Mandag oppdaga ei verksemd på Orstad at uvedkommande hadde klippa hòl i gjerdet. Per mandag ettermiddag er det usikkert om noko er stole.
Morten Slettebø, politioverbetjent ved Jæren politistasjon, seier at same stad har vore offer for tjuveri tidlegare.
– Då blei ein stillashengar stolen, seier han.
Det innegjerda området fungerer som lager for fleire bedrifter.
– Fornærma vil ta kontakt om det er nokon som manglar noko, seier Slettebø.
Laurdag ettermiddag tok nokon som mangla elsykkelen sin kontakt med politiet.
Slettebø fortel at det var sporing på sykkelen og at ein politipatrulje var ute og lette etter sykkelen på ein konkret adresse på Bryne, utan å finna han.
Mandag, derimot, gjekk det betre:
– Sykkelen blei funnen i ein garasje i Klepp. Der fann dei òg tre andre syklar som var meldt stolne, seier Slettebø.
Ein person har status som mistenkt i saka.