikstad, før dei møttest på Christian Radich. Det er éi av totalt fem skuter som legg turen innom Sirevåg i år.
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Årets skuter:
Christian Radich (Norge).
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Morgenster (Nederland).
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Fullriggeren Sørlandet (Norge).
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Gulden Leeuw (Nederland).
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Capitan Miranda (Uruguay).
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
RS Knut Hoem frå Redningsselskapet er også til stades.
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
For ikkje å snakka om Hå brannvesen.
Foto: Foto: Snorre Standish Norheim