– Folk har hatt sommarferie, og det har vore utruleg kjekt for mange. Men for nokre har det ikkje vore så bra. Nå er det viktig at me tar vare på kvarandre, seier Anne Berit Berge Ims.
Kommunedirektøren står i spissen for kriseteamet, som blei aktivert tirsdag formiddag.
– Utruleg trist sak
Ein mann i 30-åra blei mandag sikta for drap, etter at ei kvinne i 30-åra på søndag blei funne med store skader i ein bustad på Nærbø og seinare døydde på Stavanger universitetssjukehus.
– Dette er ei utruleg trist sak. Me er klare for å følga opp dei berørte med kommunale tenester etter behov. Kommunen skal vera for alle innbyggarane i ulike livssituasjonar. Det er me nå overfor dei involverte, seier Berge Ims til Jærbladet.
Ho vil ikkje nærare inn på kva kommunen konkret gjer.
– Men me har utruleg flinke og dedikerte fagfolk som avbryt ferien sin for å bistå. Dei vil vera så tett på som kommunen skal vera. Det handlar om å stå saman i ein krevjande situasjon for mange. Dette er ei forferdeleg hending, men me som kommune skal vera her for folk i gode så vel som krevjande dagar, seier kommunedirektøren.
På sosiale medium verserer rykte om hendinga på Nærbø søndag. Berge Ims ber alle forhalda seg til informasjon frå offisielle kanalar, som politiet.
– Tenker på familien
Ordførar Andreas Bjorland er på ferie, men er ikkje heilt fråkopla.
– Dette er heilt forferdeleg og går inn på oss alle. Eg tenker på familien og på alle rundt. Det er berre tragisk, seier ordføraren.
– Hå kommune skal vera trygg å bu og veksa opp i, og bli gammal i. Dette arbeider me for kvar dag. Nå samarbeider me med rette instansar, som her er politiet, seier Andreas Bjorland.
Kvinna som har mista livet, blei søndag ettermiddag frakta til Stavanger universitetssjukehus med store skader.
Mannen blei arrestert av politiet, som sikta han for drapsforsøk.
Måndag døydde kvinna, og då endra politiet siktinga til drap.
Mannens forsvarar, Arvid Sjødin, opplyste at klienten avviser å ha brukt vald mot henne. Han er mentalt dårleg og treng behandling, ifølge Sjødin.