– Dei som blir med og tar ansvar, vil oppdaga at det er vanskelegare enn ein skulle tru å driva ein kommune med 2.000 tilsette og 20.000 innbyggjarar.

Det seier ordførar Andreas Vollsund i Time.

13. september neste år er det kommuneval; innbyggjarane skal stemma på folk som dei vil skal styra kommunen politisk dei neste fire åra.

Men lenge før det skjer, skal kvart parti nominera sine kandidatar. Den siste tida har valkomitear jobba med å fylla desse listene. I Time er nokre ferdige, andre er på tampen av arbeidet. Kven som står der, blir offentleg når det enkelte parti har hatt nominasjonsmøte.

Den som blir med i lokalpolitikken får det kjekt og lærerikt, meiner ordførar Andras Vollsund. Ap-politikar og lærar Karen Hognestad Liland møtte til dømes statsminister Jonas Gahr Støre under hans skulebesøk på Bryne nyleg.
Den som blir med i lokalpolitikken får det kjekt og lærerikt, meiner ordførar Andras Vollsund. Ap-politikar og lærar Karen Hognestad Liland møtte til dømes statsminister Jonas Gahr Støre under hans skulebesøk på Bryne nyleg. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Slit med å få tak i folk

Men jobben med å få folk til å stilla til val, er ikkje rett fram, ifølge ordføraren.

– Dette er mi største bekymring, at mange slit med å få tak i folk. Det hjelper ikkje på rekrutteringa at stadig fleire i kommentarfelta skriv om enkeltsaker utan nyansar, seier Vollsund.

– Hadde dei blitt med og tatt ansvar, ville dei fått innsyn i svært mykje og forstått betre. Då hadde me kunna hatt kommentarfelt med diskusjon basert meir på sak og fakta, meiner Høgre-politikaren.

Nokre går «langt over grensa»

Sjølv har han vore ordførar sidan 2020. Han er på ingen måte avskremt frå å gå på nye fire år. Det seier han, sjølv om han gjennom rolla si har opplevd ikkje berre sinte kommentarar i kommentarfelt, men også drapstruslar som har ført til besøksforbod.

– Me toler at folk er kritiske og av og til sterkt usaklege. Ein ordførar skal dessutan tola meir enn andre. Men det er ubehageleg å oppleva at folk er så sinte og at dei tar det til eit personleg nivå. Det skremmer meg litt at nokre går langt over grensa, seier han.

– Sterkt motivert for fire nye år

Vollsund er likevel sterkt motivert til å gå på fire nye år som den fremste folkevalde i kommunen.

– Eg stortrivst som ordførar og har lyst til å fortsetja. Det er kjekt å få innsikt i korleis ting fungerer og å vera med og bestemma kor kommunen skal satsa, kor me skal bruka pengar. Me skal ha gode lokalsamfunn, og som folkevald er ein med og legg føringar for det som betyr noko for folk, seier ordføraren.

På tampen av arbeidet til valkomiteane er det i Time Høgre framleis tid til å melda seg til teneste viss ein har ein folkevald i magen, ifølge Vollsund.

– Ein ting er å stå på lista. Men ein kan uansett melda seg inn i partiet og delta på gruppemøta, seier han.

Kommunestyra har generelt vanlege folk som vil det beste for lokalsamfunnet, meiner Frp sin gruppeleiar i Time, Gaute Stokka. Desse blei i fjor samde om å opna Sivdambassenget på sundagar: Endre Vollsund (V), Gaute Stokka, Tarald Magne Oma (Sp), Anders Undheim (KrF), Inge Bjørnsen (INP) og Ole Jørgen Alstadsæter (H, fremst).
Kommunestyra har generelt vanlege folk som vil det beste for lokalsamfunnet, meiner Frp sin gruppeleiar i Time, Gaute Stokka. Desse blei i fjor samde om å opna Sivdambassenget på sundagar: Endre Vollsund (V), Gaute Stokka, Tarald Magne Oma (Sp), Anders Undheim (KrF), Inge Bjørnsen (INP) og Ole Jørgen Alstadsæter (H, fremst). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Mykje urettferdig netthets

Andreas Vollsund er ikkje den første i Time-politikken som slår alarm om at nettroll eller tastaturkrigarar speler ei negativ rolle i lokaldemokratiet.

Det gjorde også Frp sin varaordførar, Gaute Stokka, i eit innlegg i Jærbladet i fjor.

I alle kommunestyre i Norge sit heilt vanlege folk som ønsker det beste for innbyggjarane i sin kommune, meinte han.

Men mykje urettferdig netthets gjer at nye folk kvir seg for å stilla på dugnaden for fellesskapet som demokratiet er avhengig av, skreiv Stokka.

