Han kjem ned i sokkeleisten for å låsa opp døra. Jærbladet spør om det er ok at bilen står parkert rett utanfor. Det er det. Sjølv treng han ikkje parkeringsplass for tida.
Han syklar etter å ha køyrt for fort, opplyser han på veg opp trappa.
– Eg kjem i betre form av det.
Fort går det også generelt for sjefen i Nordic Steel, som nå har årsrekneskapen for 2025 klar.
Årsrekneskap med oppkjøp
Han tar imot på sitt nye kontor, der vegg-til-vegg-teppet er mjukt, hjørnesofaen er grøn og godteskåla full.
Årsrekneskapen viser at selskapet han er sjef for, framleis går godt.
Driftsinntektene fall rett nok med over 50 millionar frå året før. Men med oppkjøp av stålfirmaet BRIAS på Sotra utanfor Bergen i november i fjor, enda dei totalt 12 millionar høgare enn i 2024.
Utan oppkjøpet var driftsresultatet noko betre enn i 2024 – og mykje betre etter.
Det ordinære resultatet var 29,5 millionar, opp frå 26,9 året før. 40 millionar med BRIAS inkludert.
Permitteringar
– Undervegs har de permittert folk?
– Ni tilsette er permittert. Det er ingen dramatikk i det, dette er ei mindre korrigering. I 2024 var me 139 tilsette. I dag er me 142, og eg har kjempetru på det me gjer, seier Lobekk.
Men 18 medarbeidarar i stålbedrifta på Sotra er med i dette talet. Ingen av dei er råka av permitteringar andre stader i selskapet, som i tillegg nå har tre tilsette i Oslo og éin i Ålesund.
Resten – 120 personar – jobbar i eit av fleire bygg og hallar med Nordic Steel-logo på Håland. Det er her dei permitterte har jobba.
Teknologi tar ned manuelle timar
– Me har optimalisert planleggingsprosessar og blitt flinkare og meir effektive på nokre område. Me har klart å ta ned manuelle timar med smartare teknologi og betre maskinar. Dessutan er enkelte delar av marknaden blitt tøffare det siste halvåret, forklarer Lobekk.
Dei ni er permittert, ikkje oppsagt, understrekar han.
– Me gjer alt me kan for å auka aktiviteten. Men akkurat nå har me ikkje nok arbeid til alle ni.
Står på fleire bein i tøff marknad
Marknaden er blitt tøffare, ifølge Lobekk.
– Det er kamp om jobbane, og det gjer at me må snu kvar stein for å levera tala me treng for å fortsetta å bygga industri på Jæren.
Nordic Steel driv avansert stålbehandling, og produkta deira trengst i mange bransjar.
Det gir dei fleire bein å stå på når dei leverer bru-konstruksjonar, utstyr til oppdrettsnæringa og stål til olje- og gassindustrien, til bygg og anlegg – og til forsvarsindustrien.
– Breidda sikrar sjansar for vekst. Når éi næring går ned, går ei anna opp. Denne balansen jobbar me med kvar dag, seier Lobekk.
– Me var lett godtruande
Inngangsdøra til lokala på Langmyra på Håland, er låst. Nordic Steel flytta inn her i i fjor og utvida dermed arealet sitt med 18.000 kvadratmeter.
Inngangskontroll er noko nytt. Eit nytt fokus på sikring er også er med på å forklara korfor bedrifta nyleg sette ut IT-tenestene sine til eit eksternt selskap.
– Me har, lett godtruande, hatt ei open dør heilt sidan me starta. Nå er heile bygget nedlåst, delvis på grunn av det nye trusselbildet. Me har outsourca all IT, i hovudsak på grunn av sikkerheit.
To næringsforeiningar
2026 er det offisielle Totalberedskapsåret, og for Børre Lobekk er beredskap i næringslivet noko han òg er nøydd til å tenka på i dei to verva han har tatt på seg det siste året: 38-åringen er styreleiar både i Næringsforeningen i Stavangerregionen og i Bryne næringsforening.
Det gjorde han til sjølvskriven deltakar på næringsforeininga i Stavanger sin forsvarskonferanse måndag. Den var fullteikna og hadde lang venteliste.
Eit bakteppe er enormt globalt forbruk av våpen og militærmateriell som drep, øydelegg og sender millionar på flukt i Ukraina, i Midtausten og i Sudan.
Eit anna er at europeiske land held på å ta inn over seg at deira forsvar ikkje lenger automatisk kan lena seg til eit ustabilt USA.
