Investeringa på ein tusenlapp skjedde tilbake i 1984, då Rehabiliteringssenteret AiR i Rauland i Vinje kommune var nytt.
– Klepp var blant dei første som kjøpte andelar i dette. Ikkje veit eg kvifor, seier økonomisjef Anita Steinsland Moi til Jærbladet.
«Det verkar litt rart å eiga andelar i eit aksjeselskap som er geografisk plassert såpass langt borte frå Klepp, at det ikkje er praktisk å nytta seg av tenestene dei leverer», synest Torild Lende Fjermestad, ifølgje saksdokumenta til politikarane.
Med bakgrunn i at kommunen årleg får invitasjon til generalforsamlinga, sjekka Fjermestad kva firmaet driv med.
Ho kjende ikkje til det 42 år lange eigarskapet.
Framleis uviss bakgrunn
Det skal ikkje ha blitt brukt mykje ressursar på å leite etter bakgrunnen for aksjekjøpet, men Interkommunalt arkiv i Rogaland skal ha gjort eit søk i eldre arkiv.
Forsøket gav ikkje resultat, og mysteriet blir derfor verande uløyst.
– Det har nok vore eit politisk vedtak til grunn, eg trur ikkje det var vanleg før heller å kjøpe aksjar utan politisk vedtak, seier økonomisjef Moi, og held fram:
– Det er to aksjar for 500 kroner. Me vil ikkje setje i gang med mange dagars arbeid for det.
Vil selje aksjane
Formannskapet gjekk førre måndag for Fjermestads innstilling om at Klepp kommune stiller seg positiv til å selje eigarandelen til ein av dei andre eigarane i selskapet.
Kommunedirektøren i Vinje kommune skal ha sagt seg positiv til å innstille på kjøp av aksjane, ifølgje Fjermestad.
«Dei to aksjane er 500 kroner kvar. Andelen er ikkje oppført i balansen til Klepp kommune. Ved eit mogleg sal av aksjane, er det truleg at me vil kunna få pålydande som pris for aksjane, men det er ikkje sikkert. Det bør heller ikkje vera eit vilkår for sal», seier saksdokumenta.
– Dette er aksjar i eit non-profit-selskap. Me kan ikkje ta ut utbytte, og vil ikkje få avkastning på dette. Senteret bør få ein eigar som har interesse av å drive med meir aktiv eigarstyring enn det Klepp har hatt, seier økonomisjef Moi.
– Det er heilt normalt å selje til pålydande pris. I fjor selde me tilsvarande aksjane i Attende Allservice AS til Stavanger kommune for pålydande.
Saka skal opp til kommunestyret 14. september.