Innlegget utløyste ikkje noko skred av nye medlemmer, seier han i dag. Men han meiner det same som då:

– Folk bør bli med og bidra og sjå korleis ting fungerer. Viss noko er feil, kan ein då prøva å påverka. Ikkje alt er så A4 som folk trur, seier Stokka. Han er ordførarkandidat for Time Frp, og i denne perioden står han i spissen for ei gruppe på tre i kommunestyret.

Han ser ein del negative kommentarar om seg sjølv på sosiale medium og vel å «ikkje ta alt heilt inn». Men mange spreier feilinformasjon om saker, meiner Frp-politikaren.

– Folk kommenterer ting dei ikkje har greie på og som går negativt ut over enkeltpolitikarar. Tildeling av straum til datasenter er ei slik sak. Det er ikkje Time kommune som tildeler straum til datasenter, det er det andre som gjer. Men me blir kritisert for å «gi vekk straumen». Det er det ikkje hald i.

Varaordførar i Time, Gaute Stokka (Frp), har slått alarm om tastaturkrigarar før, og invitert folk til heller å engasjera seg politisk. Det utløyste ikkje noko skred av nye medlemmar, vedgår han.
Varaordførar i Time, Gaute Stokka (Frp), har slått alarm om tastaturkrigarar før, og invitert folk til heller å engasjera seg politisk. Det utløyste ikkje noko skred av nye medlemmar, vedgår han. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Frp og Ap vil ha fleire kvinner

I Framstegspartiet i Time har dei 23 namn på kandidatlista. 14 av dei er menn, ni er kvinner. Åtte namn på lista er nye.

Stokka vil gjerne ha fleire kvinner på lista. Det har vore vanskeleg å rekruttera kvinner; mange høyrest ut som dei er redde for tidsbruken, ifølge varaordføraren.

– Fleire seier òg at det er for mykje negativt på nettet som dei ikkje ønsker å kjenna på, seier Stokka.

Men det er framleis tid til å melda seg; fristen er 28. oktober.

– Me tar svært gjerne imot folk som vil engasjera seg på våre premiss og med vår politikk, seier Gaute Stokka i Frp.

Karen Hognestad Liland og Anders G. Madsen vil toppa Time Arbeidarparti si liste til kommunevalet neste år, som høvesvis ordførar og varaordførarkandidat. Lengre nede på lista er det framleis plass til andre som vil vera med og styra utviklinga i kommunen, seier Liland.
Karen Hognestad Liland og Anders G. Madsen vil toppa Time Arbeidarparti si liste til kommunevalet neste år, som høvesvis ordførar og varaordførarkandidat. Lengre nede på lista er det framleis plass til andre som vil vera med og styra utviklinga i kommunen, seier Liland. Foto: Foto: Skjermbilde

Også Arbeidarpartiet i Time har plass til fleire, særleg kvinner, seier gruppeleiar Karen Hognestad Liland, som er ordførarkandidaten der i garden.

– Me har 23 personar på lista, der annankvar person er mann og kvinne. Me skulle gjerne hatt 27. Viss ei eller to kvinner til blir med, er me der, seier ho. Fristen er det kommande månadskiftet.

Kvinner har framleis meir å gjera på heimefronten enn menn. Det trur Hognestad Liland er ein av grunnane til at det er tyngre å finna kvinner som vil inn i lokalpolitikken, enn menn.

Gruppemøte som tryggar folk

For det tar tid å vera folkevald, vedgår ho.

– Takkar ein ja til eit verv, må ein ta det seriøst. Og det tar den tida det tar. Men møtetidene i Time er ganske gode: Utvalsmøta er på dagtid, og kommunestyret er klokka 17.

Ein må lesa sakspapir på førehand. Men partia har gruppemøte før kvar utvalsmøte. Der blir ein ofte einige om kva ein skal meina, og det tryggar folk, meiner ho.

Får til endringar

Time er tradisjonelt styrt av parti på høgre side av midten, og partiet Høgre har hatt ordføraren i kommunen sidan 2011.

Men ein melder seg til det partiet som ein er mest samd med politisk, slår Ap-politikaren fast.

Høgre har 10 av dei 27 representantane i kommunestyret i denne perioden, Ap har 3.

Sjansen for at ordføraren neste haust heiter Karen Hognestad Liland, er også ganske små.

Men om det betyr at ho mest føler avmakt?

– Absolutt ikkje!

– Av og til er me med og bestemmer, særleg i utval. I utval for lokal utvikling er endringsvedtak ofte laga av representanten frå Arbeidarpartiet, Kjell Olav Stangeland, seier Karen Hognestad Liland.