Krig gir næringslivet nye nisjar
Men denne nye realiteten gir òg nye utsikter for næringslivet. Her heime vedtok Stortinget i 2024 å setta av 1.635 milliardar kroner – det tilsvarar 74 prosent av årets statsbudsjett – til investeringar i forsvarssektoren, rett nok over 12 år.
Som Næringsforeninga skreiv:
«Nå skal Norge og Europa satse milliarder på forsvar og beredskap. Kan din bedrift bli en leverandør i dette markedet? Hva er det Forsvaret trenger og hvilke behov kan næringslivet i Rogaland dekke?»
Ser til forsvarsindustrien
Ein ny rapport frå PwC på oppdrag av Næringsforeningen i Stavanger, fylkeskommunen og Stavanger kommune, slår fast at rogalandsbedrifter kan ta langt meir av denne nye marknaden enn dei gjer.
Dette er ei kjempespennande næring, meiner Lobekk. For nokre månader sidan blei Nordic Steel sertifisert til å levera til forsvarsindustrien.
– Me leverer til ein handfull aktørar i dag, men har dialog om større prosjekt. Dette er enno ei ganske ny næring for oss, og me er på lærestadiet, seier Lobekk.
Som leiar i næringsforeiningane vil han òg gjera sitt for at bedrifter i regionen går saman i prosjekt, heller enn at alle satsar kvar for seg, seier han.
Satsar på utstyr
Lobekk stikk føtene inn i eit par godt brukte, raude tresko ved døra. Dei er spesiallaga i Hovsherad og har vernetå. You'll never walk alone. Han har ikkje lenger sesongkort på Anfield. Men han har tilgang på billettar og reiser mykje til Liverpool, fortel han – sist då laget møtte Paris Saint-Germain, som «ikkje var lystig».
Han vil visa litt av kva som går føre seg på golvet i hallane med til saman 40.000 kvadratmeter industri.
Sjefen vedgår at han ikkje har detaljkunnskap om kva alt er, der han guidar mellom stålkonstruksjonar av alle slag og tilsette som jobbar med dei. Men han er stolt over maskinar dei har skaffa det siste året.
Trivselstiltak
Nordic Steel satsar òg på at utstyr som skal bidra til trivselen for dei tilsette, er av godt merke. Lobekk viser eit velassortert treningsrom, der både medarbeidarar og familiane deira trener gratis.
– Dessutan har me fast padel kvar onsdag, og bedriftslag i bowling, og me deltar i masse løp, som Robustløpet og Markusløpet. Etter kvar lønning har me sosialt treff, fortel sjefen.
Ingen tariffavtale
Ein ting dei ikkje har på Nordic Steel, er tariffavtale. Fellesforbundet avdeling 91 har nokre medlemmer i bedrifta, men treng rundt halve arbeidsstokken om dei skal krevja avtale, ifølge Bernhard Brunes, som leier avdelinga.
Mange småbedrifter på Jæren har same situasjon, men av dei store er det berre Aarbakke og Nordic Steel som ikkje har tariffavtale, ifølge han. Fellesforbundet prøver av og til å få folk i Nordic Steel til å melda seg inn, men det «manglar litt». Brunes seier han ikkje er sikker på at dei er velkomne i bedrifta.
– Alle blir tatt vare på
– Eg er opptatt av at alle skal vera like heile når dei går som når dei kjem. At dette skal vera ein god arbeidsplass der alle får nyta godt av det me gjer. Godemessig trur eg me ligg over gjennomsnittet. Alle her blir tatt vare på, seier Lobekk.
– Kva er haldninga di til fagorganisering?
– At det skal vera valfritt. Me har dessutan interne tillitsvalde som i samarbeid med leiinga blir einige om kva lønsnivå som er fornuftig for alle partar, seier Lobekk.
Sjølv har han blitt æra med prisar for sitt entreprenørskap fleire gongar sidan Nordic Steel blei til.
– Eg lærte tidleg verdien av å stå på og av kvalitet, i byggfirmaet som far min dreiv. Men me er mange om dette. Eg har med meg ufatteleg flinke folk som trivst og som har lyst til å gjera meir.
Det har han lyst til sjølv òg.
– Kvar er Nordic Steel om fem år?
– Då driv me enno lønnsamt, og me er det leiande kompetansesenteret for stål i Norge. Me bygger større og meir.
– Når er det stort nok?
– For oss er ikkje det eit spørsmål å stilla. Eg trur det anten går opp, eller så går det ned. Stillstand er ikkje positivt, seier Børre Lobekk.