– Me har stor takksemd for det han har betydd for oss og jobben han har gjort for landet og for enkeltpersonar, legg Bjorland til.
Han og ordførar-kollegaene i heile Rogaland sat i sitt vanlege fredagsmøte med statsforvaltar Bent Høie då meldinga kom om kong Haralds død fredag morgon.
Bjorland har aldri treft kongen personleg, men har eit sterkt forhold til han. Då Harald blei innsett som konge, var dagens ordførar liten gut.
– Han var med oss i mange år. Me har dagar me ikkje kjem til å gløyma; sist etter fotball-VM, då han tok imot landslaget. Me kjem òg til å hugsa korleis han tok til tårene og var med i sorga etter 22. juli. Det viste alvoret han har lagt i gjerninga si. I tillegg hadde han glimt i auget og gode kommentarar som me refererte i godt lag. Heile denne breidda gjorde han så samlande, meiner Bjorland.
Nå går tankane til familien rundt kongen, seier Hå-ordføraren.
– Me som kommune og land vil vera med og sørga over tapet av kongen, men samstundes gleda oss over det han har betydd for oss, seier Andreas Bjorland fredag morgon.