1. september er årets frist for å søka på utvinningslisensar i nye havområde utanfor norskekysten.
Det nye denne gongen er at fleire av dei 70 blokkene ligg svært nær land.
22 av blokkene ligg i Nordsjøen, og 10 av dei er «svært kystnære», det vil seia heilt eller delvis innanfor 25 kilometer frå kysten, ifølge Miljødirektoratet.
Åtte andre ligg «veldig kystnært», mellom 25 og 50 kilometer frå land.
Det gamle Ekofisk-feltet ligg til samanlikning 290 km frå land, og Yme-feltet 130 km til havs.
– Aldri før så nært
– Grensa for leiting er nå lagt nærmare jærkysten enn den nokon gong har vore, sju kilometer frå Jærens rev eller Orrestranda. Nå grenser det mot alt me meiner er sårbar natur langs kysten, seier Erik Hammer, leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, til Jærbladet.
Dette er miljørørsla sterkt imot.
– Me er svært utrygge og bekymra. Installasjonar sju kilometer ut vil ein kunna sjå frå land. Viss det blir utslepp, er det dramatisk. Jærkysten har unik natur og økosystem, og utanfor kysten ligg ein av landets største tareskogar, som mellom anna er yngleplass for pigghå, seier Hammer.
– Vårt Lofoten og Vesterålen
Han fryktar at utvidingane i både Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen i neste omgang vil opna for omkamp om områda ved Lofoten og Vesterålen, der det til nå har vore politisk fleirtal mot å sleppa til olje- og gassnæringa.
– Jærkysten er vårt Lofoten og Vesterålen. Sjølv om dette er Rogaland, kor me er så avhengige av denne industrien, trur eg ikkje du vil finna mange som synest det er topp å setja i gang rett utanfor her, seier Hammer.
Protesterte
Då regjeringa sende framlegget sitt om dei nye leiteområda på høyring i vinter, kom 35 svar.
Eitt av dei var frå Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Greenpeace og WWF Verdas naturfond.
Dei ba regjeringa avlysa heile utlysinga og avskaffa ordninga med desse årlege TFO-rundane, «tildeling i forhåndsdefinerte områder».
Og viss dét ikkje skulle vera aktuelt, ba dei Energidepartementet om å la vera å utvida TFO til «særleg verdifulle og sårbare område».
– Kolliderer med klimamål
«Det er skremmande at TFO-ordningen fortsetter å utvide leteområdene på norsk sokkel. Spesielt urovekkende er det også at det ikke virker som om det er tatt noe hensyn til våre særlig verdifulle og sårbare havområder i utlysningen av TFO 2026», meinte miljøorganisasjonane.
Norge har ansvar å ta vare på havområda våre og eit internasjonalt ansvar for å nå klimamåla for 2030 og 2050, påpeikte dei:
«En utvidelse av petroleumsindustrien inn i nye havområder er uforenlig med begge disse målene».
Fryktar utslepp som kommunane må handtera
Det var ikkje desse regjeringa valde å høyra på.
Heller ikkje på Miljødirektoratet, som advarte sterkt mot å inkludera dei 10 blokkene i Nordsjøen som ligg innanfor 25 km frå kysten.
«Ved akutte utslipp av olje i så kystnære områder, er tiden til å respondere på, svært kort før olje kan treffe land, (...) og det vil være vanskelig å sikre tilstrekkelig beredskap mot potensielle akutte oljeutslipp ...», advarte dei i høyringa.
Miljøbyråkratane er heller ikkje trygge på at industrien har beredskapsressursar til å handtera slike situasjonar, sjølv om det er forventa.
«Erfaringen så langt viser at operatørene i svært stor grad baserer seg på statlige og kommunale beredskapsressurser for å dekke opp bereskapsbehove i kystsonen», skreiv direktoratet.
Blir ikkje lytta til
Energidepartementet hadde berre bede om innspel med ny og vesentleg informasjon.
Men det som kom, var «kjente miljømessige problemstillinger», meinte dei. Dei hadde ikkje ny, vesentleg informasjon som vil vera relevant for Stortinget når dei skal bli einige om kor det skal vera olje- og gassutvinning framover, skreiv departementet i ei pressemelding.
Miljødirektoratet kan ha sett dette komma, for i sitt innspel insisterer dei på at det nettopp er «ny og vesentleg informasjon» dei kjem me, i form av samla vurderingar, ny kunnskap og erfaring.
– Omgrepet «ny og vesentleg kunnskap» bør inkludera vesentleg informasjon som forsterker det eksisterande kunnskapsgrunnlaget. Dessutan må nye internasjonale og nasjonale plikter og miljømål kunna brukast til å sjå eksisterande kunnskap i nytt lys, meinte dei.
Vil sikra arbeidsplassar, velferd og energi til Europa
Grunnen til at regjeringa vil utvida leiteområda for olje og gass, er å sikra at petroleumssektoren kan utviklast vidare og skapa verdiar for fellesskapet, leggja grunnlag for gode arbeidsplassar over heile landet, sikra felles velferd og bidra til å tryggja energiforsyning i Europa, ifølge statsminister Jonas Gahr Støre.
– Det er viktig at næringa framover også ser etter nye, større sjansar i desse områda. Ikkje i staden for leiting nær eksisterande infrastruktur, men i tillegg, sa energiminister Terje Aasland i ei pressemelding i mai.
Equinor treng utvidingar
Denne veka er den internasjonale olje- og gassnæringa samla i Stavanger til messa ONS. I næringa er opninga av nye område for leiting etter olje og gass, svært velkomen.
Det er positivt at styresmaktene legg ut nye blokker til TFO, meinte Equinor i høyringa i vinter.
«Tilgang på nytt attraktivt areal er en forutsetning for å opprettholde et høyt aktivitetsnivå på norsk sokkel fremover. En fortsatt leting både i nye og eksisterende områder er nødvendig for å dempe produksjonsfallet som vil komme», skreiv Equinor.
– Dempar fallet i produksjon
Næringsforeningen i Stavanger var også svært positiv til utvidinga av områda i både Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.
Aktiv leiting, utbygging og produksjon på norsk sokkel er avgjerande for å tryggja energiforsyninga i Europa, og olja og gassen bør produserast med lågast moglege utslepp. Leiting er avgjerande for å halda oppe utvinninga, meinte dei.
– Slik kan ein dempa fallet i produksjon, investeringar og aktivitet som ubønnhørleg vil komma, skreiv næringsforeininga.
– Heng ikkje på greip
Naturvernforbundets mann er også på ONS. Han er mindre optimistisk enn oljenæringa.
– Dagens regjering går lenger enn alle regjeringar i å føra ein energipolitikk som bryr seg lite om naturen. Dei skyv framfor seg omsynet til Europas energiforsyning og krisa i Hormuzsundet. Men der er ting her som ikkje heng på greip, meiner han.
Hammer viser til ei video-helsing som Ursula von der Leyen, president i EU-kommisjonen, hadde på opninga av ONS.
– Ho sa tydeleg at EU sin plan er å bli sjølvforsynt med energi. Norge har aukt gasseksporten til EU ettersom Russland ikkje leverer lenger. Men sidan 2021 har EU redusert sitt behov for gass med 20 prosent, og dei har planar for at det skal meir ned. Dei skal ha vår olje og gass i mange år ennå, og me kan ikkje stengja ned over natta. Men det er svært spesielt at styresmaktene vil opna så sårbare område i denne situasjonen, meiner Erik Hammer, leiar i Naturvernforbundet i Rogaland.